Innstilling fra næringskomiteen om fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2010 og fisket etter avtalane i 2008 og 2009

Dette dokument

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Hovudinnhaldet i meldinga

Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg har med andre land. Ei slik melding skal leggjast fram årleg. Meldinga vart for første gong lagt fram i 1995.

Denne meldinga omtalar kvoteavtalane for 2010, og norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar. Den gjer vidare greie for bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar for dei viktigaste bestandane som Noreg deler med andre land. Meldinga omtalar også dei kontrolltiltaka som er sette i verk for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på avtalte kvotar, i tillegg til kontrollsamarbeidet med andre land og tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Til sist gjev meldinga ei oversikt over i kva grad norske og utanlandske fiskarar har utnytta kvotane sine i 2008 og 2009, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i sonene til andre land.

Kvoteavtalane for 2010 finst på Fiskeri- og kystdepartementet sine heimesider: http://www.regjeringen.no/fkd.

1.1.1 Kvoteavtalane for 2010, deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar

I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2010 har partane bestemt ein totalkvote for nordaust-arktisk torsk på 628 000 tonn, som er ein auke frå i 2009. Denne kvoten inkluderer òg kysttorsk. Partane har justert den etablerte forvaltningsstrategien ved at det er lagt inn ein ny mekanisme som skal sikre at kvotefastsetjinga også tek høgde for periodar med sterk vekst og oppskriving av bestanden. Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 83 910 tonn. Med overføring av ein del av den russiske kvoten til Noreg er den samla norske kvoten av torsk nord for 62°N på 271 045 tonn.

Hysebestanden er i god forfatning, og totalkvoten er auka frå 194 000 tonn for 2009 til 243 000 tonn for 2010. Den norske kvoten er på 118 400 tonn etter overføring frå Russland, det vil seie 25 350 tonn meir enn i 2009.

Ei hovudsak for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2009 har, som i 2008, vore arbeidet for ein styrka kontroll med uttak og omlasting av fisk i Barentshavet. Torskebestanden i nord er i god forfatning, og for 2009 vart det ikkje registrert noko overfiske i Barentshavet.

I forhandlingane om ein kvoteavtale mellom Noreg og EU for 2010 vart kvoten på torsk i Nordsjøen sett til 33 552 tonn. Det er ein auke frå 2009. Dette er i tråd med den reviderte gjenoppbyggingsplanen. Kvoten må også sjåast i samanheng med arbeidet for å betre beskatningsmønsteret for i praksis å redusere det reelle uttaket av torsk.

For makrell lykkast partane enda ikkje å einast om ein avtale for 2010. Noreg og EU inngjekk ein bilateral avtale og har starta arbeidet med forhandlingar om ein ny kyststatsavtale som inkluderer Færøyane og Island, med Russland som observatør.

Noreg har for 2010 inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen. Noreg har vidare inngått tosidige kvoteavtalar for 2010 med Færøyane og Grønland. Det er for 2010 også utveksla kvotar med Island i tråd med «Smottholsavtalen» og den tilhøyrande tosidige avtalen, medan også trepartsavtalen er vidareført mellom Noreg, Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen.

Det vart også i 2009 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland, og ein firepartsavtale for kolmule vart underteikna for 2010.

Partane i NEAFC (Den nordaustatlantiske fiskeriorganisasjonen) er einige om reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet og Norskehavet i 2010, og har forplikta seg til ikkje å fastsetje større kvotar enn tidlegare år. Noreg har ikkje fiska på kvoten i 2009.

Noreg har også i 2009 vore representert i ulike møte i globale og regionale fiskeriforvaltnings- og verneorganisasjonar som CCAMLR (Konvensjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis), ICCAT (Den internasjonale konvensjonen for bevaring av atlantisk tunfisk) og SEAFO (Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen).

Noreg har også i 2009 vore aktiv i ulike møte i både IWC (Den internasjonale kvalfangstkommisjonen),og NAMMCO (Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen).

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES. For alle dei viktigaste fellesbestandane har vi etablert langsiktige forvaltningsplanar.

Noreg har i ei årrekkje hatt kontrollavtalar og avtalar om gjensidig satellittsporing med dei viktigaste samarbeidspartane i fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU-landa.

Norske styresmakter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon.

Norsk hausting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestandane torsk og hyse nord om 62ºN godt i 2008 og 2009.

I Nordsjøen vart dei norske kvotane av fellesbestandane makrell og sild hausta i 2008, men fisket etter makrell vart i 2009 sterkt hindra grunna EU sitt vedtak om å stengje si sone for fiske av norske fartøy. Seikvoten vart ikkje oppfiska, verken i 2008 eller 2009.

I EU sitt farvatn vart den norske kolmulekvoten utnytta godt begge åra, medan norske linefartøy utnytta store delar av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme både i 2008 og 2009. I færøyske farvatn har norske fartøy fiska 35 pst. av botnfiskkvoten i 2009, medan utnyttingsgraden var høgare i 2008 (46 pst.).

På grunn av for låg gytebestand har det ikkje vore grunnlag for å opne loddefiske for sesongen 2008/2009 ved Island. I 2010 vert loddefisket opna ved Island. I Barentshavet vart det i 2009 opna for loddefiske for første gongen på fem år.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 2008 og 2009.

Utanlandsk hausting av kvotar

Når det gjeld forvaltninga av norsk vårgytande sild vart kyststatane einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet til 2008. Det vart opna for å føre over inntil 10 pst. av ubrukt kvote til neste år. Det vart også gitt tilgang til å forskottere inntil 10 pst. på neste års kvote. Alt fiske utover kvoten skal trekkjast frå kvoten neste år. Alle landa har, med unntak av Russland, fiska på forskot på 2010-kvoten. Dette skal trekkjast frå dei respektive kvotane for 2010.

