Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til å sette i kraft en overenskomst mellom Kongeriket Norge og Republikken Seychellene om opplysninger i skattesaker

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Den 30. mars 2011 blei ein overeinskomst mellom Noreg og Seychellene om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 11. mars 2011. Overeinskomsten ble på vegne av Noreg underskriven av ambassadør Tarald O. Brautaset og på vegne av Republikken Seychellene av ambassadør Claude Morel. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dagar etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar i det kalenderåret som følgjer etter det året da avtala trer i kraft.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, OECD, vedtok den 9. april 1998 ei tilråding om tiltak mot skadeleg skattekonkurranse. Tiltaket tok i hovudsak sikte på å avvikle skadelege skatteregime i medlemslanda, men peikte også på behovet for å treffe sameinte mottiltak mot tilsvarande skatteregime i dei såkalla skatteparadisa.

Innan utløpet av 2005 var samtlege skatteregime i medlemslanda som var definerte som skadelege etter dei vedtekne kriteria, endra eller under avvikling som føresett. I mellomtida blei det teke kontakt med samtlege jurisdiksjonar som ein meinte var omfatta av kriteria for å utgjere eit skatteparadis. Det blei her gjort greie for prosjektet til OECD og invitert til dialog. Dersom eit definert skatteparadis var villig til å opne for innsyn og effektiv informasjonsutveksling med medlemslanda til OECD, ville det ikkje bli ført opp på lista over ikkje-samarbeidsvillige skatteparadis som ville bli utsette for mottiltak.

Alle dei 38 jurisdiksjonane som blei definerte som skatteparadis har no gitt ei slik politisk bindande erklæring om innsyn og informasjonsutveksling til generalsekretæren i OECD. I samarbeid med dei første 11 av dei jurisdiksjonane som gav slik erklæring, har OECD utarbeidd ei modellavtale for effektiv informasjonsutveksling i skattesaker. Ho forpliktar avtalepartane til å utveksle alle relevante opplysningar som vurderast naudsynte om eigarskap og transaksjonar, også frå banker, finansinstitusjonar og advokatar og andre rådgjevarar.

For å etablere det juridiske grunnlaget for effektiv informasjonsutveksling, må ein inngå bilaterale overeinskomstar bygd på denne modellen med kvar einskild jurisdiksjon. Dei politiske erklæringane er i seg sjølv ikkje nok.

For å framskynde prosessen og for å gi dei nordiske landa større tyngd i forhandlingane vedtok Nordisk Ministerråd i juni 2006 å etablere eit felles nordisk prosjekt for den tekniske gjennomføringa av forhandlingar om slike avtaler. Det er no gjennomført slike felles forhandlingar med ei rekkje jurisdiksjonar. I alle tilfelle skal forhandlingane resultere i utkast til bilaterale avtaler mellom vedkommande jurisdiksjon og kvart av dei sju nordiske landa, medrekna Færøyane og Grønland. Ei rekke avtaler er no underskrivne. Frå norsk side har arbeidet vore leia av avdelingsdirektør Per Olav Gjesti, Finansdepartementet. Han har også leia styringsgruppa for prosjektet.

Avtala, som i det alt vesentlege følgjer OECD sin modell, er inngått på engelsk. Som vedlegg til proposisjonen følgjer den engelske teksten og ei norsk omsetjing.

Til dei enkelte materielle føresegnene i avtala blir artikkel 1-13 i kapittel 2 i proposisjonen nemt.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Thomas Breen, Gunvor Eldegard, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen, lederen Torgeir Micaelsen, Torfinn Opheim og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Abid Q. Raja, slutter seg til regjeringens forslag om å sette i kraft en overenskomst mellom Norge og Seychellene om opplysninger i skattesaker.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykker til å sette i kraft en overenskomst mellom Norge og Seychellene om opplysninger i skattesaker underskrevet i Paris 30. mars 2011.

Oslo, i finanskomiteen, den 26. mai 2011

Torgeir Micaelsen

Christian Tybring-Gjedde

leder

ordfører