Regjeringa prioriterer det nordiske samarbeidet. Arbeidet med å effektivisere det nordiske samarbeidet, styrkje dei politiske prioriteringane og forenkle budsjettstrukturen vil halde fram i 2012 under den norske formannskapen i Nordisk Ministerråd.

Norsk formannskap i Nordisk Ministerråd

Hovudtema er velferdsstaten i eit nordisk perspektiv, og regjeringa vil fokusere på felles utfordringar som dei ulike nordiske landa står overfor. Samtidig vil ho identifisere område der samarbeidet kan utvidast. Det er viktig at det nordiske samarbeidet utviklar og sikrar dei nordiske velferdsstatane i ei stadig meir globalisert verd.

Noreg vil følgje opp tidlegare års sterke nordiske satsing på kunnskapsbasert og grøn økonomisk vekst i eit globalt perspektiv med sikte på å auke innovasjonsevna i Norden. Det heiter at det er viktig å vidareføre arbeidet med å sikre eit inkluderande arbeidsliv, gode sosiale sikringsordningar og likskap i helse for befolkninga i dei nordiske landa, og særleg sikre at ungdom vert inkludert i arbeidsliv og samfunn.

Aktuelle saker

Globalisering

Under den norske formannskapen i 2012 er det ein ambisjon å styrkje Norden som region i forsking og innovasjon og å vurdere korleis grøn vekst kan bli ein tydelegare og meir integrert del av satsinga. Det første toppforskingsinitiativet (TFI) innanfor klima, energi og miljø (2009–2013) er så langt det største felles forskingsinitiativet i Nordisk Ministerråd, og det byggjer på felles nordiske prioriteringar og finansiering.

Gjennom globaliseringsstrategien til kulturministrane – Det kreative Norden – er nordisk kultur blitt presentert på større internasjonale arenaer dei tre siste åra. Denne satsinga synte at det nordiske kultursamarbeidet både har konkret kunstnarisk verdi og kan vekkje internasjonal merksemd og interesse.

Ei arbeidsgruppe nedsett av dei nordiske statsministrane har peike ut område og sektorar innan grøn vekst der ein felles nordisk innsats kan skape meirverdi og utgjere framtidige prioriteringar i det nordiske globaliseringssamarbeidet.

Grensehinder

Arbeidet med å fjerne grensehinder vil bli høgt prioritert under den norske formannskapen, seier regjeringa. Samarbeidsministeren har i møte med den politiske leiinga i departementa understreka det ansvaret fagdepartementa har både for å bidra til å fjerne eksisterande grensehinder og for å unngå at det utilsikta oppstår nye.

Ei ekspertgruppe som har kartlagt grensehindera for velferdsytingar på arbeidsmarknads- og sosialområdet skal levere sin rapport i første halvdel av 2012, og den norske formannskapen vil bruke rapporten som grunnlag for ein konferanse der grensehinder mellom dei nordiske landa skal takast opp til diskusjon.

Den nordiske opplysningstjenesten Hallo Norden har ei viktig rolle i arbeidet med å få fram lett tilgjengeleg informasjon om dei relevante regelverka og om kvar ein kan få bistand. Noreg vil under sitt formannskap arbeide for at grensehinder knytt til høgre utdanning ytterlegare kan minkast.

Mandatet for samarbeidsministranes grensehinderforum er no forlengt ut 2013. Grensehinderforumet arbeider sjølvstendig og uavhengig for å identifisere, prioritere og finne løysingar på hinder som kjem opp. Det vert årleg rapportert til statsministrane om status for arbeidet.

Nordens naboar

Regjeringa legg stor vekt på styrkt samarbeid og dialog mellom Nordisk Ministerråd og Nordvest-Russland. Dei nordiske landa støttar ei demokratisk utvikling i Kviterussland. Nordisk Ministerråd samarbeider aktivt med EU om støtte gjennom eksiluniversitetet European Humanities University (EHU) for kviterussiske studentar i Vilnius. Ministerrådet forvaltar i tillegg eit stipendprogram for unge kviterussarar og samarbeider med EU om å gjennomføre eit prosjekt til støtte for sivilsamfunnet.

Eit nordisk-baltisk mobilitetsprogram på områda offentleg administrasjon, næringsverksemd og kultur skal styrkje det politiske samarbeidet mellom dei åtte landa og bidra til å fremje utvikling av ein konkurransedyktig austersjøregion i desse tre sektorane. Dei baltiske landa deltar òg i det nordiske mobilitetsprogrammet for kultur.

