Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap
og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving
og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. For utgiftspostane
går det òg fram overført løyving frå 2009 til 2010 og overført løyving
frå 2010 til 2011. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld
og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for
Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter
og ei oppgåve over aksjar som staten eig.
I meldinga vert det gjort greie for løyvingane
på statsbudsjettet og rekneskapsførte tal. Det vert lagt vekt på
å forklara avvik mellom budsjett og rekneskap. I kapittel 1 vert
det gjort greie for hovudelementa i budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom
anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og
skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda.
Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtala. Kapittel
2 tek føre seg områda til kvart departement for seg. I kapittel
3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtala, medan det i kapittel
4 er gjort greie for statens balanse og finanspostar.
I tabellane i statsrekneskapen kan det vera
avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor
summane. Sumtala skal vera i samsvar med rekneskapen.
Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2010
er 1 064,8 mrd. kroner, medan utgiftene er 892,9 mrd. kroner. Lånetransaksjonar
er då ikkje rekna med. Netto inntekter frå petroleumsverksemda i
statsbudsjettet er 276,0 mrd. kroner, fordelt med 296,1 mrd. kroner
i inntekter og 20,1 mrd. kroner i utgifter. Nettoinntektene frå
petroleumsverksemda vart overførte til Statens pensjonsfond utland.
Dei samla inntektene utanom petroleumsverksemda og lånetransaksjonar
er på 768,7 mrd. kroner, medan utgiftene er på 872,7 mrd. kroner.
Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 104,1
mrd. kroner.
Ved nysalderinga av statsbudsjettet for 2010
vart det lagt til grunn eit oljekorrigert underskot på 109,4 mrd.
kroner. Dette vart overført frå Statens pensjonsfond utland i tråd
med budsjettvedtak i Stortinget på kapittel 5800. Statsrekneskapen
for 2010 vert dermed gjord opp med eit overskot på 5,3 mrd. kroner.
Utanom petroleumsverksemda vart inntektene drygt 7,4 mrd. kroner
høgare og utgiftene drygt 2,1 mrd. kroner høgare enn i nysaldert
budsjett 2010.
Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet
for 2010 er no rekna til 112,4 mrd. kroner. Dette er om lag 36,1
mrd. kroner lågare enn anslaget i nasjonalbudsjettet 2010 og drygt
7,1 mrd. kroner lågare enn ved nysalderinga av statsbudsjettet 2010,
der det strukturelle, oljekorrigerte underskotet i 2010 vart rekna
til høvesvis 148,5 mrd. kroner og 119,6 mrd. kroner.
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart
276,0 mrd. kroner, medan overføringa frå Statens pensjonsfond utland
til statsbudsjettet var 109,4 mrd. kroner, i tråd med vedtaket i
nysaldert budsjett. Renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond
vart 90,6 mrd. kroner, fordelt med 86,1 mrd. kroner i renteinntekter
og utbyte i Statens pensjonsfond utland og drygt 4,4 mrd. kroner
i renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond Noreg. Desse inntektene
inngår i samla oppstilling over statsbudsjettet og Statens pensjonsfond.
Det samla overskotet i Statens pensjonsfond vart 257,1 mrd. kroner
i 2010. Av dette er overskotet i Statens pensjonsfond utland 252,7
mrd. kroner. Samla sett vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond
gjorde opp med eit overskot på 262,4 mrd. kroner i 2010.
Ved utgangen av 2010 var den bokførte verdien av
Statens pensjonsfond utland 3 080,9 mrd. kroner. Det er 438,9 mrd.
kroner meir enn ved utgangen av 2009. Utanom overskotet på 252,7 mrd.
kroner har verdien av Statens pensjonsfond utland auka med 186,1
mrd. kroner. Av dette auka netto kursvinst kapitalen i fondet med
drygt 166,3 mrd. kroner og tilført kapital ved avviklinga av Statens
petroleumsforsikringsfond auka kapitalen i fondet med 19,8 mrd.
kroner.
