Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

5.10 Kap. 5652 Renter og utbytte – Statskog SF (post 80 og 85)

I samband med at Statskog SF kjøpte selskapa Borregaard skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, fekk føretaket eit statleg lån på 475 mill. kroner, jf. Prop. 11 S (2010-2011). Renter på lånet vil vere på om lag 24,9 mill. kroner i 2012. Avdrag på lån er omtala under kap. 4162 Statskog SF – Forvaltning av statlig eigarskap.

Utbyttet frå Statskog SF blir fastsett etter utbyttepolitikk fastsett av Landbruks- og matdepartementet, jf. St.prp. nr. 1 (2001–2002). Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte i løpet av første halvår etter resultatåret. Utbyttet blir sett til 75 pst. av årsresultatet i konsernet inntil utbyttet svarar til statens innlånsrente multiplisert med den gjennomsnittlege bokførde eigenkapitalen til konsernet. Inntektene frå arronderingssalet, som startar hausten 2011, skal nyttast til avdrag på det statlege lånet på 475 mill. kroner, jf. kap. 4162. Utbyttepolitikken må tilpassast slik at denne føresetnaden kan bli oppfylt.

Resultatet etter skatt er på 29,99 mill. kroner.

Balansen i rekneskapet til Statskog SF ved utgangen av 2010 er prega av at føretaket den 21. desember 2010 tok over aksjane i selskapa Borregaard skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA. Aksjane i disse tre selskapa blei kjøpt for 1 725 mill. kroner. Sidan Statskog tok over aksjane så seint i året, er ikkje resultata frå disse selskapa tatt med i resultatrekneskapet for Statskog.

Statens utbytte for 2010 er fastsett til 11,3 mill. kroner, tilsvarande statens innlånsrente multiplisert med den gjennomsnittlege bokførte eigenkapitalen til konsernet. Dette er i tråd med utbyttepolitikken fastsett av Landbruks- og matdepartementet.

Det blir budsjettert med utbytte for 2011 på 5 mill. kroner. Endeleg forslag til utbytte vil bli behandla i ein eigen proposisjon. Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte første halvår 2012. Som følgje av kapitalauken i samband med Statskog SFs kjøp av selskap frå Orkla ASA vil departementet gjere ei ny vurdering av avkastnings- og utbyttekrav til føretaket. Departementet vil leggje fram vurderinga si for Stortinget.

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.