Når det gjeld utanlandsk hausting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62°N er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.

Russland utnytta 38 pst. av torskekvoten i norsk økonomisk sone (NØS) i 2008, i 2009 utnytta dei 41 pst. Russland hadde ei utnytting av sin kvote av hyse i NØS på 70 pst. i 2008. I 2009 fiska Russland heile hysekvoten sin i NØS. Dei fiska om lag 136 077 tonn og 112 929 tonn norsk vårgytande sild i NØS i 2008 og 2009.

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell, kolmule og tobis. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av torske- og seikvotane sine i Nordsjøen. Haustinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak har også vore gjennomgåande høg for EU.

Island hausta både torskekvoten og sildekvoten i NØS nord for 62°N i 2008 og 2009.

1.2 Nærare om enkelte tema i meldinga

1.2.1 Overordna hovudliner i fiskeri-sambarbeidet med omverda

Som betydeleg havnasjon har Noreg eit stort ansvar for, og viktige interesser i, korleis det internasjonale samfunnet sitt forhold til bruk og vern av havet utviklar seg. Dei viktigaste utfordringane er å få gjennomslag for føre-var-prinsippet, prinsippet om berekraftig bruk og økosystembasert forvaltning.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessar og internasjonale ressursforvaltningsfora:

  • Å fremje norske prinsipp for forvaltning av levande marine ressursar, i første rekkje prinsippet om berekraftig forvaltning basert på best tilgjengeleg vitskapleg kunnskap og prinsippet om økosystembasert forvaltning.

  • Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar, i første rekkje basert på sonetilhøyrselprinsippet.

  • Å sikre ein tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltningsregime som Noreg deltek i.

Det er særleg tre saksfelt som har fått mykje merksemd dei seinare åra. Det første er kampen mot ulovleg, urapportert og uregistrert fiske. Dette er ei sak regjeringa har arbeidd med i fleire år, og dette arbeidet vil halde fram. For det andre har Noreg i 2008 og 2009 særleg sett utkast av fisk på dagsordenen. Eit tredje område det er naturleg å omtale særskilt er internasjonale havmiljøprosessar der Noreg etter kvart har fått ei sentral rolle.

Etter FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982 har kyststatane suverene rettar til å utnytte ressursane i havet innanfor dei økonomiske sonene. Dei kyststatane som deler ein eller fleire fiskebestandar skal samarbeide om regulering og vern av bestandane. Ein omfattande del av norsk fiske skjer på bestandar som vi deler med andre land.

I mange år har den største utfordringa i forvaltningssamarbeidet mellom Noreg og EU vore at partane til dels forvaltar nordsjøbestandane på ulik måte. Noreg har eit utkastforbod i sine fiskerireguleringar, og har innført reguleringar for å unngå uønskt bifangst. Fiskarar frå EU er derimot pålagde å kaste ut fisk som er under gjeldande minstemål, fiska i strid med gjeldande bifangstreglar eller er av ein art der kvoten allereie er oppfiska.

Undersøkingar viser at fisk som vert kasta ut berre unntaksvis overlever. Utkast av fisk er derfor å sjå på som ei sløsing med ressursar. I tillegg vil ikkje fisken som vert kasta ut verte registrert i fangststatistikken, noko som gjev havforskarane eit mangelfullt talgrunnlag å basere bestandsestimata sine på.

Noreg innførte eit utkastforbod allereie i 1987. I starten omfatta forbodet kun torsk, men det har sidan blitt utvida til å gjelde alle kommersielt viktige bestandar. Det er eit viktig element i det norske ut-kast-regimet at det ikkje er ulovleg å lande ulovleg fanga fisk, men forvaltninga reagerer mot ulovleg fanga fisk med administrativ inndraging av fangst. Dei to siste åra har Noreg meir enn før retta merksemda mot utkast i andre land, særleg utkast frå EU-fartøy. Målet har vore å redusere risikoen for utkast og bidra internasjonalt med våre erfaringar i samband med eit utkastforbod. Dette viste seg særleg i forvaltningssamarbeidet mellom Noreg og EU for 2009, der partane vart einige om ei rekkje tiltak som straks og på lengre sikt vil redusere utkastproblemet, særleg i Nordsjøen.

Samtidig har Noreg teke initiativ for å få denne saka på dagsordenen globalt. Det første initiativet var under forhandlingane om fiskeriresolusjonen i generalforsamlinga i FN hausten 2008. Etter eit norsk forslag vart det her semje om ein paragraf om ein handlingsplan mot utkast. Generalforsamlinga til FN bad FAO sin fiskerikomité (COFI) i 2009 om å vurdere ein handlingsplan mot utkast.

Noreg ønskjer også å fremje liknande tiltak i re-gio-nale fiskeriforvaltningsorganisasjonar. Eit viktig steg i den retninga var at årsmøte i den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) i november i 2009 vedtok utkastforbod i internasjonalt farvatn på dei viktigaste artane som vert regulerte av NEAFC.

FN-konferansen for miljø og utvikling i 1992 (UNCED) oppmoda om å forhandle fram ei presisering av det globale regimet om fisket utanfor dei økonomiske sonene. Under generalforsamlinga vart det i 1993–1995 framforhandla ein FN-avtale om fiske på det opne havet (UN Fish Stocks Agreement). Avtalen pålegg statane å bruke ei føre-var-tilnærming i fiskeriforvaltninga og viser til omsynet til bevaring av biodiversitet og økosystembasert forvaltning. Føre-var-tilnærminga skal skje ved å innføre referansepunkt i form av mål for bestandsstorleik for ulike bestandar. I det nordaustatlantiske området har ICES leia dette arbeidet.