Frå utgangen av 2009 til utgangen av 2010 auka kapitalen
i Statens pensjonsfond Noreg med 17,8 mrd. kroner, frå 117,1 mrd.
kroner til 134,9 mrd. kroner. Endringa kjem av renteinntekter og
utbyte på 4,4 mrd. kroner og 13,4 mrd. kroner i samla kursvinst
på aksje- og renteplasseringane.
Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001
til retningsliner for den økonomiske politikken som inneber at petroleumsinntektene
gradvis vert fasa inn i økonomien, om lag i takt med venta realavkastning
av Statens pensjonsfond utland. Budsjettpolitikken skal medverka
til ei stabil utvikling i norsk økonomi. Intensjonen bak retningslinene
er å syta for ein jamn auke i bruken av petroleumsinntektene til
eit langsiktig forsvarleg nivå. Samstundes opnar dei for at handlefridomen
som petroleumsinntektene gjev, kan brukast til å stimulera produksjon
og sysselsetjing i periodar med høg og aukande arbeidsløyse. Motsett
vil det vera naudsynt å halda attende i budsjettpolitikken i periodar
med høg kapasitetsutnytting og presstendensar i økonomien. Bruken
av petroleumsinntekter vert målt ved det strukturelle, oljekorrigerte
budsjettunderskotet. Ved utrekning av dette underskotet tek ein
mellom anna omsyn til at delar av statens inntekter og utgifter
endrar seg med konjunkturane, og til endringar i rekneskapstilhøve.
Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2010 er
bruken av petroleumsinntekter i 2010 no rekna til 112,4 mrd. kroner,
målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Dette er
om lag 36,1 mrd. kroner lågare enn anslaget i nasjonalbudsjettet
2010, der det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vart rekna
til 148,5 mrd. kroner. Venta realavkastning av Statens pensjonsfond
utland i 2010 er rekna til 105,7 mrd. kroner, eller 6,8 mrd. kroner
lågare enn det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Det strukturelle,
oljekorrigerte underskotet svarar til 5,8 prosent av trend-BNP for
Fastlands-Noreg.
Endringar i samband med revidert nasjonalbudsjett
2010 gjorde at det strukturelle, oljekorrigerte underskotet minka
med 17 mrd. kroner, til 131,5 mrd. kroner. Frå revidert nasjonalbudsjett
2010 til nysaldert budsjett for 2010 vart det strukturelle, oljekorrigerte
underskotet sett ned med 11,9 mrd. kroner, til 119,6 mrd. kroner,
som følgje av ny informasjon om utgiftene på statsbudsjettet og
utviklinga i skatteinntektene. Det strukturelle, oljekorrigerte
underskotet er no rekna til 112,4 mrd. kroner, mellom anna som følgje
av høgare skatteinntekter.
Samla overskot i statsbudsjettet og Statens
pensjonsfond minka med 12,1 mrd. kroner, frå 274,5 mrd. kroner i
2009 til 262,4 mrd. kroner i 2010. Utanom petroleumsverksemda auka
inntektene med 21,3 mrd. kroner, medan utgiftene auka med 28,8 mrd.
kroner. Samla sett inneber det at det oljekorrigerte underskotet
auka med 7,5 mrd. kroner frå 2009 til 2010.
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda minka
med 3,8 mrd. kroner, frå 279,8 mrd. kroner i 2009 til 276,0 mrd.
kroner i 2010. Renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond gjekk
ned med 0,7 mrd. kroner, frå 91,3 mrd. kroner i 2009 til 90,6 mrd.
kroner i 2010.
Inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar for
2010 vart 79,6 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert
budsjett, medan utgiftsløyvingane vart 16,2 mrd. kroner lågare.
Utanom petroleumsverksemda vart inntektene 31,9 mrd. kroner høgare
i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene vart
12,5 mrd. kroner lågare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskot
på 109,4 mrd. kroner i nysaldert budsjett for 2010, noko som er
44,4 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett.
Nedgangen i det oljekorrigerte underskotet frå saldert
til nysaldert budsjett må sjåast i samanheng med ein monaleg auke
i skatte- og avgiftsinntektene på 32,5 mrd. kroner, som først og
fremst kjem av høgare skattar frå næringslivet enn lagt til grunn
i saldert budsjett, og lågare utgifter, som stort sett kjem av lågare
utgifter til folketrygda enn lagt til grunn i saldert budsjett 2010.
