I proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet 2010.

Kap. 2426 SIVA SF

Post 90 Lån, overslagsløyving

Ved saldering av budsjettet for 2010 la ein til grunn at SIVA ville refinansiere eit lån som hadde forfall i september. På grunn av god likviditet fann SIVA at det ikkje var nødvendig å ta opp nytt lån.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 60 mill. kroner, frå 100 til 40 mill. kroner.

Kap. 5326 SIVA SF

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån til SIVA frå statskassa. SIVA har innbetalt to lån på til saman 80 mill. kroner i 2010.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke inntektsløyvinga med 40 mill. kroner, frå 40 til 80 mill. kroner.

Kap. 5613 Renter frå SIVA SF

Post 80 Renter

Som følgje av rentestrukturen på dei statspapira som låna til SIVA er knytt opp til, er det grunnlag for å auke renteinntektsløyvinga med 6,8 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke inntektsløyvinga med 6,8 mill. kroner, frå 30,3 til 37,1 mill. kroner.