Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om samtykke til at Noreg tek del i påfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF-XII)

Dette dokument

  • Innst. 113 S (2011–2012)
  • Kildedok: Prop. 39 S (2011–2012)
  • Dato: 07.12.2011
  • Utgiver: utenriks- og forsvarskomiteen
  • Sidetall: 3

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Regjeringa ber om samtykke frå Stortinget til å ta del i påfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF-XII). AfDF er utviklingsfondet som Afrikabankgruppa har for dei fattigaste landa i Afrika, det vil seie for dei som på grunn av manglande betalingsevne ikkje kan få lån i Den afrikanske utviklingsbanken (AfDB). Fondet låner ut på såkalla «mjuke» vilkår og gjev gåvefinansiering til fattigdomsreduserande tiltak. Nye ressursar blir hovudsakeleg tilførte fondet frå givarland som resultat av påfyllingsforhandlingar og gjennom tilbakebetalingar frå tidlegare lån. Påfyllinga gjeld for ein treårsperiode. Førre påfyllinga av fondet (AfDF-XI) blei gjord i 2007 for perioden 2008–2010.

Sentrale spørsmål under forhandlingane er kva slags utlånspolitikk fondet har, kva slags prioriteringar det gjer, og storleiken på påfyllinga. Forhandlingane har gått føre seg parallelt med påfyllingsforhandlingar i utviklingsfondet for Verdsbanken (IDA). Totalt kom påfyllinga for AfDF-XII på om lag 5,8 mrd. Special Drawing Rights. (SDR) med ein auke i givarbidraget på ca. 3 prosent i forhold til førre påfyllinga. Etter kursen i dag vil det seie omtrent 53 mrd. kroner.

Noreg gav tilsegn om 1,5 mrd. kroner over tre år med atterhald om samtykke frå Stortinget, det same som ved førre påfyllinga. Men Noreg har òg foreslått at innbetalinga kan gå fortare enn tidlegare, og det aukar verdien for Afrikabanken på dei 1,5 milliardane med om lag 134 mill. kroner. Noreg er ein relativt stor bidragsytar – den niande største totalt – og jamstor med Sverige. Vår relative del av påfyllinga vert 4,4 prosent, om lag det same som ved førre påfyllinga. Som vedlegg følgjer ein tabell over tilskota frå dei ulike landa. Tilskot til AfDF går over kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar, post 71 Regionale bankar og fond, kan overførast.

1.2 Bakgrunn

Proposisjonen gjer på ein god måte greie for bakgrunnen til Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF) som vart oppretta i 1973. Noreg har vore medlem i fondet sidan starten og har teke del i alle fondspåfyllingane. Spørsmålet om norsk medlemskap er behandla i St.prp. nr. 104 (1972–1973), jf. Innst. S. nr. 327 same året. Stortinget gav si tilslutning til medlemskapen 6. juni 1973.

Hovudmålsetjinga for fondet er å finansiere fattigdomsreduserande tiltak i låntakarlandet. Lån frå fondet er rentefrie (med eit mindre administrasjonsgebyr) og har opptil 50 års nedbetalingstid medrekna ein avdragsfri periode på 10 år. For å unngå for høg gjeld i afrikanske land er ein dryg tredel av fondsmidlane gåver. AfDF og AfDB er ein del av Afrikabankgruppa, med felles styre og administrasjon.

Hovudutfordringa for banken i dag er å vidareføre den positive utviklinga og auke aktiviteten – i samarbeid med andre aktørar – for å bidra til å oppnå tusenårsmåla i 2015. Men utan ein kraftig auke i tilgjengelege ressursar vil AfDB ikkje kunne leve opp til dei ambisjonane både regionale og ikkje-regionale medlemsland har for institusjonen.

Norsk støtte til AfDF er derfor uttrykk for eit ønske om å bidra til å styrkje ein regional afrikansk institusjon som har vist evne til å betre seg, og som har utvikla seg til å bli ein sentral aktør for økonomisk utvikling på kontinentet. Bistand gjennom ein multilateral kanal som Afrikafondet bidreg òg til harmonisering og motverkar fragmentering av givarstøtta.