Budsjettutviklinga gjennom 2010 fram til nysalderinga
er omtala nærare i Prop. 1 S (2010–2011) Statsbudsjettet 2011, Meld.
St. 1 (2010–2011) Nasjonalbudsjettet 2011, Prop. 125 S (2009–2010)
Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010,
Meld. St. 2 (2009–2010) Revidert nasjonalbudsjett 2010 og Prop.
47 LS (2010–2011) Lov om opphevelse av lov 30. mai 1986 nr. 23 om
statens petroleumsforsikringsfond mv. og ny saldering av statsbudsjettet
2010.
I statsrekneskapen for 2010 er det oljekorrigerte underskotet
104,1 mrd. kroner. Dette er 5,3 mrd. kroner lågare enn i nysalderinga,
jf. tabell 1.2. Utanom petroleumsverksemda vart inntektene 7,4 mrd.
kroner høgare, medan utgiftene vart 2,1 mrd. kroner høgare.
Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond utland til
statsbudsjettet vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å
dekkja det venta oljekorrigerte underskotet. På denne bakgrunnen
vert statsrekneskapen for 2010 gjord opp med eit overskot på 5,3
mrd. kroner. Endringa på 5,3 mrd. kroner frå nysaldert budsjett
kjem fram slik:
Inntektene utanom
petroleumsinntekter vart 7,4 mrd. kroner høgare, ei endring frå
761,2 mrd. kroner til 768,7 mrd. kroner. Inntektene frå skattar
og avgifter vart 4,0 mrd. kroner høgare, medan andre inntekter til
saman vart om lag 3,4 mrd. kroner høgare.
Utgiftene utanom petroleumsverksemda vart
2,1 mrd. kroner høgare, ei endring frå 870,6 mrd. kroner til 872,7
mrd. kroner.
Medrekna i desse tala er meirinntekter og meirutgifter
på knapt 2 mrd. kroner frå standardrefusjonar som ikkje vert budsjetterte
med beløp på løyvingane i saldert budsjett. Dette er refusjonar
frå mellom anna Arbeids- og velferdsetaten og folketrygda som heimlar
meirutgifter for utgifter til arbeidsmarknadstiltak i statlege verksemder,
løn under fødsels- og adopsjonspermisjon, løn til lærlingar og løn
under sjukdom. Medrekna er òg meirinntekter på 1,3 mrd. kroner på
løyvingar med meirinntektsfullmakter som heimlar meirutgifter i
departementa og forvaltninga. Overførte, unytta løyvingar frå 2010
til 2011 vart lågare enn overføringane frå 2009 til 2010, noko som
òg medverkar til auka utgifter i rekneskapen.
Inntektene utan meirinntekter frå meirinntektsfullmakter
og standardrefusjonar for sjukepengar o.a. vart samla sett 4,1 mrd.
kroner høgare i rekneskapen enn i nysaldert budsjett. Skatte- og avgiftsinntektene
vart om lag 4,0 mrd. kroner høgare, medan andre inntekter vart 0,1
mrd. kroner høgare. Av dette syner rekneskapen drygt 0,3 mrd. kroner
i lågare renteinntekter, medan andre inntekter vart knapt 0,5 mrd.
kroner høgare. Departementa har rapportert om lag 1,3 mrd. kroner i
meirinntekter på budsjettpostar som det er knytt meirinntektsfullmakter
til. Mellom anna vart inntektene til Politidirektoratet, Statens
vegvesen, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Arbeids- og velferds-etaten
og fylkesmannsembeta høgare enn budsjettert for 2010. Nokre departement
har òg høve til å utføra oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene.
Ut over dette omfattar netto meirinntekter under departementa mindre
beløp for mellom anna ei rekkje gebyr-, sals- og leigeinntekter.
Medrekna inntekter frå standardrefusjonar for sjukepengar o.a. på
drygt 1,9 mrd. kroner, vart inntektene utanom lånetransaksjonar
og petroleumsverksemda 7,4 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett.