Generalforsamlinga i FN vedtek årlege resolusjonar om havmiljø og fiskerispørsmål som mellom anna gjev overordna retningslinjer for korleis statar og regionale organisasjonar bør forvalte det marine miljøet. Eit tema som har blitt diskutert i mange fora internasjonalt sidan hundreårsskiftet, er fiske ved og øydelegging av sårbare økosystem (f.eks. korallar).

1.2.2 Arbeid mot illegalt, urapportert og uregulert fiske

Ulovleg, urapportert og uregulert (UUU) fiskeriaktivitet er ei global, regional, nasjonal og lokal utfordring for ei forsvarleg utnytting av fiskebestandane og for marine økosystem. Den overnasjonale karakteren som UUU-aktiviteten har gjer at vi må ha ei brei tilnærming til desse spørsmåla.

Den nye havressurslova tok til å virke 1. januar 2009. Det er eit sentralt mål og eit viktig tiltak å få innarbeidd denne lova i fiskeriforvaltninga gjennom føresegnsarbeid. Den nye lova inneheld også nye heimlar i kampen mot UUU-fiske.

Frå 1. januar 2009 har Fiskeridirektoratet igjen hatt i drift ein tips- og beredskapstelefon.

Kontroll- og overvakingssenteret til Fiskeridirektoratet (FMC Norway) vart sett i drift 29. mai 2009. Senteret samordnar et rekkje kontroll- og overvakingsoppgåver.

Noreg rår over ei rekkje maritime sporings- og rapporteringssystem under ulike etatar. Desse systema må vi sjå i samanheng, og dei må utnyttast for å oppnå maksimal verknad. Det er eit klart mål å få så godt oversyn over UUU-fisket som mogleg. Satellittsporing av fiskefartøy er svært viktig og det blir arbeidd for å få på plass ein fast avtale om utveksling av sporingsdata med RusslandEU vedtok ei rådsregulering den 29. september 2008 om å etablere eit system for å nedkjempe UUU-fiske. Reguleringa tok til å virke 1. januar 2010. Dette inneber mellom anna at det må skrivast ut fangstsertifikat for villfanga fisk som skal eksporterast til EU. Sertifikatet skal følgje produkta heilt til dei blir omsette i marknaden.

For å lukkast i arbeidet mot urapportert fiske er det viktig at EU endrar utkastpraksisen sin, som inneber stor uregistrert fiskedød. I samband med innarbeidinga av EUs forordning om UUU-fiske er det inngått ein avtale (MoU) med EU om fangstsertifikat. Elektronisk fangstdagbok vil bli innarbeidd i regelverket i store deler av Europa i løpet av 2010.

Kontrollavtalar er nyttige verktøy i kampen mot UUU-fiske, og Noreg ønskjer å inngå nye avtalar med Senegal og Kina. Det er også ønskjeleg å følgje opp eksisterande avtalar med Tyskland, Frankrike, Polen, Irland, Grønland, Island og Færøyane. Særleg viktig er det å utveksle kompetanse og utvikle gode rutinar for handtering av risikoobjekt knytt til UUU-fiske.

Det finst også generelle fiskeripolitiske avtalar (MoUar) med Canada, USA, Sør-Korea, Kina og Japan og det bør vurderast om kontrollsamarbeid med desse statane kan utviklast under dei eksisterande avtalane.

Gjennom NEAFC ønskjer vi å styrkje regelverket om landingskontroll og sporing av fisk og fiskeprodukt. Eit anna viktig spørsmål som må drøftast i NEAFC er svartelistingssystemet for NEAFC-medlemsstatar.

Systematiske UUU-aktivitetar i stor skala er prega av enkelte store internasjonale kriminelle aktørar. I arbeidet mot desse nettverka må det leggjast til rette for samarbeid mellom politiet i seljar- og kjøparland for å etterforske eventuelle kriminelle tilhøve.

I generalforsamlinga i FN sin fiskeriresolusjon frå 2008 blir det peika på at det kan vere sambandslinjer mellom UUU-verksemd og annan grenseoverskridande organisert kriminalitet. For å ha ei heilskapleg tilnærming til UUU-spørsmåla må vi ta dette poenget med i vurderinga av framtidige tiltak.

I 2007 var det eit arbeidsmøte mellom IMO (FNs sjøfartsorganisasjon) og FAO om korleis dei to organisasjonane kan samarbeide for å nedkjempe UUU-fiske.

1.2.3 Kontroll av fiske i norske jurisdiksjons-område

I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen saman med Kystvakta og salslaga. Kontrollverksemda til fiskeristyresmaktene vert gjennomførd av Kontrollseksjonen i Fiskeridirektoratet og den ytre etaten til direktoratet med sju re-gion-kontor, inklusive eit inspektørkorps langs kysten.

EU vedtok den 29. september 2008 ein forordning som skal førebyggje, avverge og stanse ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Dette betyr at all import og landingar av fisk i EU frå tredjeland skal ha eit fangstsertifikat etter 1. januar 2010. Avtalen betyr òg at Noreg skal utstede eit norsk fangstsertifikat og at dette skal leggjast med alle norske landingar/eksportforsendelsar til EU etter 1. januar 2010. Dei norske fiskesalgslaga skal etter deira myndighetspålagte kontrollfunksjon som har heimel i havressurslova utstede og godkjenne norske fangstsertifikat. Salslaga har i tillegg hovudansvar for all førstehandsomsetning av fisk i Noreg, og dei utfører ein viktig del av kontrollarbeidet.

I internasjonale samanhengar vert det norske systemet med nært samarbeid mellom Fiskeridirektorat, Kystvakt og salslag ofte framheva som ein særs vellukka modell for god ressurskontroll.