1.3 Resultatet av forhandlingane

Forhandlingane blei avslutta i Tunis i september 2010, og det var representantar for 26 givarland til stades. Enkelte afrikanske land var med som observatørar. AfDF-XII inneber ei vidareføring av dei overordna strategiske satsingsområda frå førre påfyllinga:

  • a Infrastruktur, med særleg vekt på vatn og sanitærtilhøve, energi og transport.

  • b Godt styresett. Bidraget her vil leggje vekt på styrking av sentrale styresmaktfunksjonar og finansielt og økonomisk styresett. Betring av tilhøva for privat sektor vil òg vere ei målsetjing.

  • c Regional integrasjon. Regional integrasjon er ei naturleg oppgåve for ein regionalbank, og multinasjonale prosjekt har fått ein aukande del av AfDF-midlane dei seinare åra. Det er brei semje om at regional integrasjon er eit viktig tiltak for økonomisk vekst i Afrika og eit riktig svar på utfordringar som:

    • små og fragmenterte marknader som hindrar storskalaproduksjon,

    • geografiske avgrensingar i for eksempel land utan kyst,

    • høge produksjonskostnader grunna dårleg infrastruktur,

    • Investeringar i infrastruktur som bidreg til integrasjon og støtte til regionale institusjonar, vil bli prioriterte. 20 prosent av ressursane skal gå til regionale tiltak.

  • d Sårbare statar er eit vidt og vanskeleg definerbart omgrep, men mange afrikanske land høyrer til i denne kategorien. Det dreiar seg om land i konflikt eller land som nyleg har kome ut av konflikt, i tillegg til land der grunnleggjande institusjonar og marknader av andre grunnar ikkje eksisterer eller fungerer. Dette er land som normalt vil få ei låg tildeling av AfDF-midlar grunna ein fordelingsmekanisme som premierer resultatoppnåing og godt styresett, område der for eksempel post-konfliktland nesten alltid vil score lågt. Derfor vil om lag 6 mrd. kroner frå påfyllinga bli særskilt øyremerkte sårbare statar. For desse landa vil det bli lagt vekt på levering av basistenester, støtte til godt styresett og bygging av institusjonell kapasitet gjennom trening og opplæring.

I alle prosjekt vert det teke tverrgåande omsyn til likestilling, miljø, klima og, der det er relevant, også landbruksproduktivitet, mattryggleik og utvikling av privat sektor.

Kapasiteten til å følgje opp prosjekt på landnivå skal styrkjast. Desentralisering av verksemda til landnivå er eit ledd i denne prosessen. Banken har òg sett seg føre å bli enda betre til å måle og dokumentere resultata. Innsatsen som er gjord i antikorrupsjonsarbeid skal vidareførast.

Det afrikanske utviklingsfondet deler ut ressursane sine til dei fattigaste landa i samsvar med to kriterium: behov (inntekt per innbyggjar og talet på innbyggjarar) og godt styresett (som vert målt etter ei rekkje indikatorar). Kor store ressursar eit land får tilgang til, og også dei finansielle vilkåra ved låna, er avhengig av korleis landet handsamar gjelda si.

Påfyllingsnivået enda på SDR 6 096 731 479. Dette må kunne seiast å vere ei tillitserklæring frå givarsida til dei reformene som er gjennomførde, og til dei planane som ligg føre. Storbritannia held fram med å vere den klart største givaren, følgd av Tyskland, USA og Frankrike. USA auka sin del mest frå førre påfyllingsrunda. Det er verd å merkje seg at land som Kina, Brasil og Saudi-Arabia òg gjev bidrag, om enn for det meste med moderate summar. Sør-Afrika og Egypt er dei einaste afrikanske landa som yter til fondet. Sjå vedlegg 1 til proposisjonen for informasjon om tilskot frå andre land.

Ein vesentleg del av påfyllinga – over 2 mrd. SDR, eller ca. 38 prosent – kjem frå bankgruppa sjølv, gjennom ein såkalla «Advance Commitment Capacity» (ACC).