I samspel med landa og andre regionale råd spelar Nordisk Ministerråd ei aktiv rolle i helse- og sosialsamarbeidet i nærområda til Norden. Nordisk Ministerråd har særleg retta innsatsen mot utsette barn og unge og urfolks helse.

NORA (Nordisk Atlantsamarbeid) er ein grenseregional komité under Nordisk ministerråd der Færøyane, Grønland, Island og Kyst-Noreg er deltakarar. Noreg har formannskapen for komiteen i perioden 2011–2012.

Det andre ministermøtet i Den nordlege dimensjonen 2. november i fjor i Noreg viste at samarbeidet har utvikla seg mykje, og at viktige prosjekt vert gjennomførte i dei to partnarskapane for miljø (NDEP) og for helse og livskvalitet (NDPHS). Noreg vil gjere meir bruk av og gje nye løyvingar til prosjekt som gjeld automtryggleik i NDEP. Noreg er formann for partnarskapen for transport og logistikk i år, og regjeringa er særleg oppteken av å utvikle partnarskapen som passar godt til den generelle satsinga på næringsutvikling, transport og logistikk i nordområda. Noreg legg vekt på det maritime aspektet og utvikling av aust-vest-trafikken.

Austersjørådet

Noreg har under sin formannskapsperiode i Auster-sjørådet hatt to særskilde operative prioriteringar: maritim politikk og kamp mot menneskehandel. Innanfor maritim politikk har særleg overgang til meir miljøvennleg drivstoff for skip som trafikkerer Auster-sjøen, stått sentralt. Regjeringa ser no aukande forståing i regionen for at flytande gass, LNG, er eit slikt miljøvennleg alternativ, og utfordringa framover blir å etablere ein brei infrastruktur for bunkring av LNG i regionen. På det andre prioriterte området la ein vekt på den tiltakande menneskehandelen i arbeidsmarknaden.

Barentssamarbeidet. Norsk formannskap

Noreg tok over som formann i Barentsrådet 14. oktober i år. I januar 2013 er det 20-årsjubileum for kirkenesfråsegna og opprettinga av Barentssamarbeidet. Noreg vil gjere framlegg om å utarbeide ei ny Kirkenesfråsegn som speglar nye realitetar, endringar og noverande og framtidige utfordringar. Det vil òg bli arbeidd for å få til eit toppmøte i jubileumsåret.

Samarbeidet fungerer godt, og regionen og samarbeidet får stadig større internasjonal merksemd, særleg som potensiell ressursregion (mineral, metall, olje og gass). Det er utarbeidd ei rekkje studiar og analysar av transportinfrastrukturen og transportstraumane i Barentsregionen. Dette er ei oppfølging av nordområdestrategien til regjeringa.

For Noreg har tilhøvet til Russland vore heilt sentralt i utviklinga av Barentssamarbeidet. Eit strategisk mål er å fremje Barentsregionen som ein innovativ og miljøansvarleg ressursregion.

Arktisk råd

Arktisk råd er blitt det viktigaste sirkumpolare samarbeidsorganet for drøfting av arktiske spørsmål dei siste åra. Årsaka er i første rekkje eit resultat av auka fokus på Arktis som følgje av klimaendringane. På ministermøtet i Nuuk i mai 2011vart det mellom anna vedteke at Arktisk råd skal ha det permanente sekretariatet sitt i Tromsø. Dette vil bidra til å markere Tromsø som eit kraftsentrum i norsk og internasjonal polar samanheng.

Regjeringa seier at den største utfordringa i Arktis er å finne balansen mellom vern og bruk av områda som kan bli liggjande opne når havisen har trekt seg tilbake. Auka ressursutnytting og trafikk i arktiske farvatn gjer det nødvendig å vurdere oljesølberedskapen i desse farvatna. Ministermøtet i Nuuk gav mandat til at det vert oppretta ei arbeidsgruppe for å forhandle fram ein avtale om oljesølberedskap i Arktis.

Nordisk samarbeid om europeiske spørsmål

Det nordiske samarbeidet gjev ei viktig ramme for drøftingar av europeiske politiske spørsmål, og europaspørsmål er difor eit fast punkt på dagsordenen for nordiske og nordisk-baltiske ministermøte. Noreg deltek òg med jamne mellomrom på nordiske eller nordisk-baltiske formøte før nokre av rådsmøta i EU. Dette gjeld særleg rådsmøte om miljø, energi og samferdsel.

Sett frå norsk side er det særleg viktig å sørgje for at europapolitiske saker med relevans for Noreg vert diskuterte i den nordiske kretsen på eit tidleg tidspunkt. I halvårsperiodane med nordisk formannskap vert det nære nordiske samarbeidet ekstra viktig for Noreg.

