Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Permitteringsregelverket har som konsekvens at staten overtek deler av verksemdene sine lønnsplikt ved å utbetale dagpengar for ein periode. Regelverket har vore gjenstand for hyppige endringar.
Det er ikkje naudsynt å vidareføre dei særskilt gunstige ordningane i samband med permitteringar. Dei endringane som blei sette i verk i samband med finanskrisa i 2009, kan derfor opphevast med verknad frå og med 1. januar 2012. Endringa skal gjelde for nye permitteringar.
Det viser til § 3 nr. 1 første ledd bokstav a i lovforslaget.
Det vil samtidig bli gjort forskriftsendringar om at lønnsplikta til arbeidsgivarar trer inn att etter 30 veker med permittering og om at retten til dagpengar under permittering blir redusert frå 52 til 30 veker. Vidare vil kravet til tap av arbeidstid for rett til dagpengar under permittering bli sett til 50 pst., som er hovudregelen etter folketrygdloven § 4-3. Endringane i forskrifta skal også gjelde for nye permitteringar.
Det foreslåas at endringa trer i kraft 1. januar 2012. Det er lagt til grunn at endringa i talet på dagar med lønnsplikt for arbeidsgivarar vil føre til ei innsparing på dagpengebudsjettet på om lag 50 mill. kroner i 2012. Endringa vil ikkje ha nemneverdige administrative konsekvensar.