1.4 Det norske tilskotet til påfyllinga

Det norske bidraget til AfDF-XII er på 1 500 mill. kroner og skal innbetalast over tre år (2011–2013), med ei årleg innbetaling på 500 mill. kroner. Det er same beløp i kroner som ved førre innbetalinga. Dei årlege innbetalingane blir ståande på konto i Noreg, og Afrikabanken trekkjer normalt kvar påfylling over ein tiårsperiode. Ved denne påfyllinga har Noreg og åtte andre land sagt at Afrikabanken kan trekkje innbetalinga over tre år, jamfør romartalsvedtak XIII i Prop. 1 S (2010–2011). For Afrikabanken aukar dei raskare trekka verdien av det norske bidraget med om lag 134 mill. kroner. Til saman vert dette ein auke på 8 prosent samanlikna med førre påfyllinga. Det norske bidraget inneber ein litt lågare del av AfDF-XII enn for AfDF-XI, men Noreg er framleis blant dei største givarane sett i forhold til økonomisk tyngde.

Tilskotet frå kvart land til fondspåfyllinga blir omrekna i SDR. Verdien av det norske tilskotet til påfyllinga blir på SDR 179 774 236 når ein tek med dei raskare trekka. For AfDF-XII er omrekningskursen for Noreg som følgjer: 1 SDR er lik 9,09030 kroner.

For 2011 blei løyvingsbehovet vedteke av Stortinget i saldert budsjett, jf. Prop. 1 S (2010–2011) for Utanriksdepartementet og Stortingets handsaming av denne, jf. Innst. 7 S (2010–2011). I saldert budsjett 2011 fatta Stortinget også eit vedtak om raskare trekk på gjeldsbrev. For 2012 er løyvingsbehovet lagt inn i regjeringas forslag til statsbudsjett, jf. Prop. 1 S (2011–2012). Det bes nå om vedtak om bruk av raskare trekk på gjeldsbrev for den 12. kapitalpåfyllinga til Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF-XII). Dei budsjettmessige konsekvensane vil bli dekka innanfor løyvinga på kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar, post 71 Regionale banker og fond.

Forutan samtykke til den budsjettmessige løyvinga vert det bede om samtykke til å utvide den perio-den Noreg garanterer kompensasjon av tapte tilbakebetalingar for – som følgje av MDRI – frå 2020 til 2022. Dette vil bli gjort gjennom utferding av eit såkalla «Unqualified Instrument of Commitment» – tilsvarande det som vart gjort for 2015–2020. Beløpet vil variere noko ut frå føresetnader om blant anna valutakurs og når ulike land blir kvalifiserte for kompensasjon. Basert på førebels utrekningar vil Noregs årlege MDRI-bidrag vere slik:

2021

ca. 76 mill. kroner

2022

ca. 82 mill. kroner

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Laila Gustavsen, Eva Kristin Hansen, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Anita Orlund og Helga Pedersen, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen, Morten Høglund, Siv Jensen, Peter N. Myhre og Karin S. Woldseth, fra Høyre, Peter Skovholt Gitmark, Jonni Helge Solsvik og lederen Ine M. Eriksen Søreide, fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og fra Kristelig Folkeparti, Dagfinn Høybråten, sluttar seg til innhaldet i proposisjonen og regjeringa sine vurderingar.

3. Komiteens tilråding

Komiteen syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykker i at Utanriksdepartementet

  • 1. tek del i påfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet, AfDF, med 1 500 000 000 kroner for perioden 1. januar 2011 til 31. desember 2013.

  • 2. utferdar eit ukvalifisert «Instrument of commitment» til Det afrikanske utviklingsfondet som bindande forplikting for Noregs bidrag til det internasjonale gjeldsletteinitiativet (MDRI) i perioden 2020 til 2022.

  • 3. kan gjere unntak frå stortingsvedtak av 8. november 1984 for å inngå avtale med mottakarar om raskare trekk på gjeldsbrev enn utbetalingsbehovet tilseier ved nemnte kapitalpåfylling, jf. punkt 1.

Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 7. desember 2011

Ine M. Eriksen Søreide

Dagfinn Høybråten

leder

ordfører