For Noreg er det viktig at vi held oppe dei nordiske modellane på område der EU etablerer og vidareutviklar tilsvarande samarbeid. Ved å sikre at det nordiske samarbeidet er velfungerande og attraktivt, kan Noreg medverke til at dei nordiske EU-medlemslanda vidarefører dette sjølv når liknande samarbeid på EU-nivå blir forsterka.

Utanriks-, forsvars- og utviklingspolitisk samarbeid

Regjeringa seier at semja om ei nordisk solidaritetserklæring på det nordiske utanriksministermøtet i Helsingfors 5. april i år er eit tydeleg uttrykk for viljen hos dei nordiske landa til å gå vidare i arbeidet med å fordjupe det utanriks- og sikkerheitspolitiske samarbeidet.

I første omgang vil erklæringa bli følgd opp med eit nordisk samarbeid mot digitale angrep, og m.a. har ein sett på dei tekniske og økonomiske føresetnadene for eit sikra nordisk kommunikasjonsnettverk.

Rapporten med forslag til korleis det nordisk- baltiske samarbeidet kan styrkjast blir fylgt opp.

I Stoltenberg-rapporten er samarbeid om utan-rikstenesta definert som eit eige satsingsområde. Som støtte for stasjonane er det utarbeidd ein omfattande katalog over konkrete samarbeidstiltak som kan innførast lokalt på ei rekkje felt, både på dei tradisjonelle administrative og konsulære samarbeidsområda og på saksfelt knytte til utanrikspolitikk og økonomi, bistandspolitikk, kultur, handel og næringsliv og anna.

På det forsvarspolitiske området er det overordna målet med samarbeidet å finne fram til løysingar som kan gje reduserte kostnader og auka operativ evne. At dei nordiske landa har ulik tilknyting til NATO og EU, er ikkje til hinder for eit auka forsvars- og tryggingspolitisk samarbeid i Norden. Samarbeidet om trening og øving aukar. Den norske regjeringa arbeider for å styrkje det nordiske samarbeidet til støtte for FNs fredsoperative innsats.

Sverige og Finland vil innan kort tid knyte seg opp til NATOs felles luftovervakingssystem via Noreg. Dette samarbeidet kjem også NATO til gode og gjev rom for eit utvida luftoperativt samarbeid mellom Noreg, Sverige og Finland.

Ein nordisk tryggingsavtale gjer det mogleg å utveksle gradert nasjonal informasjon mellom dei nordiske landa. Det blir òg arbeidd med å forenkle prosedyrane for grensekryssing av militært personell og materiell mellom de nordiske landa.

Noreg er ein pådrivar for å styrkje det nære bistandssamarbeidet med dei andre nordiske landa. Det er brei semje om at bistanden kan gjerast meir effektiv, både gjennom bilaterale og multilaterale kanalar. Samarbeidet med Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane er formalisert gjennom ein omfattande nordisk koordineringsprosess og ei rotasjonsordning for representasjon i dei styrande organa.

Kultur, utdanning og forsking

Den nordiske samarbeidsstrukturen på kulturfeltet har gjennomgått markante endringar dei siste åra, for å gjere samarbeidet meir dynamisk og fleksibelt. Ei gjennomført evaluering viste at nyordninga av det nordiske kultursamarbeidet i stor grad har vore vellykka, heiter det i meldinga.

Den norske formannskapen i 2012 vil setje nasjonale kulturpolitiske prioriteringar på dagsordenen. Barn og unge vil òg vere eit satsingsområde. Det er løyvd nordiske midlar til arbeid med ein språkkampanje i 2011. Målet er å styrkje forståinga av skandinaviske språk blant ungdom.

Nordisk Ministerråd har vedteke å setje i gang eit samarbeidsprosjekt for små handverksfag i 2011 med Noreg som prosjektansvarleg.

Eit breitt fellesnordisk initiativ for utdanningsforsking og forskingsformidling, samt forslag om nordisk samarbeid om lærarutdanning er under planlegging.

Nordplus, NMRs store mobilitets- og nettverksprogram, skal bidra til å utvikle Norden til eit dynamisk og attraktivt regionalt utdanningsområde. Det nordiske masterprogrammet (Nordic Master Programme) er eit vellykka samarbeidsprosjekt om felles masterutdanning mellom universitet i minst tre nordiske land. Noreg kom godt ut av den nyleg gjennomførte evalueringa av programmet.

Miljø

Det nordiske samarbeidet er i særleg grad retta mot å påverke regelverksutviklinga i EU og andre internasjonale prosessar, til dømes forhandlingane om en ny global kvikksølvavtale. Nordisk miljøfinansieringsselskap (NEFCO) har med åra utvikla seg til å bli ein av dei viktigaste reiskapane til dei nordiske landa i arbeidet med å få sett i verk kostnadseffektive miljøtiltak i Nordens nærområde.

