Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om endringer i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (heving av inntektsgrensa for rett til fullt bidragsforskott mv.)

Dette dokument

  • Innst. 175 L (2010–2011)
  • Kildedok: Prop. 25 L (2010–2011)
  • Dato: 18.01.2011
  • Utgiver: familie- og kulturkomiteen
  • Sidetall: 4

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Hovudinnhaldet i og bakgrunnen for proposisjonen

I proposisjonen gjer Arbeidsdepartementet framlegg om endringar i ordninga med bidragsforskott med sikte på ei betre ordning for mottakarane med dei lågaste inntektene. Departementet foreslår å heve inntektsgrensa for å ha rett til fullt bidragsforskott, slik at grensa vert den same som grensa for når bidragspliktige vert friteken for å betale bidrag. Dette gir ei heving frå kr 170 900 til kr 217 200. Det vert òg gjort framlegg om å oppheve unnataket frå inntektsprøving for barn utan oppgitt far og einslege adoptantar med vidare. Endringa gjer at alle forskottsmottakarar vert inntektsprøvde etter dei same reglane.

Det er i samband med budsjettet for 2011 utarbeidd ei endringspakke med utgangspunktet i evalue-ringa av bidragsreforma av 2003 i St.meld. nr. 19 (2006–2007) jf. Innst. S. nr 185 (2006–2007).

Endringsforslaga i proposisjonen her gjeld forslaga i stortingsmeldinga til føremon for dei som har den daglege omsorga for barnet, dvs. endringane i ordninga med forskottering av bidrag, som rettar seg direkte mot mottakarane med dei lågaste inntektene og sikrar ei meir rettvis inntektsprøving enn i dag. Ein foreslår at hevinga av grensa for å få maksimalt forskott og gjennomføringa av vanleg inntektsprøving for barn utan oppgitt far mv. tek til å gjelde 1. mai 2011.

Departementet foreslår òg ei heving av inntektsgrensa for fritak for gebyr ved fastsetjing og endring av barnebidrag til det same nivået som grensa for å få maksimalt forskott. Denne endringa vert gjennomført ved endring i forskrift 11. april 2001 nr. 1250 om gebyr for offentlig fastsettelse av barnebidrag.

1.2 Heving av inntektsgrensa for rett til fullt bidragsforskott

Forskotteringa av bidrag skal tryggje at barn busette i Noreg er sikra eit visst pengebeløp frå staten til underhald i saker der foreldra ikkje bur saman. Bidragsforskott er subsidiært i høve til underhaldsbidrag frå bidragspliktige, og vert berre betalt ut om bidraget er lågare enn forskottet eller ikkje vert betalt i tide. Det er den som har den faktiske omsorga for barnet som er forskottsmottakar.

1.2.1 Departementet si vurdering og forslag

Ein bidragspliktig som bur aleine vert ikkje rekna for å ha evne til å betale bidrag dersom inntekta er under kr 217 200 årleg, medan forskottsmottakarar etter gjeldande regelverk ikkje får fullt bidragsforskott dersom inntekta hans/hennar er meir enn kr 170 900. Skilnaden mellom desse grensene synest ikkje logisk eller rimeleg. Ein einsleg forsytar bør kunne få maksimalt forskott når inntekta ikkje er høgare enn at forsytaren ville fått fritak for å betale bidrag.

Arbeidsdepartementet meiner at grensa for å få fullt forskott og grensa for å betale bidrag bør vere dei same, og gjer difor framlegg om å heve inntektsgrensa for rett til maksimalt forskott med kr 46 300 slik at grensene vert like. Dette er ei klar forbetring i høve til forslaget i stortingsmeldinga, og ein når difor ei større gruppe av forskottsmottakarar med låg inntekt. Inntektsgrensene for rett til 75 og 50 prosent forskott vert ikkje endra.

I St.meld. nr. 19 (2006–2007) vart det gjort framlegg om å endre terminologien i forskottsregelverket. Omleggjinga av skattereglane i samband med bidragsreforma, der forskottet gikk frå skattbar til skattefri inntekt, gjorde at 75 prosent forskott reelt var på nivå med tidlegare fullt forskott. Ein meinte difor at 75 prosent-satsen burde framstå som normalsatsen og dei to andre satsane som auka eller redusert sats. Departementet foreslår at dette vert følgt opp i samband med hevinga av grensa for maksimalt forskott, slik at:

  • 75 prosent av fullt forskott vert «forskott».

  • 100 prosent av fullt forskott vert «forhøya forskott», som svarar til forskott med ordinær sats pluss ein tredel.

  • 50 prosent av fullt forskott vert «redusert forskott» som svarar til forskott med ordinær sats minus ein tredel.

Endringa av terminologien gjer det naudsynt med ei omskriving av lovteksten.

Det vises til § 5 i lovforslaget.

1.3 Inntektsprøving av forskottsmottakarar med barn utan oppgitt far, einslege adoptantar m.v.

1.3.1 Gjeldande rett

Einskilde grupper forskottsmottakarar får etter gjeldande § 5 fyrste leddet andre punktumet fullt bidragsforskott inntil inntekta kjem opp i maksimalgrensa for rett til forskott. Denne bortfallsgrensa utgjer no kr 441 600 pr. år. Dette gjeld:

  • barn utan oppgitt far

  • barn adoptert av ein einsleg adoptant

  • barn med ein avliden forelder der barnet ikkje har rett til barnepensjon frå folketrygda eller tilsvarande yting frå utlandet.