Samla syner rekneskapen meirutgifter på 2,1 mrd.
kroner samanlikna med nysaldert budsjett.
Når ein ser bort frå meirutgifter som heng saman med
bruk av inntekter frå standardrefusjonar og andre meirinntektsfullmakter
i departementa og forvaltninga, syner rekneskapen drygt 1,1 mrd. kroner
lågare utgifter enn i nysaldert budsjett. Med i denne netto endringa
ligg òg meirutgifter i 2010 knytte til at overføringane av unytta
løyvingar frå 2010 til 2011 gjekk ned med om lag 1,4 mrd. kroner
samanlikna med overføringane frå 2009 til 2010, jf. nærare omtale
nedanfor.
Utgiftene til stønader under folketrygda vart
47 mill. kroner høgare enn anslått i nysaldert budsjett og utgiftene
til momskompensasjon til kommunane vart knapt 0,2 mrd. kroner høgare. Renteutgiftene
vart knapt 0,3 mrd. kroner lågare.
Utgiftene til fleire av dei regelstyrte ordningane i
statsbudsjettet vart lågare enn i nysaldert budsjett. Mellom anna
vart utgiftene til drift av barnehagar 350 mill. kroner lågare enn
overslaget i nysaldert budsjett.
Utgifter til investeringar i helseføretaka vart drygt
0,5 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Ein av grunnane
er at tomta på Gullaug i Lier ikkje vart kjøpt, og at det vart forskyvingar i
byggjeprosjekt ved sjukehuset i Nordland. I Prop. 35 S (2010–2011)
Endringar i statsbudsjettet for 2010 under Olje- og energidepartementet
vart det varsla at staten sin del av finansieringsbehovet i 2010
til investering i og driftsførebuing av teknologisenteret på Mongstad
(TCM) låg an til å verta lågare enn tidlegare rekna med, og at overslaget
for 2011 kunne verta høgare. På grunn av uvisse om tidspunkt for
utbetaling, vart budsjettposten merkt «kan overførast» i nysaldert
budsjett. Rekneskapen for 2010 syner at det vart eit mindreforbruk
på drygt 0,7 mrd. kroner på budsjettposten. Utgiftene til investeringstilskot
til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar vart drygt 0,2 mrd. kroner
lågare enn i nysaldert budsjett. Mindreutgiftene kjem av lågare
aktivitetsnivå og at det tek lengre tid å gjennomføra prosjekta.
Utanom dei utgiftsendringane frå nysaldert budsjett
til rekneskapen for 2010 som er forklarte ovanfor, er det dermed
ein netto nedgang i utgiftene på knapt 0,7 mrd. kroner som fordeler seg
på ei rekkje løyvingar.
Frå 2009 til 2010 vart det overført unytta løyvingar,
utanom lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, på til saman
12,2 mrd. kroner, medan overførte løyvingar frå 2010 til 2011 er på
10,8 mrd. kroner. Det tilsvarar ein nedgang på om lag 1,4 mrd. kroner.
Det er særleg Samferdselsdepartementet som har nedgang
i overførte løyvingar. Dei minkar med 0,9 mrd. kroner, og det gjeld
stort sett løyvingar under Statens vegvesen og Jernbaneverket. Vidare
minkar overføringane under Finansdepartementet med om lag 0,7 mrd.
kroner. Det kjem av at det vart overført drygt 0,7 mrd. kroner til
kjøp av klimakvotar frå 2009 til 2010, medan det ikkje er overført
midlar til dette føremålet frå 2010 til 2011. Under Arbeidsdepartementet
minkar overføringane med drygt 0,4 mrd. kroner. Dette gjeld først
og fremst løyvingane til Nav, Arbeids- og velferdsetaten og arbeidsmarknadstiltak. Samla
overføringar under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet
minkar med drygt 0,3 mrd. kroner, som stort sett gjeld prosjekt
under Statsbygg.
Den største auken i overførte beløp finn ein
under Olje- og energidepartementet og Forsvarsdepartementet. Samla
aukar overføringane med drygt 0,5 mrd. kroner til handtering av
CO2 og lån til testsenteret på Mongstad, medan unytta løyvingar
under Forsvarsdepartementet aukar med til saman knapt 0,6 mrd. kroner.
