1.1 Innleiing

I denne proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet 2011 i samsvar med pkt. 2 nedanfor.

1.2 Endringsforslag

Kap. 909 Tiltak for sysselsetting av sjøfolk

Post 73 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, overslagsløyving

Ordinær løyving i saldert budsjett 2011 er 1 646,6 mill. kroner, jf. Prop. 1 S (2010–2011). Hittil i år er det utbetalt om lag 950 mill. kroner for fire terminar: Departementet legg til grunn at tilskotsutbetalingane for 4. og 5. termin 2011 (for juli–oktober) vil bli på om lag 525 mill. kroner. Dette gir grunnlag for å justere ned anslaget for dei samla utbetalingane i 2011 til 1 475 mill. kroner.

Kap. 922 Romverksemd

Post 71 Internasjonal romverksemd

Deltaking i internasjonal romverksemd vert utbetalt i euro og amerikanske dollar. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til den europeiske romorganisasjonen ESA, og i amerikanske dollar til det kanadiske radarsatellittprogrammet, til andre valutakursar enn dei som vart lagt til grunn i saldert budsjett. Samla utgjer valutakursjusteringane ei innsparing på vel 1 mill. kroner. Samstundes har det vore ei endring i oppkallinga av programmidlar frå ESA i 2011 på grunn av endra framdrift i gjennomføringa av programma, noko som gir auke på om lag 5,1 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 4,04 mill. kroner, frå 377,36 til 381,4 mill. kroner.

Post 73 Galileo

Kontingent for norsk deltaking i det europeiske satellittnavigasjonsprogrammet Galileo vert utbetalt i euro. I 2011 har den norske innbetalinga til Galileo blitt oppjustert med om lag 1,3 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1,3 mill kroner, frå 75,3 til 76,6 mill. kroner.

Kap 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram

Post 70 Tilskot

Løyvinga dekkjer kontingent til Europakommisjonen for norsk deltaking i EU-program som Nærings- og handelsdepartementet har fagansvar for. I tillegg dekkjer løyvinga utgifter knytt til oppfølging av programma.

Basert på endeleg budsjett frå Europakommisjonen frå juli 2011, faktisk innbetalt kontingent for dei aktuelle programma til endra eurokurs og prognose for følgjeutgifter resten av året, reknar Nærings- og handelsdepartementet med samla utgifter på om lag 35 mill. kroner i 2011. Dette inneber at løyvinga kan verte redusert med 16 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 16 mill. kroner, frå 40 til 24 mill. kroner.

Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 21 Spesielle driftsutgifter

På statsbudsjettet for 2011 er det løyvd 10,7 mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting. Dei samla utgiftene for 2011 vil venteleg bli om lag 18,8 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 8,1 mill. kroner, frå 10,7 til 18,8 mill. kroner.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg

Post 50 Innovasjon – prosjekt, fond

I budsjettet for 2011 er det øyremerka 10 mill. kroner til miljøprosjekt innafor dei maritime næringane og utvikling av nærskipsfartsflåten. Det ligg ikkje an til at den øyremerka ramma vil bli nytta fullt ut.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 8 mill. kroner, frå 480 til 472 mill. kroner.

Post 90 Lån frå statskassa til utlåns-verksemd, overslagsløyving

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Selskapet betalar òg ein låne- og garantiprovisjon på 1 pst. p.a. Innlåna har blitt auka noko i 2011 ut over det som låg til grunn ved salderinga av budsjettet for 2010. Dette inneber òg at avdraga blir auka, jf. omtale under kap. 5325 post 90.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1 mrd. kroner, frå 43,7 til 44,7 mrd. kroner.

Kap. 3902 Justervesenet

Post 1 Gebyrinntekter

I saldert budsjett er det rekna med gebyrinntekter på 53,9 mill. kroner på posten. Departementet reknar med at det vil bli ei mindreinntekt på 8 mill. kroner i høve til inntekstramma for 2011. Årsaka er at det så langt i år er installert langt færre godkjende taksameter i drosjene enn venta.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 8 mill. kroner, frå 53,9 mill. kroner til 45,9 mill. kroner.

Kap. 3904 Brønnøysundregistra

Post 1 Gebyrinntekter

Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra har auka meir enn forventa i 2011. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 32,2 mill. kroner, frå 397,8 til 430 mill. kroner.