1.3.2 Departementet si vurdering og forslag

I St.meld. nr. 19 (2006–2007) vart det framheva at det var vanskeleg å argumentere for å halde fram med særbehandlinga av desse gruppene etter omlegginga av skattereglane, som førte til at det faktisk skjedde ei reell heving av den maksimale satsen for forskott. Det kunne da synast rimeleg at den høgaste satsen berre vert gitt til dei med lågast inntekt, og regelen om unntak frå full inntektsprøving vart difor foreslått oppheva.

Fritaket frå vanleg inntektsprøving kan opplevast som urimeleg gunstig i høve til einslege forsytarar med ein bidragspliktig som ikkje vil eller kan betale bidrag, Dei sistnemnte forsytarane får full inntektsprøving, sjølv om kan hende bidragspliktige i realiteten ikkje bidreg til oppfostringa av barnet. Eksempelvis kan innkrevjing føre til lite eller ingenting dersom den bidragspliktige bur i eit land Noreg ikkje har innkrevjingsavtale med. Fritaket frå vanleg inntektsprøving når bidragspliktige ikkje er kjent mv., er hevda å kunne verke som eit insentiv for forskottsmottakarar til ikkje å melde frå kven faren til barnet er.

Gruppene som i dag har fritak frå vanleg inntektsprøving vil generelt ikkje vere økonomisk verre stilte enn dei andre gruppene forskottsmottakarar. Til dømes kan einslege adoptantar ofte vere ressurssterke, godt vaksne personar som gjer eit medvitent val om å fostre eit barn aleine og som har økonomisk evne til dette. Det same kan òg gjelde dei som ikkje melder frå kven barnefaren er. I alle høve vil ein stor del av mottakarane framleis få maksimalt forskott, mellom anna på grunn av den hevinga av inntektsgrensa som er foreslått ovenfor. Venteleg vil dette mellom anna gjelde alle i den vesle gruppa som får forskott av di dei ikkje har rett til barnepensjon. Felles for desse tre gruppene er at bidragsmottakar ikkje har nokon bidragspliktig å dele kostnadene til oppfostring av barnet med.

Departementet meiner etter dette at reglane om inntektsprøving av forskott bør vere dei same for alle, og foreslår oppheving av forskotteringslova § 7 sjette leddet om avgrensa inntektsprøving for forskottsmottakarar med barn utan oppgitt far, einslege adoptantar mv. Departementet viser til lovforslaget.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Gunn Karin Gjul, Kåre Simensen, Arild Stokkan-Grande og Lene Vågslid, fra Fremskrittspartiet, Solveig Horne, Øyvind Korsberg og Ib Thomsen, fra Høyre, Linda C. Hofstad Helleland og Olemic Thommessen, fra Sosialistisk Venstreparti, Gina Knutson Barstad, fra Senterpartiet, Christina Nilsson Ramsøy, og fra Kristelig Folkeparti, Øyvind Håbrekke, viser til at forskudd av bidrag skal sikre at barn som bor i Norge, er sikret et visst pengebeløp fra staten til underhold i saker der foreldrene ikke bor sammen.

Komiteen er positiv til at endringsforslagene i denne proposisjonen er i tråd med behandlingen om bidragsforskudd i St.meld. nr. 19 (2006–2007), og viser til at endringene i ordningene med bidragsforskudd skal gi en bedre ordning for dem med lavere inntekter, og sikre en mer rettferdig inntektsprøving enn tilfellet er i dag.

Komiteen mener det er fornuftig å heve inntektsgrensen for å ha rett til fullt bidragsforskudd, slik at grensen blir den samme som grensen for når bidragspliktige blir fritatt for å betale bidrag.

Komiteen registrerer at også unntaket for inntektsprøving for barn uten oppgitt far og enslig adopterte blir opphevet. Komiteen viser til at fritak fra vanlig inntektsprøving kan oppleves urimelig gunstig i forhold til enslige forsørgere, og er derfor positiv til at alle forskuddsmottakere blir inntektsprøvd etter de samme reglene.

3. Komiteens tilråding

Komiteen viser til proposisjonen og til komiteens merknader og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak til lov

om endringar i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (heving av inntektsgrensa for rett til fullt bidragsforskott mv.)

I

I lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott vert gjort følgjande endringar:

§ 5 skal lyde:

§ 5 Forskottets størrelse

Departementet fastsetter det beløp som kan utbetales som bidragsforskott per barn. Beløpet kan forhøyes eller reduseres med en tredjedel, avhengig av forskottsmottakers inntekt. Forhøyet forskott ytes dersom mottakeren ikke ville ha hatt bidragsevne etter barnelova § 71 første ledd andre punktum vurdert som enslig uten barn. Redusert forskott ytes dersom mottakerens inntekt overstiger en grense fastsatt av departementet.

Den som setter fram krav om forskott eller som er tilstått forskott, skal selv dokumentere sine inntektsforhold i den utstrekning og på den måte som bidragsfogden bestemmer. Dersom det ikke legges fram slik dokumentasjon, kan krav om forskott avslås eller tilstått forskott stanses.

Departementet kan gi forskrift om hva som skal regnes for inntekt etter paragrafen her og om inntektsgrensen for å kunne motta forskott med ordinær sats. Inntektsgrensen fastsettes under hensyn til antall egne barn som forskottsmottakeren bor sammen med og forsørger og under hensyn til om vedkommende bor alene sammen med barna eller også har ektefelle eller samboer.

§ 7 sjette leddet vert oppheva.

§ 7 sjuande og åttande leddet vert sjette og sjuande leddet.

II

Lova her tek til å gjelde 1. mai 2011 og får òg verknad for saker der forskott er gitt eller vert gitt med verknad for tidsrom før denne datoen.

Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 18. januar 2011

Gunn Karin Gjul

Solveig Horne

leder

ordfører