1.2.4 Kontrollsamarbeid

Kontroll med ressursuttaket på felles fiskebestandar krev eit nært samarbeid mellom dei landa som deler ressursane. Eit slikt samarbeid er inngått med begge dei to partane som Noreg deler viktige fiskeressursar med: Russland og EU. Noreg har også inngått avtalar om kontroll direkte med enkelte medlemsland i EU og fleire andre statar. Fiskeridepartementet innførte frå 1. juli 2000 satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 meter, og i løpet av 2010 blir dette gjeldande for alle fangstfartøy over 15 meter. Desse fartøya er underlagte sporing i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon.

1.3 Dei ulike fiskeriavtalane for 2010

Dei viktigaste tosidige forhandlingane for 2010 er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er også ført forhandlingar med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegne av Sverige om ein avtale om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone.

Noreg har i 2009 også samarbeidd med Island og Grønland om gjennomføring av trepartsavtalen om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen og med Island om kvotebyte og oppfølging i tråd med Smottholsavtalen.

Det vart også i 2009 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland. Tidleg på hausten i 2009 vart det underteikna ein kyststatsavtale for 2010.

Noreg tek vidare del i årlege kyststatsforhandlingar om makrell og i forhandlingane om internasjonale makrellreguleringar. Noreg har også vore med i kyststatsforhandlingane som, etter fleire år, endeleg førte til ein avtale om eit internasjonalt forvaltningsregime for kolmule. Avtalen er vidareført mellom Noreg, Island, Færøyane og EU i 2010, og Russland har slutta seg til reguleringa av kolmule i NEAFC-området.

Noreg er medlem av, og tek del i, dei årlege møta i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane NAFO (Northwest Atlantic Fisheries Organization) og NEAFC (North East Atlantic Fisheries Commission). Noreg deltek også i samarbeidet i IWC (International Whaling Commission) og NAMMCO (North Atlantic Marine Mammal Commission) om forvaltninga av kval. Som medlem i CCAMLR (Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources) er Noreg representert på møta til organisasjonen. Noreg tek også del i det internasjonale fiskerisamarbeidet innan organisasjonen ICCAT (International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas), og i den regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen SEAFO (South East Atlantic Fisheries Organization).

Noreg er medlem i Det internasjonale råd for havforsking, ICES. ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gjev regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og statane ved Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av dei marine ressursane og det marine miljøet i området. Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES.

Nitti prosent av dei fiskebestandene Noreg haustar av er delt med andre statar. Frå norsk side prøvar ein difor å sikre forvaltninga i tråd med anbefalingane frå ICES med eit totaluttak av fisk som vil vere bærekraftig over tid.

I Noreg samarbeider fiskerinæringa og myndigheitene om utforminga av reguleringene basert på anbefalingane frå ICES. Det er fiskeri- og kystministeren som tek dei endelege forvaltningsvedtaka og fastset fiskeriforskriftane.

1.3.1 Kvoteavtalane for 2010

Noreg – Russland

I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årlege kvoteforhandlingar om totalkvoter for fellesbestandane i Barentshavet. Fellesbestandane er nordaust-arktisk torsk, nordaust-arktisk hyse og lodde. Partane vart i 2007 einige om å forvalte kongekrabbebestanden kvar for seg i sine respektive økonomiske soner frå og med 2007. Partane er også einige om at resultata frå felles forskingsinnsats som gjeld bestandsvurderingar, migrasjon og innverknaden krabben har på økosystemet framleis skal drøftast på dei årlege sesjonane.

Partane avtalar også fordeling av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Kvoteavtalen for 2010 mellom Noreg og Russland vart underskriven i Sotsji, Russland, 9. oktober 2009.

Noreg har tradisjonelt gitt Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i Noreg si økonomiske sone. Dette er både av biologiske omsyn (større fisk lenger vest), og av kontroll-omsyn som er betre med ei vestleg fordeling av fisket.

Innanfor ramma av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område. Grunna mange effektive tiltak er UUU-fisket i Barentshavet og Norskehavet kraftig redusert dei siste åra. Dette viser at forvaltninga er god i området og at samarbeidet mellom Noreg og Russland fungerar.

Det bilaterale fiskerisamarbeidet med Russland har dei seinere åra oppnådd reell framgang innanfor fleire områder. Dette har blant anna gjeve konkret utslag i redusert overfiske. Ifølgje berekningar gjort av Fiskeridirektoratet har overfisket av torsk i Barentshavet vorte redusert med 84 pst. frå 101 300 tonn i 2005, til om lag 15 000 tonn i 2008. I 2010 tydar rapportane på at det ikkje har vorte overfiska eit einaste tonn torsk i Barentshavet.

1.3.2 Noreg – EU (fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland)

På grunnlag av rammeavtalen med EU om fiskeri, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av Dei britiske øyane og EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg vert også tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn.

Dei seinare åra har det utvikla seg ein situasjon der torskekvoten Noreg tilbyr EU har auka mens bestandar EU gir Noreg som motyting minkar. Dette gjer at Noreg i 2010 held tilbake 4 500 tonn torsk.

Innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet er Noreg i ein prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Det har vore ein tidkrevjande prosess frå einsidige norske merknader i dei årlege kvoteavtalane, til eit meir forpliktande samarbeid for å finne løysingar på problema. Partane har no på plass forvaltningsplanar for sild, sei, torsk og hyse som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar.

EU praktiserer eit utkastpåbod, medan utkast av fisk er forbode i Noreg. Ei løysing på utkastproblemet har vore ei hovudutfordring for Noreg og EU. I avtalen for 2009 blei det avtalt mange tiltak for å redusera utkast. Partane blei 3. juli 2009 einige om eit system for opning og stenging av felt for å beskytte yngel og småfisk. Dette har vore i gang sidan 1. september 2009 og skal evaluerast grundig i juni 2010.

Gjensidig satellittsporing vart innført 1. januar 2000. Frå 1. februar 2004 vart det innført like prosedyrar for landing og veging av pelagiske fangstar og eit standard vasstrekk frå slike fangstar på 2 pst.