Nærings-, energi- og regionalpolitikk

Det går fram av meldinga at verksemda på næringsområde er styrt av eit nordisk samarbeidsprogram for innovasjon og næringspolitikk, med fire prio-riterte område: grøn vekst, velferd, innovasjon og entreprenørskap. Noreg har fått ansvar for eit prosjekt knytt til innovasjon gjennom offentleg innkjøp og regulering i helsesektoren. Prosjektet skal setje fokus på behovet for innovative og effektive løysingar slik at dei nordiske landa blir i stand til å takle den aukande etterspørselen etter omsorgstenester.

Det nordiske energisamarbeidet har fokusert på ein nordisk elektrisitetsmarknad, fornybar energi, energieffektivitet, energi i område med spreidd folkesetnad og Norden i eit globalt perspektiv. I tillegg har forsking og teknologiutvikling hatt høg prioritet gjennom eit nordisk energiforskingsprogram (NEF), som vektlegg reinare teknologiar og løysingar, til dømes vindkraft, solenergi, bioenergi, havenergi, systemløysingar og intelligente infrastrukturløysingar. Det er sentralt for det nordiske energisamarbeidet å spele ei aktiv rolle i samband med utforminga av energipolitikken i Europa innanfor ramma av EU/EØS.

Regjeringa meiner at det nordiske samarbeidet på elektrisitetsområdet har styrkt forsyningstryggleiken, betra utnyttinga av dei samla nordiske kraftressursane, auka investeringane i overføringssamband mellom landa og fremja transparens i marknaden. Utvikling av rammevilkår for energieffektivisering og fornybar energi blir spesielt interessant for dei nordiske landa i lys av utviklinga av direktiv og nye initiativ i EU og EØS.

Jord- og skogbruk

Programmet «Ny nordisk mat» er blitt svært populært i dei nordiske landa, og fremmer regional utvikling og verdiskaping, dessuten profilering av nordisk mat og matkultur både nasjonalt og internasjonalt. Frå norsk side legg ein stor vekt på mat til mange og på kvardagsmat, som òg skal fremje helse og velvære. Det nordiske samarbeidet om genressursar for landbruket er samordna og lagt under Nordisk genressurssenter (NordGen). NordGen har ansvaret for drifta av frølageret på Svalbard.

Det vert sagt i meldinga at det ligg til rette for auka nordisk innsats i planteforedlingsarbeidet. Ein privat-offentleg partnarskap med nordiske selskap og offentlege lærestader er oppretta med sekretariat i NordGen. Det er venta at ein slik innsats vil ha svært god nordisk nytte.

Økonomi- og finanspolitikk

Eit nordisk prosjekt om å inngå avtalar med skatteparadis om informasjonsutveksling har vore ein suksess og resultert i at dei nordiske landa hittil har inngått bilaterale avtalar om informasjonsutveksling med meir enn tretti jurisdiksjonar. Fleire avtalar er venta underteikna i 2011.

Sosial og helse, inkl. narkotika

Regjeringa vonar at tettare nordisk samarbeid om demensomsorg og avansert demensforsking vil gje denne pasientgruppa ein betre livskvalitet. Det er mellom anna sett i gang eit nordisk samarbeidsprosjekt om utvikling av teknologiske hjelpemiddel for yngre personar med demens.

Eit nordisk samarbeid om høgspesialisert pasient-behandling er under vurdering. Arbeidet skal konkretiserast og følgjast opp under den norske formannskapen. Noreg vil òg foreslå eit samarbeid om tiltak som kan fremje pasienttryggleikskultur og læringskultur både i og utanfor sjukehus. Regjeringa meiner det er behov for eit nærmare samarbeid mellom offentlege myndigheiter, næringsliv, forsking og utvikling når det gjeld å finne nye løysingar på omsorgs- og velferdsutfordringane i framtida.

Noreg vil under sin formannskap følgje opp eit forslag om korleis det kan etablerast eit nordisk samarbeid for å auke omfanget av kliniske studiar på nye behandlingsmetodar i Norden.

Det er utarbeidd retningslinjer som konkretiserer rutinar og prosedyrar for eit nordisk helseberedskapssamarbeid. Samarbeidet ved kriser skal prøvast hausten 2011 i to store feltøvingar. Ved fleire høve har det nordiske helseberedskapssamarbeidet vore til nytte under hendingar dei seinare år, seinast ved jordskjelvet, tsunamien og atomulykka i Japan i 2011. Regjeringa ser på dette som eit svært viktig samarbeidsområde.