Tabell 1.2 i vedlegg 1 syner ei meir detaljert oversikt over endra
overføring per departement.
Den underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet
skal syna utviklinga i utgiftene frå eit år til neste. Når den underliggjande
veksten i utgiftene vert rekna ut, vert det korrigert for utgifter
til dagpengar, renter, petroleumsverksemda, og for einskilde rekneskapsmessige
tilhøve og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande
veksten i utgiftene vert det òg korrigert for prisendringar, slik
at talet gjev uttrykk for volumendringar knytte til driftsutgiftene,
investeringane og overføringane på statsbudsjettet. Nærare omtale
av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert rekna
ut, kan ein finna i kapittel 3 i nasjonalbudsjettet 2010.
I nasjonalbudsjettet 2010 var den reelle, underliggjande
veksten i utgiftene på statsbudsjettet rekna til 1 3/4 prosent,
medan han i nysaldert budsjett for 2010 vart rekna til 1 1/2 prosent. Med
utgangspunkt i statsrekneskapen for 2010 er veksten rekna til 1 1/4
prosent. Grunnen til nedjusteringa er dels at underliggjande utgifter vart
noko lågare enn venta, og dels at løns- og prisveksten i 2010 vart
høgare enn venta.
Samanlikna med rekneskapen for 2009 har lånebehovet
minka med 138,3 mrd. kroner, frå 176,3 mrd. kroner i 2009 til 38,0
mrd. kroner i 2010. Nedgangen i utlån og aksjeteikning på 94,4 mrd.
kroner kjem først og fremst av Statens obligasjonsfond og Statens
finansfond som kvar fekk ein kapital på 50 mrd. kroner i 2009. Dessutan
har det ikkje vore utbetalt avdrag på statsgjelda i 2010, medan
utgiftene til dette føremålet i 2009 var på nær 45 mrd. kroner.
Endringane i gjeldsavdrag må sjåast i samanheng med avdragsprofilen
på statsgjelda.
Utgiftene til utlån vart om lag 22,3 mrd. kroner lågare
enn venta ved nysalderinga.
Låneavtalen for Eksportfinans vart ikkje nytta. For
at Eksportfinans skulle kunna bruka låneavtalen mot slutten av året,
vart det ikkje gjort framlegg om å setja ned løyvinga hausten 2010.
Det er inngått avtale med den latviske staten om lån innanfor ei
ramme på 378 mill. euro. Til no har den latviske staten valt å ikkje
trekkja på lånemidlane som er stilte til rådevelde, Mindreutgiftene
på lån frå Husbanken er om lag 9,4 prosent av løyvinga og kjem av
lågare utbetaling av nye lån enn venta.
Tilbakebetalingane vart drygt 1,1 mrd. kroner høgare
enn i nysalderinga.
Netto utlån vart dermed drygt 23,4 mrd. kroner lågare
enn i nysaldert budsjett. Sidan rekneskapen syner eit overskot på
5,3 mrd. kroner, vart netto finansieringsbehov 28,7 mrd. kroner
lågare enn i ny-saldert budsjett.
Avdrag på innanlandsk statsgjeld vart som i
ny-saldert budsjett. Brutto finansieringsbehov er dermed òg 28,7
mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. I 2009 var det lånetransaksjonar knytte
til petroleumsverksemda på 2,2 mrd. kroner, som først og fremst
gjeld kjøp av aksjar i Statoil ASA. Lånetransaksjonar knytte til
petroleumsverksemda vert dekte ved overføring frå Statens pensjonsfond
utland. Det vart ikkje rekneskapsført lånetransaksjonar knytte til
petroleumsverksemda i 2010.
Statsrekneskapen for 2010 syner at dei samla inntektene
frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 713,5 mrd.
kroner i 2010, ein auke på 28,8 mrd. kroner eller 4,2 prosent frå året
før. Det er i stor grad uventa høge inntekter frå skattelegging
av føretak som har gjort at skatte- og avgiftsinntektene vart 36,5
mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett for 2010. Skatte- og avgiftsinntektene
vart 4,0 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett for 2010, mellom anna
på grunn av auka innbetalingar frå føretak.
