Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del

Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg, post 48 vert foreslått redusert med 95,134 mill. kroner.

Reduksjonen skuldast noko seinare framdrift enn planlagt på prosjekta knytt til Joint Warfare Centre Automated Information System-prosjektet. Inntekter frå NATO vert mottatt på bakgrunn av opphavlege innmeldte planar, og vert ikkje justert før i påfølgjande år. For 2010 førte dette til høge utbetalingar frå NATO i samband med den seine framdrifta, og tilsvarande låge inntekter i 2011.

Reduksjonen fører til ein tilsvarande parallell reduksjon av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.