Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Forslaget til forskrift gjer det naudsynt å utvide heimelen i arbeidsmiljøloven § 4-1 til også å gjelde forskrift om godkjenningsordning, jf. forslagets § 4-1 (nytt åttande ledd). Det leggjas til grunn at id-korta i den nye ordninga allereie har naudsynt heimel i arbeidsmiljøloven § 4-1 sjuande ledd.
Etter forslaget til forskrift skal godkjenningsordninga gjelde reinhaldsverksemder. Det vil og seie verksemder som ikkje sysselset arbeidstakarar. Det leggjas til grunn at det allereie finst naudsynt heimel til å gi forskrifta eit slikt verkeområde i arbeidsmiljøloven § 1-4 første ledd.
Godkjenningsordninga byggjer på tre hovudelement: førehandsvurdering av alle verksemder, etterfølgjande tilsyn og vilkår for tenestekjøp frå reinhaldsverksemder.
For å sikre at godkjenningsordninga blir tilstrekkeleg effektiv, foreslåas det at det ikkje skal vere lov å nytte tenester frå verksemder som ikkje har godkjenning. Eit slikt vilkår må gå direkte fram av lova. Ved å innføre eit offentleg tilgjengeleg register vil det bli enkelt for brukarar av tenestene å skaffe seg kunnskap om kva verksemder som er godkjende. Å knytte rettsverknader til bruk av reinhaldsverksemder som ikkje er godkjende vil difor ikkje vere urimeleg byrdefullt. Det foreslåas at Arbeidstilsynet skal føre tilsyn med forbodet mot å nytte reinhaldstenester frå verksemder som ikkje er godkjende, og at Arbeidstilsynet skal nytte sine ordinære sanksjonsmiddel, jf. arbeidsmiljøloven kapittel 18. Ein tenestekjøpar vil kunne få pålegg om å nytte ei godkjend verksemd, og pålegget kan følgjast opp med tvangsmulkt og eventuell stansing. Arbeidstilsynet har ikkje tilsynskompetanse i høve til tenestekjøparar i forbrukarmarknaden, og sanksjonane til Arbeidstilsynet difor berre kan rette seg mot næringsdrivande tenestekjøparar i denne samanhengen. Lovforslaget inneber også at brot på plikta til å vere godkjend, og brot på forbodet mot å nytte tenester frå verksemder som ikkje er godkjend skal vere straffbart i samsvar med arbeidsmiljøloven kapittel 19. Heller ikkje straffeansvaret gjeld for forbrukarar, jf. arbeidsmiljøloven § 19-1.
Det vises til proposisjonens kapittel 4.1 der det blir gjort nærmare greie for godkjenningsordninga når det gjeld:
Tilhøvet til EØS-retten.
Tilhøvet til tenestereglane – utsendingsdirektivet.
Tilhøvet til tenestereglane – tenestedirektivet.
Tilhøvet til etableringsreglane – tenestedirektivet.
Det foreslåas at endringa trer i kraft straks. Forslaget vil få økonomiske og administrative konsekvensar for staten knytt til etablering og drift av godkjenningsordninga, og til styrka tilsynsinnsats. Det er sett av 10 mill. kroner til treparts bransjeprogram i reinhaldsbransjen på statsbudsjettet for 2011. For 2012 er det foreslått å løyve 20 mill. kroner til etablering og drift av godkjenningsordninga, og auka tilsyn med reinhaldsbransjen.
Forslaget vil også føre til økonomiske konsekvensar for reinhaldsverksemder i form av kostnader med å få utferda id-kort, og til visse administrative konsekvensar knytt til å gjennomføre ein søknadsprosess med plikt til å leggje fram dokumentasjon.