Arbeidsmarknad og arbeidsmiljø

Ministerrådet for arbeidsliv har diskutert dei nordiske landa sin innsats mot arbeidsløyse blant unge. Den norske formannskapen vil prioritere eit inkluderande arbeidsliv og innsatsen dei nordiske landa gjer for å sikre høg sysselsetjing og låg arbeidsløyse, og bidra til sosial inkludering. Formannskapsprogrammet skal òg bidra til å styrkje yrkesaktiviteten blant eldre og fremme kunnskapsutvekslinga på området aktiv aldring.

Ernæring og mattryggleik

Som ledd i oppfølginga av den nordiske handlingsplanen for betre helse- og livskvalitet gjennom mat og fysisk aktivitet, er målingar av fysisk aktivitet, kostvanar og førekomst av overvekt blitt gjennomført blant barn og vaksne i dei nordiske landa i 2011. Dette monitoreringssystemet skal vurdere effekten av politiske tiltak i handlingsplanen.

Mikrobiologi er eit anna satsingsområde. Det er sett i gang fleire nordiske prosjekt knytte til moglege «nye» dyresjukdommar som kan komme som følgje av klimaendringar.

Justissektoren

Det nordiske lovsamarbeidet har til mål å skape mest mogleg einsarta lovgjeving i dei nordiske landa. Ei av prioriteringane er å fremje nordisk rettslikskap i samband med gjennomføringa av fellesskapsrettsakter i nasjonal rett.

Det nordiske politisamarbeidet er under utvikling og vert til ein viss grad påverka av prosessar og ini-tiativ i EU, seier regjeringa. Mellom anna vil den såkalla Prüm-avtalen, som no er ein del av EU-regelverket, vere grunnlaget for nye tiltak innan nordisk politisamarbeid.

Dei nordiske justisministrane har gjeve rikspolitisjefane i oppdrag å undersøkje kva for tiltak som kan forbetre samordninga av politiets innsats i Norden, særleg mot mobile vinningskriminelle.

Sidan april 2009 er det halde ministermøte mellom ministrar med ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i Norden. Det går fram av ei felles erklæring (Haga-erklæringa) at dei nordiske landa i fellesskap skal undersøkje og konkretisere eit samarbeid innanfor redningsteneste, øving og utdanning, beredskap mot masseøydeleggingsmiddel (CBRN), krisekommunikasjon med publikum, bruk av frivillige og forsking og utvikling. Noreg har sidan juni 2009 hatt formannskapen i det nordiske redningstenestesamarbeidet NORDRED. Det har vorte oppretta eit nordisk prosjekt, for å forsterke det nordiske grenseoverskridande operasjonelle arbeidet knytt til redning og beredskap.

Samferdsel

Det uformelle nordiske regjeringssamarbeidet i transportsektoren legg vekt på å fremje effektiv, konkurransekraftig, sikker og miljøvennleg transport og trafikk i Norden og nærområda, fremje den politiske debatten og vere eit forum for erfaringsutveksling. EØS-spørsmål har fått stadig større merksemd, og samarbeidet har mellom anna teke sikte på å påverke transportpolitikken i EU i retning av Den nordlege dimensjonen.

Samar og nasjonale minoritetar

Det går fram av meldinga at det første forhandlingsmøtet om ein nordisk samekonvensjon blei halde i Sverige i mars 2011. Regjeringa ser på Samisk parlamentarisk råd (SPR) som eit viktig organ både for utviklinga av det nordiske samarbeidet og for eit styrkt samarbeid urfolk imellom og mellom urfolka og styresmaktene.

Organisering av det nordiske samarbeidet

Statsministrane har det overordna ansvaret for det nordiske regjeringssamarbeidet og har regelmessige møte i tillegg til den kontinuerlege kontakten om nordiske og internasjonale spørsmål.

Samarbeidsministrane koordinerer det nordiske regjeringssamarbeidet, og fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud skal leie møta mellom samarbeidsministrane under den norske formannskapen i 2012. Samarbeidsministeren legg stor vekt på å ha eit godt samarbeid med Nordisk Råd.

Eit viktig ansvarsområde er ministerrådsbudsjettet og økonomistyringa. Budsjettet til Nordisk ministerråd for 2011 var på 935 mill. danske kroner og blei vedteke etter semje med Nordisk råd. Den norske delen er 29,0 prosent basert på ein fordelingsnøkkel som vert rekna ut med utgangspunkt i kor stor del av den samla nordiske bruttonasjonalinntekta kvart land står for.