På grunn av finanskrisa var det venta nedgang
i skatteinntektene frå føretak, men desse inntektene har auka frå
2009. Skatt frå føretak varierer mykje over tid, også målt opp mot
BNP for Fastlands-Noreg. I høve til BNP har føretaksskattane auka
monaleg frå tidleg i 1990-åra, mellom anna som følgje av skattereforma
i 1992. Medan føretaksskattane utgjorde 1 1/2–2 prosent av BNP for
Fastlands-Noreg i perioden 1960–1990, har høvetalet dei siste åra
auka til knapt 4 prosent. Skatteinngangen frå føretak har i uventa
liten grad vorte påverka av finanskrisa og det internasjonale tilbakeslaget.
Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene på 713,5
mrd. kroner i statsrekneskapen for 2010 utgjorde skatt på inntekt
og formue 197,0 mrd. kroner, og arveavgifta utgjorde 2,4 mrd. kroner. Frå
2009 til 2010 auka inntektene frå skatt på inntekt og formue med
3,4 prosent.
Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 222,4
mrd. kroner i 2010, ein auke på 1,6 prosent frå året før.
Inntektene frå meirverdiavgifta gjekk opp med 6,3
prosent, til 196,8 mrd. kroner i 2010.
Frå 2009 til 2010 gjekk andre særavgifter og
tollinntekter opp med 8,2 prosent, frå 87,8 mrd. kroner til 95,0
mrd. kroner.
Utgiftene til petroleumsverksemda skriv seg
frå investeringar i statens direkte deltaking i petroleumsverksemda
(SDØE) og overføringar til Statens petroleumsforsikringsfond. Utgiftene
til petroleumsverksemda vart i 2010 drygt 20,1 mrd. kroner, og av
dei var 18,5 mrd. kroner investeringar. Inntektene frå petroleumsverksemda
omfattar skatt og avgift på utvinning, aksjeutbyte frå Statoil ASA
og inntekter frå SDØE. Inntektene frå SDØE er for det meste driftsresultat
og kalkulatoriske avskrivingar og renter. Dei samla innbetalte skattane
og avgiftene frå petroleumsverksemda og CO2-avgifta vart 159,2 mrd.
kroner i 2010. Inntektene frå SDØE vart 124,1 mrd. kroner, medan
utbyte frå Statoil ASA i 2010 vart knapt 12,8 mrd. kroner. Inntektene
frå petroleumsverksemda vart dermed samla 296,1 mrd. kroner i 2010.
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, som er inntektene minus
utgiftene frå petroleumsverksemda, vart dermed 276,0 mrd. kroner.
Endringar i verdien til Statens pensjonsfond
utland kjem fram gjennom netto kontantstraum frå petroleumsverksemda,
overføring av midlar til statsbudsjettet og direkte avkastning av
fondet ved rente- og utbyteinntekter, netto finanstransaksjonar
knytte til petroleumsverksemda, og endra verdi av på eigedelar i
fondet. Kapitalen i Statens pensjonsfond utland auka med 438,9 mrd.
kroner, frå 2 642,0 mrd. kroner ved utgangen av 2009 til 3 080,8
mrd. kroner ved utgangen av 2010.
Frå saldert budsjett til nysaldert budsjett
vart inntektene frå petroleumsverksemda 47,6 mrd. kroner høgare,
medan utgiftene til petroleumsverksemda vart 3,7 mrd. kroner lågare.
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart dermed drygt 51,3
mrd. kroner høgare, ein auka frå 220,4 mrd. kroner til 271,7 mrd.
kroner. Anslaget for renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond
utland vart 20,6 mrd. kroner lågare frå saldert budsjett til nysaldert
budsjett. Anslaget for overføringa frå Statens pensjonsfond utland
til statsbudsjettet, som svarar til anslaget på det oljekorrigerte
budsjettunderskotet, vart 44,4 mrd. kroner lågare. Det er ein nedgang
frå 153,8 mrd. kroner i saldert budsjett til 109,4 mrd. kroner i
nysaldert budsjett. Samla sett innebar dette ei betring av balansen
i Statens pensjonsfond utland med 75,1 mrd. kroner.