Kap. 3907 Sjøfartsdirektoratet

Post 6 Gebyr for brot på lova

På bakgrunn av føresegn i skipssikkerhetsloven, jf. Ot.prp. nr. 87 (2005–2006), har Sjøfartsdirektoratet innført gebyr for brot på lova. Nærings- og handelsdepartementet legg til grunn at det samla vil bli innbetalt om lag 6 mill. kroner i gebyr i 2011. Sjøfartsdirektoratet har handsama færre saker enn det som vart lagt til grunn i Prop. 1 S (2010–2011).

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 6 mill. kroner, frå 12 til 6 mill. kroner.

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 70 (ny)Tilbakeføring av tilskot til pensjonar for tidlegare Raufoss- tilsette

Nærings- og handelsdepartementet har motteke ei dividendeinnbetaling frå Raufoss ASA i samband med avviklinga av selskapet. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving på 7,7 mill. kroner under kap. 3950, ny post 70.

Generalforsamlinga i eit aksjeselskap kan gi styret fullmakt til å kjøpe tilbake eigne aksjar i den hensikt å slette desse aksjane på eit seinare tidspunkt. Dette er ein metode der eigenkapital vert ført attende til aksjonærane. Nærings- og handelsdepartementet inngjekk i 2010 tilbakekjøpsavtalar med Telenor ASA og Yara International ASA. Etter at kapitalnedsettinga i Telenor ASA var sett i kraft fekk staten utbetalt eit vederlag på 2 518,9 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 54 pst. Etter at kapitalnedsettinga i Yara ASA var sett i kraft fekk staten utbetalt eit vederlag å på 116,8 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 36,2 pst. På grunnlag av tilbakekjøpa gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2 625,7 mill. kroner, frå 10 til 2 635,7 mill. kroner.

Kap. 5325 Innovasjon Noreg

Post 51 (ny) Tilbakeføring av tapsfonds-midlar til såkornkapitalfond

I samband med etablering av dei distriktsretta såkornfonda var det eit mål også å opprette eit såkornfond i Innlandet. Det har ikkje lykkast å få med investorar til å opprette dette fondet.

Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om ei løyving på 14,3 mill. kroner knytt til tilbakeføring av tapsfond for såkornfond i Innlandet.

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån til Innovasjon Noreg frå statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1,55 mrd. kroner, frå 43,25 til 44,8 mrd. kroner.

Post 91 (ny) Tilbakeført kapital, såkornfond

Ein viser til post 51 om tilbakeføring av lån for såkornfond i Innlandet.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å løyve 57,3 mill. kroner under kap. 5325, ny post 91.

Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg

Post 80 Renter på lån frå statskassa

Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar for resten av året er det grunnlag for å justere løyvinga ned på grunn av langt lågare rentesatsar enn det som var lagt til grunn ved saldering av budsjettet for 2011.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 185 mill. kroner, frå 500 til 315 mill. kroner.

Post 81 Rentemargin, innovasjonslåne-ordninga

Netto rentemargin for 2010 med utbetaling i 2011 vart budsjettert til 3 mill. kroner. Det var ikkje grunnlag for utbetaling frå ordninga i 2010 med utbetaling i 2011.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner til null.

Post 85 Utbyte, lågrisikolåneordninga

Utbytet frå ordninga med lågrisikolån er fastsett til 75 pst. av årsresultatet, men avgrensa til den gjennomsnittlege innlånsrenta til staten multiplisert med selskapet sin innskotskapital på 619,8 mill. kroner. Etter vekst i låneporteføljen i seinare år var det behov for å byggje opp eigenkapitalen i ordninga i 2010 med 36,5 mill. kroner, slik at eigenkapitalen går opp frå 7,7 til 8 pst. Dette gir grunnlag for eit utbyte til staten på 2,6 mill. kroner i 2010, med utbetaling i 2011.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 12,4 mill. kroner, frå 15 til 2,6 mill. kroner.

Kap. 5656 Aksjar i selskap under NHD si forvalting

Post 85 Utbyte

I høve til inneliggande overslag for utbyte, som blei auka til 16 302 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2011, er innbetalt utbyte frå selskapa 216,7 mill. kroner høgare. Dette skuldast i hovudsak høgare utbyte frå Argentum Fondsinvesteringar AS og Mesta Konsern AS.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 216,7 mill. kroner, frå 16 302,2 mill. kroner til 16 518,9 mill. kroner.