Etter fire forhandlingsrundar underteikna Noreg og EU, i Brussel 26. januar 2010, ein kvoteavtale for 2010.

1.3.3 Noreg – Færøyane

Dei årlege avtalane mellom Noreg og Færøyane opnar for eit gjensidig fiske i sonene til kvarandre. Kvoteavtalen mellom Noreg og Færøyane for 2010 vart inngått i Oslo 13. januar 2010. For å sikre ei rasjonell utnytting av kvotane har Noreg i ei rekkje år gitt Færøyane høve til å fiske delar av dei kvotane dei har fått av Russland, i Noreg si økonomiske sone.

1.3.4 Noreg – Grønland

Det har vorte forhandla fram årlege fiskeriavtalar mellom Noreg og Grønland sidan 1991. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite, uer og torsk av størst verdi. Dei reelle fiskemoglegheitene for norske fiskarar i Grønland si fiskerisone betra seg betydeleg samanlikna med 2009. Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005.

1.3.5 Noreg – Island

Smottholsavtalen med tilhøyrande protokoll gjeld til utgangen av 2010, ettersom den automatisk vart forlenga for ein ny fireårsperiode fra 2007, då ingen av partane i 2006 ønska å benytte avtalen sin moglegheit til å seie opp eller åpne for reforhandlingar av Smottholsavtalen. Partane kan anmode om revisjon av avtalen og/eller protokollene. Innan 1. juli 2010. Ein part som har sett fram anmodning om revisjon innan fristen kan eventuelt seinere seie opp avtalen, innen 1. oktober 2010. Dersom det ikkje blir bedt om revisjon innen fristen vil avtalen løype ut 2014.

1.3.6 Noreg – EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)

Noreg og EU vart 26. januar 2010 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2010. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar.

Ifølgje Skagerrak-avtalen, som er frå 1966, er havet utanfor 4 nautiske mil å sjå på som ope hav. I dag har Noreg 12 nautiske mils-territorialfarvatn og økonomisk sone utanfor det. Det finst såleis ikkje ope hav i Skagerrak. Noreg har difor starta ein prosess med sikte på å endre rammeverket, slik at det vert i tråd med moderne havrett. Som ein start på dette sa Noreg opp Skagerrak-avtalen i 2009. Overeinskomsten opphøyrar 7. august 2012.

1.3.7 Forvaltninga av norsk vårgytande sild

Norsk vårgytande sild (NVG-sild) er den største fiskebestanden i Nordatlanteren og den største sildebestanden i verda.

18. januar 2007 vart det underteikna ein ny kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvalting av NVG-silda for 2007. Denne avtalen gav Noreg 61pst. av NVG-silda. Avtalen inneheldt òg ein langsiktig forvaltningstrategi. Partane var også samde om bilaterale avtalar om sonetilgang.

1.3.8 Forvaltninga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Island valde 30. oktober 2002 å seie opp trepartsavtalen med Noreg om regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen. En ny avtale vart underteikna 9. juli 2003. Hovudendringa var at avtalen gjeld for eitt år om gongen, framfor tre år i den gamle avtalen. Neste frist for å seie opp avtalen er 30. november 2010.

1.3.9 Forvaltninga av kolmule

Noreg, EU, Færøyane og Island har inngått ein kyststatsavtale om forvaltninga av kolmule i 2010. Noreg og EU er einige om å oppretthalde den gjensidige sonetilgangen for 2010 på same nivå som i 2009. Dette inneber at norske fartøy kan halde fram med å fiske 68 pst. av den norske kyststatskvoten i EU-sona. I kyststatsavtalen har norske fartøy òg fått auka sonetilgang til færøysk sone i 2010.

1.3.10 Forvaltninga av makrell

På bakgrunn av ekspansjonen i det uregulerte makrellfisket i internasjonalt farvatn, fremma Noreg, EU og Færøyane eit felles forslag om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn, på det ekstraordinære årsmøtet i NEAFC 8.–9. februar 1999. Forslaget vart vedteke mot stemmene til Russland og Island.

Sjølv om partane har inngått avtalar om makrell i åra etter 1999, har det heile tida vore usemje mellom Noreg og EU om forvaltningsregimet for makrell. Hovudproblemet er deling av kvoten mellom partane. Til no har Noreg og EU berre avtalt årlege ad hoc-arrangement for makrellen.

1.3.11 Forvaltninga av uer

Det finst tre artar av uer i det nordaustlege Atlanterhavet, der to er av kommersiell interesse. Det er størst merksemd knytt til snabeluer-bestandane i Irmingerhavet og i Norskehavet, som vert utnytta av fleire statar.

Partane i prosessen om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane og ikkje-kyststatane EU, Noreg og Russland. Det er inga formell semje om fordelinga, men det finst ein ad hoc fordelingsnøkkel frå 1996, som nokre av partane delvis har basert seg på. I og med at enkelte statar fastsette større kvotar enn dei burde, vart det samla uttaket også i 2008 altfor høgt.

ICES tilrår nullfiske av snabeluer i Norskehavet i mangel av ein gjenoppbyggingsplan. Den norske haldninga var og er at det er viktig av omsyn til bestanden å få regulert dette fisket.

Ei uavhengig utgreiing vart sett i gang av NEAFC i 2008 med tanke på å etablere eit vitskapleg fundament for ein fordelingsnøkkel. Rapporten konkluderte med at sonetilhøyrsla til Noreg ligg på minst 90 prosent. Noreg inviterte dei andre NEAFC-partane til drøftingar om fordeling hausten 2009, utan at ein vart samde.

