Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Det visast til Prop. 1 S (2011–2012) om etablering og flytting av HV-staben til Terningmoen ila. 2011. I samband med flyttinga vil òg ein del av planressursane som tidlegare var lokalisert utanfor HV-staben, verte organisert som ein del av staben på Terningmoen. Dette er ei intern omorganisering i HV og inneber ingen auke av HVs samla personellressursar knytt til stabsfunksjonar. Flyttinga skal vere sluttført i løpet av 2011. Personellauken i HV-staben skuldast ei konsolidering av stabselement innanfor HVs samla organisasjon.
Flyttinga er planlagt gjennomført med følgjande utgifter i 2011:
– | Eigedom, bygg- og anlegg (EBA) (post 47): | 51,8 mill. kroner |
– | Meirutgift (Post 1): | 6,6 mill. kroner |
Byggjearbeida er starta på Terningmoen, og bygningane er planlagt ferdige i november/desember 2011. Bygningane omfattar ein kontormodul og ein forlegningsmodul. Meirutgiftene omfattar ny telefonsentral for å auke talet på telefonnummer og IKT-materiell, innreiing og møbler til kontor og forlegningsmodul, samt utgifter til flyttebyrå. HV-staben flytter inn på Terningmoen i desember 2011.
Meirutgifta under Post 1 vert dekt ved omgruppering av midlar til kap. 1734 medan kostnadene til EBA dekkast over investering på kap. 1710 post 47.