Den 24. februar 2010 blei ein overeinskomst mellom
Kongeriket Noreg og Fyrstedømmet Andorra om opplysningar i skattesaker
underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg
resolusjon av 11. desember 2009. Overeinskomsten ble på vegne av
Noreg underskriven av ambassadør Tarald O. Brautaset og på vegne
av Fyrstedømmet Andorra av utanriksminister Xavier Espot. Overeinskomsten
vil tre i kraft 30 dagar etter at begge partane har gitt kvarandre
melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i
kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og
for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter
1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala
trer i kraft.
Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling,
OECD, vedtok den 9. april 1998 ei tilråding om tiltak mot skadeleg skattekonkurranse.
Tiltaket tok i hovudsak sikte på å avvikle skadelege skatteregime
i medlemslanda, men peikte også på behovet for å treffe sameinte
tiltak mot tilsvarande skatteregime i dei såkalla skatteparadisa.
Innan utløpet av 2005 var samtlege skatteregime i
medlemslanda som var definerte som skadelege etter dei vedtekne
kriteria, endra eller under avvikling som føresett. I mellomtida
blei det teke kontakt med samtlege jurisdiksjonar som ein meinte
var omfatta av kriteria for å utgjere eit skatteparadis. Det blei
her gjort greie for prosjektet til OECD og invitert til dialog.
Dersom eit definert skatteparadis var villig til å opne for innsyn
og effektiv informasjonsutveksling med medlemslanda til OECD, ville
det ikkje bli ført opp på lista over ikkje-samarbeidsvillige skatteparadis
som ville bli utsette for mottiltak.
Alle dei 38 jurisdiksjonane som blei definerte som
skatteparadis har nå gitt ei slik politisk bindande erklæring om
innsyn og informasjonsutveksling til generalsekretæren i OECD. I samarbeid
med dei første 11 av dei jurisdiksjonane som gav slik erklæring
har OECD utarbeidd ei modellavtale for effektiv informasjonsutveksling
i skattesaker. Ho forpliktar avtalepartane til å utveksle alle relevante opplysningar
som vurderast naudsynte om eigarskap og transaksjonar, også frå
bankar, finansinstitusjonar og advokatar og andre rådgjevarar.
For å etablere det juridiske grunnlaget for
effektiv informasjonsutveksling, må det inngåast bilaterale overeinskomstar
bygd på denne modellen med kvar einskild jurisdiksjon. Dei politiske
erklæringane er i seg sjølv ikkje nok.
For å framskynde prosessen, og for å gi dei
nordiske landa større tyngd i forhandlingane, vedtok Nordisk Ministerråd
i juni 2006 å etablere eit felles nordisk prosjekt for den tekniske
gjennomføringa av forhandlingar om slike avtaler. Det er nå gjennomført
slike felles forhandlingar med ei rekkje jurisdiksjonar. I alle
tilfelle skal forhandlingane resultere i utkast til bilaterale avtaler
mellom vedkommande jurisdiksjon og kvart av dei sju nordiske landa,
herunder Færøyane og Grønland. Ei rekke avtaler er nå underskrivne.
Frå norsk side har arbeidet vore leia av avdelingsdirektør Per Olav
Gjesti, Finansdepartementet. Han har også leia styringsgruppa for
prosjektet.
Avtala, som i det alt vesentlege følgjer OECD sin
modell, er inngått på norsk, katalansk og engelsk. I tilfelle av
skilnader skal den engelske teksten være avgjerande. Som vedlegg
til proposisjonen følgjer den norske og engelske teksten.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Farahnaz Bahrami, Gunvor Eldegard, Kjell Børre Hansen, Irene Johansen,
Gerd Janne Kristoffersen, Torfinn Opheim og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet,
fung. leder Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen og Christian
Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore
Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, fra
Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans
Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, slutter
seg til regjeringens forslag om samtykke til å sette i kraft en
overenskomst mellom Norge og Andorra om opplysninger i skattesaker.
Komiteen viser til
proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykker til å sette i kraft
en overenskomst mellom Norge og Andorra om opplysninger i skattesaker
underskrevet i Paris 24. februar 2010.
Oslo, i finanskomiteen, den 24. februar 2011
Ulf Leirstein |
Torfinn Opheim |
fung. leder |
ordfører |