Finansmarknadsmeldinga 2010 omhandlar følgjande
tema:
Kapittel 2 handlar om føresetnadene og utsiktene
for finansiell stabilitet i Noreg. Her er risikoane på dei norske
finansmarknadene omtala, og likeins utviklinga for dei norske finansinstitusjonane.
Kapittel 3 inneheld eit oversyn over nokre internasjonale
initiativ til regelverksendringar som har kome i kjølvatnet av finanskrisa.
Mellom anna vert forslag til nye kapitaldeknings- og likviditetskrav
og nye reglar om innskotsgarantiordningar omtala.
I kapittel 4 er det i år teke inn ein omtale
av strukturelle utviklingstrekk på den norske finansmarknaden frå
1970 og fram til 2010.
Kapittel 5 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga
i Noreg, og om dei viktigaste løyvesakene som Finansdepartementet
og Finanstilsynet har handsama på finansmarknadsområdet i 2010.
Kapittel 6 inneheld ei omtale av verksemda til Noregs
Bank i 2010 og ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken. Omtalen
av verksemda til Noregs Bank er lovpålagd, jf. sentralbankloven § 30.
Kapittel 7 inneheld ei omtale av verksemda til Finanstilsynet i
2010. Innhaldet i kapittel 6 og 7 byggjer i stor mon på årsmeldingane
frå institusjonane.
I kapittel 8 er verksemda til Folketrygdfondet
i 2010 omtala, medrekna omtale av Statens pensjonsfond Noreg i kapittel
8.3 og Statens obligasjonsfond i kapittel 8.4. Verksemda i Statens finansfond
er omtala i kapittel 9.
Kapittel 10 omhandlar verksemda til Det internasjonale
valutafondet (IMF) i 2010.
Meldinga omhandlar i hovudsak tilhøve i 2010, men
på einskilde punkt er framstillinga oppdatert med tal for dei første
månadene av 2011.
Årsmeldingane frå Norges Bank, Finanstilsynet og
Statens finansfond for 2010 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Thomas Breen, Gunvor Eldegard, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen,
lederen Torgeir Micaelsen, Dag Ole Teigen og Laila Thorsen, fra
Fremskrittspartiet, Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen
og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe
og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen,
fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti,
Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, viser
til at det ble avholdt høring med sentralbanksjef Øystein Olsen
om foreliggende sak 20. mai 2011. Referat fra høringen følger som vedlegg
til denne innstillingen.