1.3.12 NAFO, NEFAC, IWC og NAMMCO

Det overordna målet til Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO) er å bidra gjennom konsultasjonar og samarbeid, til langsiktig bevaring, optimal utnytting og rasjonell forvalting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. NAFO har i 2010 12 medlemsland, mellom anna frå Nord-Amerika, Asia og Karibia. Fire av medlemslanda er kyststatar til konvensjonsområdet: USA, Canada, Frankrike og Danmark.

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen, NEFAC, har som formål å sørgje for ei langsiktig bevaring og optimal utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. For å oppnå formålet skal kommisjonen sørgje for at forvaltninga er basert på den best tilgjengelege vitskapelege kunnskapen og ei føre-var-tilnærming.

NEAFC har i første rekkje ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partane sine økonomiske soner og ope hav. Det gjeld makrell, kolmule, norsk vårgytande sild og uer. Det vert gjort kyststatsavtalar for desse bestandane.Partane til NEAFC er Danmark, EU, Island, Noreg og Russland.

Under årsmøtet i 2009 vedtok NEAFC eit forbod mot utkast i NEAFC sitt reguleringsområde for dei viktigaste artane som vert regulerte av NEAFC i anneks I A i kontroll- og handhevingsregimet.Vedtaket har formelt trådd i kraft 3. mars 2010. EU stemte i mot anbefalingen, og vedtaket er difor ikkje bindande for EU.

Noreg er medlem av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen, IWC, som regulerer fangst av større kvalartar. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot dette forbodet, og er difor ikkje bunden av det. Hovudsaka i IWC er no diskusjonen om kva som skal vere IWC si oppgåve i framtida. Det er uklart om det kan bli semje om noko som helst. Noreg kan vanskeleg gå med på kompromiss som ikkje opnar for at IWC igjen tek til med å forvalte kvalressursane.

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen, NAMMCO, vart etablert i 1992. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men studiane og samarbeidet omfattar òg dei store kvalartane. Noreg er saman med Færøyane, Grønland og Island medlem i kommisjonen. Danmark, Russland, Canada og Japan møter regelmessig som observatørar, og Canada og Russland tek aktivt del i arbeidet i arbeidsgrupper.

1.4 Bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltingsplanar

1.4.1 Bestandsutrekning

Bestandsutrekning inneber vanlegvis å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fangststatistikk og data frå vitskaplege tokt. Dei viktigaste datakjeldene i slike modellar er:

  • fangststatistikk med stikkprøver av alderssamansetjing (skal fortelje kor mykje som er blitt fiska i løpet av året av dei ulike årsklassane)

  • toktdata (fortel om relative endringar i talet på fisk i kvar aldersgruppe i forhold til året før)

Utfallet av denne bestandsutrekningen er at ein har grunnlag for rådgjeving om fiskekvotar. Den er elles viktig for meir grunnleggjande forsking på tilhøve som avgjer storleiken på bestanden, rekruttering osv.

For dei fleste bestandar av interesse for Noreg vert desse utrekningane gjort i samarbeid med forskarar frå fleire land i arbeidsgrupper innanfor Det internasjonale råd for havforsking, ICES. I Noreg brukar ein hovudsakleg modellar der føresetnaden er at både fangstane og toktdata ligg føre som tal på fisk fordelt på alder.

1.4.2 Forvaltingsplanar og rådgjeving

Det finnes ulike forvaltingsmålsettingar nedfelt i forvaltningsplanar. Desse kan vere tidsavgrensa eller permanente. I begge tilfelle bør det vere mogleg å revidere planen undervegs.

Det er eit langsiktig mål for norske fiskeristyresmakter at forvaltninga skal baserast på meir heilskaplege forvaltningsplanar enn dei vi har i dag, der det ikkje berre vert teke omsyn til biologiske, men også til økonomiske og andre relevante faktorar.

I ein forvaltningsplan er berekraft ei grunnleggjande norm.

1.4.3 Tilstandsrapportar og rådgjeving for dei viktigaste fiskebestandane i norske farvatn

Noreg haustar i alt 2–3 millionar tonn årleg frå om lag 90 ulike bestandar til ein førstehandsverdi av 12 mrd. kroner. Her er omtalt nokre av dei økonomisk viktigaste bestandane.

Nordaust-arktisk torsk

Bestanden er utbreidd i heile Barentshavet opp til polarfronten. Frå 2005 til 2007 gjekk fangsten ned frå om lag 640 000 tonn til snaue 500 000 tonn. Her er det lagt til grunn tal for eit urapportert overfiske, noko som er omstridt.

For perioden 2002–2005 er det ifølgje Fiskeridirektoratet berekna eit årleg urapportert overfiske på 100 000 tonn. For 2006 var talet 80 000 tonn, i 2007 på 40 000 tonn og i 2008 på 15 000 tonn. Talet har minka ytterlegare for 2009. Dette er ein kraftig nedgang i overfisket, noko som dels heng saman med innføringa av NEAFC sitt hamnestatsregime frå 1. mai 2007, aktivt bilateralt samarbeid og auka merksemd om problemet både i næring og opinion.

Bestanden minka frå 1993 til 1999. Den auka att fram til 2003, og var stabil i perioden 2003–2007, før ein fekk ei auke frå 2007 til 2010. Ein viktig grunn til auken etter 1999 er truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria. Gytebestanden er i dag høg samanlikna med det han var i åra 1950–1990. Tidlegare kjønnsmodning er ein viktig grunn til dette.

Lodde i Barentshavet

Storleiken på loddebestanden og framlegg til kvote basert på haustingsregelen vert utarbeidde av norske og russiske forskarar etter økosystemtoktet i august-september. Delingsforholdet mellom Noreg og Russland for denne kvoten er 60 pst. til Noreg. Frå og med 2005 har denne gruppa rapportert til ICES’ Arctic Fisheries Working Group.

