5.1 Sammendrag

Kap. 1350 Jernbaneverket

På grunn av dei endra inntektsoverslaga på kap. 4350 post 2 Sal av utstyr og tenester mv., som er knytt til drift og vedlikehald, foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 1350 post 23 Drift og vedlikehald, med 50 mill. kroner, jf. omtalen av kap. 4350 post 2.

Kap. 1351 Persontransport med tog

I tilknyting til kjøpsavtalen har det har vore ein del uoppgjorde saker mellom Samferdselsdepartementet og NSB AS som partane har avklart med eit nulloppgjer. Nulloppgjeret inneber at løyvinga for 2010 kan reduserast. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1351 post 70 Kjøp av persontransport med tog, med 51,1 mill. kroner.

Kap. 4350 Jernbaneverket

Jernbaneverket har inntekter frå sal av varer og tenester. Det er knytt utgifter til desse inntektene. Inntektene varierer frå år til år, noko som gjer det vanskeleg å fastsetje nivået ved budsjetteringa.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4350 post 2 Sal av utstyr og tenester mv., med 50 mill. kroner.

5.2 Komiteens merknader

Komiteen har ingen merknader og støtter regjeringens forslag.