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart
276,0 mrd. kroner som er om lag 4,2 mrd. kroner høgare enn i nysaldert
budsjett. Inntektene auka frå 292,4 mrd. kroner til 296,1 mrd. kroner,
medan utgiftene minka frå 20,7 mrd. kroner til 20,1 mrd. kroner,
jf. tabell 1.2. Rekneskapstala for betalte direkte skattar vart
483 mill. kroner høgare, medan betalte avgifter frå petroleumsverksemda
vart 24 mill. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Inntektene
frå petroleumsskattar og CO2-/NOx-avgift vart dermed 458 mill. kroner
høgare enn i nysaldert budsjett. Inntektene frå statleg petroleumsverksemd
og utbyte frå Statoil ASA vart 3,2 mrd. kroner høgare. Utgifter
til investeringar i petroleumsverksemda vart 550 mill. kroner lågare
enn i nysaldert budsjett.
Det er overført 109,4 mrd. kroner frå Statens pensjonsfond
utland til statsbudsjettet. Det inneber at netto overføring til
Statens pensjonsfond utland for 2010 samla sett er 4,2 mrd. kroner
høgare i rekneskapen enn det vart rekna med i nysalderinga. Netto
kontantstraum med frådrag for overføringa frå fondet til statsbudsjettet
vart dermed 166,6 mrd. kroner i 2010.
Frå nysaldert budsjett gjekk renteinntektene
og utbytet i Statens pensjonsfond utland opp frå 80,1 mrd. kroner
til 86,1 mrd. kroner. Samla vart overskotet i Statens pensjonsfond
utland etter nasjonalrekneskapens definisjonar dermed 252,7 mrd.
kroner i 2010, som er 10,3 mrd. kroner meir enn venta i ny-saldert
budsjett.
Ut over overskotet på 252,7 mrd. kroner syner fondet
ein auke på 186,1 mrd. kroner. Av dette auka netto kursvinst fondskapitalen
med drygt 166,3 mrd. kroner og tilført kapital ved avviklinga av
Statens petroleumsforsikringsfond auka kapitalen med 19,8 mrd. kroner.
Auken på 166,3 mrd. kroner kjem av realiserte vinstar på 35,2 mrd.
kroner, urealiserte vinstar på 139,6 mrd. kroner og 8,5 mrd. kroner
i minka verdi av fondet grunna styrkt kronekurs.
Dette inneber at kapitalen i Statens pensjonsfond utland
auka med 438,9 mrd. kroner frå 2 642,0 mrd. kroner ved utgangen
av 2009, til 3 080,8 mrd. kroner ved utgangen av 2010.
Overføringa frå Statens pensjonsfond utland
til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar
med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett, medan overføringa til
fondet over kapittel 2800 er tilpassa netto kontantstraum frå petroleumsverksemda.
I kapittel 3 er det gjort nærare greie for resultat og verdiutvikling
i Statens pensjonsfond utland.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Thomas Breen, Gunvor Eldegard, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen,
lederen Torgeir Micaelsen, Dag Ole Teigen og Laila Thorsen, fra
Fremskrittspartiet, Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen
og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe
og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen,
fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti,
Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, viser
til Dokument 1 fra Riksrevisjonen, som blir behandlet i kontroll-
og konstitusjonskomiteen. Dokument 1 er den årlige rapporten fra
Riksrevisjonen til Stortinget med ekstrakt av statsregnskapet og
regnskapet for administrasjonen av Svalbard, resultatet av revisjonen
av disse regnskapene (regnskapsrevisjon), og resultatet av revisjonen
av departementene og underliggende statlige virksomheter.
Komiteen tar meldingen til orientering.
Komiteen har for øvrig ingen
merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Meld. St. 3 (2010–2011) – om statsrekneskapen 2010
– vedlegges protokollen.
Oslo, i finanskomiteen, den 10. juni 2011
Torgeir Micaelsen |
leder og ordfører |