Biomassen til loddebestanden vart mykje redusert frå 2002 til 2003, og situasjonen må kallast eit bestandssamanbrot. I 2004 og 2005 held han seg på eit lågt nivå, men har sidan vore i vekst. Rekrutteringa har svikta dei siste åra, men teke seg opp etter 2004.Den modne delen av bestanden vart hausten 2009 målt til 2,3 millionar tonn. Basert på dette fastsette Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen ein totalkvote for vinteren 2010 på 360 000 tonn, i tråd med tilrådinga frå ICES.

Norsk vårgytande sild

Den vaksne bestanden av norsk vårgytande (NVG) sild er på årlege vandringar som dekkjer store deler av det nordlege Atlanterhavet. Frå vinteren 2001/2002 til vinteren 2006/2007 har bestanden i aukande grad overvintra i havet nord og nordvest for Vesterålen. Det er Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland som fiskar på denne sildebestanden. Silda oppheld seg for det meste i norske farvatn, og Noreg er også største fiskerinasjonen.

Etter det totale bestandssamanbrotet på slutten av 1960-talet vart bestanden bygd opp att til det som kan kallast historiske nivå. Oppbygginga gjekk sakte, og først rundt 1997 var fangsten tilbake på eit nivå som likna situasjonen før samanbrotet. I 2010 er gytebestanden rekna å vere om lag 12,2 millionar tonn, ein liten reduksjon i forhold til året før.

Dei norske fangstane vert tekne i overvintringsområda og på gytefeltet med varierande fordeling mellom dei to områda frå år til år. Russland fiskar det meste av sin kvote i norske farvatn. I 2009 fiska Island meir i eiga sone, men også i norsk sone.

ICES har tilrådd eit fiske på 1 483 000 tonn for 2010. Det vart semje mellom kyststatane om ein totalkvote på 1 483 000 tonn for 2010 og ei fordeling av den totale årlege fangsten.

Makrell

Den nordaustatlantiske makrellbestanden består av tre gytekomponentar: sørleg makrell, vestleg makrell og nordsjømakrell. Vestleg og sørleg makrell er på eit relativt høgt nivå, medan nordsjøkomponenten framleis er på eit lågt nivå. Gytebestanden har auka med 40 pst., frå 1,7 millionar tonn i 2002 til rundt 2,5 millionar tonn i dei siste åra. Bestandsmålingar vert utførte kvart tredje år, og i 2008 vart nordsjøbestanden målt til å vere berre 5 pst. av nivået på 1960-talet.

Uttaket frå bestanden er større enn det som vert landa, i og med at det vert dumpa og sleppt makrell på feltet. Det fører til auka dødsrate.

Analysar viser at dette uttaket har vore så stort at totalfangsten sannsynlegvis har vore minst 60 pst. høgare enn oppgjeve. Innan pelagisk sektor tyder tilbakemeldingar frå norske og samarbeidande lands kontrollstyresmakter på at det urapporterte fisket av makrell er sterkt redusert, spesielt dei siste åra.

Den vestlege komponenten utgjer ca. 85 pst., og nordsjøkomponenten har vore låg (1–5 pst.) heilt sidan han vart fiska ned på byrjinga av 1970- talet. På grunn av problema med fangsttala vert utrekningane av gytebestanden svært usikre. Gytebestanden vart vurdert til 2,4 millionar tonn i 2009. Avtalen mellom kyststatane vart revidert hausten 2008. Den reviderte forvaltingsplanen blei i 2009 evaluert av ICES og funnet å vere i samsvar med føre-var-prinsippet viss TAC svarar til totalt uttak frå bestanden.

Kolmule

Kolmulebestanden nådde toppen i 2003, og er nå raskt på veg nedover. Situasjonen med sterke årsklasser år etter år ser ut til å vere dramatisk endra og årsklassene som vart gytt i 2005–2008 ser ut til å vere blant dei svakaste som er observert. Gytebestanden er venta å vere litt høgare enn føre-var-grensa på 2,25 millionar tonn i starten av 2010.

Etter ein svært langvarig forhandlingsprosess vart kyststatane (Noreg, EU, Færøyane og Island) den 16. desember 2005 samde om forvaltninga og fordelinga av kolmule frå 2006 og framover. Denne sameinte planen vart revidert i 2008 og evaluert av ICES i 2009. Den reviderte forvaltingsplanen blei stadfesta av ICES å vere i samsvar med føre-var-prinsippet.

Det er uråd å unngå nedgang i bestanden dersom rekrutteringa ikkje vert høgre.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Else-May Botten, Lillian Hansen, Arne L. Haugen, Ingrid Heggø og lederen Terje Aasland, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Harald T. Nesvik og Torgeir Trældal, fra Høyre, Svein Flåtten, Frank Bakke-Jensen og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Sosialistisk Venstreparti, Alf Egil Holmelid, fra Senterpartiet, Irene Lange Nordahl, og fra Kristelig Folkeparti, Rigmor Andersen Eide, har merket seg at regjeringen i meldingen gir en god situasjonsbeskrivelse både når det gjelder det arbeidet som norske myndigheter og underliggende etater gjør for å sikre norske fiskeriinteresser internasjonalt, og det å jobbe for en bærekraftig høsting av havets ressurser. Norge er medlem av en rekke internasjonale organisasjoner og komiteer som er med på å påvirke hvordan de enkelte fiskebestandene kan beskattes på en mest mulig optimal måte.

Komiteen viser til at Norge har sørget for en god fiskeriforvaltning som er formet av måtehold og langsiktig tenkning. Komiteen registrerer at denne forvaltningen har ført til at eksempelvis torskebestanden er den største siden 1940-årene.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, vil påpeke at regjeringen har vært aktiv når det gjelder å få endret EUs forbud mot import/omsetning av selprodukter, både overfor relevante organer og med hensyn til et eventuelt saksanlegg for WTO.

Flertallet har merket seg at regjeringen har satt kampen mot UUU-fisket øverst på prioriteringslisten og at i den nye havressursloven er strafferammen skjerpet. Flertallet har også registrert at mange av de tiltakene som utkastkommisjonen foreslo i 2004, senere er fulgt opp med blant annet betydelige midler til ressurskontroll.

Flertallet har merket seg at det har vært god dialog mellom Norge og EU for å endre EUs utkastpraksis. I samband med innarbeiding av EUs forordning om UUU-fiske er det inngått en avtale (MoU) med EU om fangstsertifikat. Elektronisk fangstdagbok vil bli innarbeidet i regelverket i store deler av Europa i løpet av 2010.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti vil imidlertid påpeke at når det gjelder det å få frem det norske synet innen hvalfangst og selfangst, så ser dette ut til nesten å gå i motsatt retning av det en prøver å få til. Det gir grunn til bekymring for den fremtidige selfangsten, og den nødvendige beskatningen av disse dyrene, når EU nå har innført sitt totalforbud for omsetning av selkjøtt og selprodukter i sin helhet.

Disse medlemmer har videre med tilfredshet merket seg de senere års positive utvikling når det gjelder arbeidet med å få kontroll med det ulovlige, urapporterte og uregulerte (UUU)-fisket i våre nære farvann. Det ser nå ut til at samarbeidet særlig med Russland og EU er vellykket, men en har stadig en vei å gå før en kan si seg helt fornøyd. Dette er et svært viktig arbeid dersom en skal kunne ha et best mulig beslutningsgrunnlag for hvor stort uttak den enkelte bestand tåler, samtidig som at en har kontroll på hvor mye som faktisk blir fisket. I dette arbeidet er sporbarhet og ikke minst god kontroll av stor betydning.

Skal man klare å få til en god nok kontroll i de enorme havområdene som Norge besitter, mener disse medlemmer at man er avhengig av en kystvakt som har flest mulig seilingsdøgn, og ikke blir liggende til kai for å spare penger, samtidig som at vi må ha en informasjonsutveksling med andre lands myndigheter hva gjelder utenlandske fartøy som opererer i norske farvann. Når det gjelder EUs utkastpåbud hva gjelder fangst som ikke er i samsvar med gjeldende kvote, så er dette et system norske myndigheter må arbeide for at EU avskaffer. Den fisken som blir kastet ut igjen, er allerede død. Det blir heller ikke tilstrekkelig registrert hvor mye dette gjelder, og følgelig vil det ikke være samsvar mellom det som man i utgangspunktet mener kan fiskes av de enkelte bestander, og det som faktisk tas opp.

Fiskeriavtalen mellom Norge og EU

Komiteen har merket seg at Norge og EU har en omfattende avtale på en rekke fellesbestander, og de aller fleste av disse avtalene er det knyttet relativt små problemer til. I forbindelse med fastsettelsen av hvor mye partene skal kunne høste av de enkelte bestandene, så finner dette som regel sin form gjennom det ordinære forhandlingsapparatet.

Året 2009 ble en utfordring knyttet til gjennomføringen av makrellfisket i Nordsjøen da EU, uten forvarsel, besluttet å utestenge norske fartøy fra fiske etter makrell i EUs sone til tross for at det var avtalefestet at en del av den norske kvoten skal kunne fiskes i denne sonen. Dette er en gjensidig avtale som også gir EU-fartøy rett til å ta en andel av sin kvote i norsk sone. Bakgrunnen for at dette problemet oppstod, var nok at makrellen i 2009 gikk mye raskere inn i EU-farvann enn det som har vært tilfellet tidligere. Dette er en tendens som også holdt seg oppe under årets makrellfiske. Etter en relativt sett lang runde med forhandlinger kom en så frem til en avtale på dette punktet. Sesongen var da allerede over for de norske fiskerne, og en besluttet derfor at den delen av kvoten som ikke kunne fiskes med bakgrunn i striden med EU, ble overført til 2010.

Fiskeriavtalen mellom Norge og Russland

Komiteen vil videre vise til at Norge også har en rekke fiskeriavtaler med andre land. De viktigste avtalene i den sammenheng er selvfølgelig avtalene med Russland som knytter seg opp imot fiskebestandene i Barentshavet. Dette gjelder særlig den felles forvaltningen av den nordøst-arktiske torskebestanden, nordøst-arktisk hyse og lodde. Dette er bestander som har svært stor betydning for den norske fiskeflåten, fiskeindustrien og ikke minst Norge som fiskerinasjon. Det er viktig at en klarer å fastsette en optimal kvote slik at en sikrer en bærekraftig høsting av den enkelte bestand, men også klarer å se de enkelte bestander i en sammenheng. Komiteen mener den felles forvaltningen med Russland ser ut til å fungere godt og at bortimot alle bestander er i god forfatning i det felles forvaltningsområdet.

Andre fiskeriavtaler

Når det gjelder andre fiskeriavtaler Norge har med andre land, er det særlig avtalene med Island, Færøyene og Grønland som er av stor betydning. Komiteen vil i den forbindelse bare vise til at det er viktig å ha en felles forståelse for hvor mye som kan høstes av den enkelte bestand.

I den forbindelse vil komiteen uttrykke sin bekymring over at det enda ikke er på plass en klar omforent kystavtale når det gjelder makrell.

Komiteen viser til at på NVG-sild har Norge avtalt en kvote basert på en omforent forvaltningsstrategi som skal sikre forsvarlig uttak av bestanden.

Komiteen foreslår at meldingen vedlegges protokollen.

3. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å fatte følgende

vedtak:

Meld. St. 18 (2009–2010) – om fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2010 og fisket etter avtalane i 2008 og 2009 – vedlegges protokollen.

Oslo, i næringskomiteen, den 25. november 2010

Terje Lien Aasland

Harald T. Nesvik

leder

ordfører