1.1 Sammendrag

Finansmarknadsmeldinga 2011 omhandlar følgjande tema:

Kapittel 2 handlar om utsiktene for finansiell stabilitet i Noreg. I kapitlet er det mellom anna greidd ut om det makroøkonomiske biletet, tilhøva på finansmarknadene, risikoutviklinga for finansinstitusjonane og soliditeten og resultata i institusjonane. Kapitlet inneheld òg ei kort oversikt over arbeidet med å tryggja finansiell stabilitet i Noreg (2.2). Omtala i kapitlet gjeld stort sett tilhøve i 2011, men på somme punkt er framstillinga oppdatert med tal for dei fyrste månadene av 2012.

Kapittel 3 gjev ei oversikt over nokre sentrale initiativ til regelverksendringar som har kome mellom anna som følgje av røynslene frå finanskrisa. Blant dei omtala prosessane er framlegg til nye EU-reglar om kapitaldekning og likviditet i bankar (CRD IV), nye reglar om innskotsgarantiordningar og nytt solvensregelverk for forsikringsselskap (Solvens II). Kapitlet inneheld òg på ein del punkt merknader om korleis Finansdepartementet stiller seg til og arbeider med desse regelverksinitiativa.

I kapittel 4 er det i år teke inn ei omtale av korleis sparebankar og sparebankstiftingar utøver samfunnsansvar gjennom å dela ut gåver til allmennyttige føremål.

Kapittel 5 handlar om hovudtrekka i dei gjennomførde regelverksendringane i Noreg, og om dei viktigaste løyvesakene som Finansdepartementet og Finanstilsynet har handsama på finansmarknadsområdet i 2011.

Kapittel 6 inneheld ei omtale av verksemda til Noregs Bank i 2011 og ei vurdering av korleis pengepolitikken vert utøvd. Omtala av verksemda til Noregs Bank er lovpålagd, jf. sentralbanklova § 30. Kapittel 7 inneheld ei omtale av verksemda til Finanstilsynet i 2011. Innhaldet i kapittel 6 og 7 byggjer i stor mon på årsmeldingane frå institusjonane.

Kapittel 8 inneheld omtale av verksemda til Folketrygdfondet i 2011, med omtale av Statens pensjonsfond Noreg i kapittel 8.3 og Statens obligasjonsfond i kapittel 8.4. Verksemda i Statens finansfond er omtala i kapittel 9.

Som varsla i Meld. St. 21 (2010–2011) Finansmarknadsmeldinga 2010 har departementet vurdert forma på og innhaldet i rapporteringa til Stortinget om verksemda i Noregs Bank og Statens finansfond, mellom anna om denne rapporteringa framleis bør vera ein del av den årlege finansmarknadsmeldinga. Departementet meiner den gjeldande rapporteringsordninga er god. Departementet ser difor ikkje grunn til å endra korkje forma på eller innhaldet i den årlege rapporteringa til Stortinget om verksemda til Noregs Bank og Statens finansfond.

Som varsla i Finansmarknadsmeldinga 2010, og som finanskomiteen slutta seg til i Innst. 439 S (2010–2011), vert omtala av verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF) i 2011 ikkje teken med i Finansmarknadsmeldinga 2011.

Årsmeldingane frå Noregs Bank, Finanstilsynet og Statens finansfond for 2011 følgjer som utrykte vedlegg til denne meldinga.

1.2 Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunvor Eldegard, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen, Thor Lillehovde, lederen Torgeir Micael-sen, Torfinn Opheim og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet, Ida Marie Holen, Ketil Solvik-Olsen, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, viser til at det ble avholdt åpen høring om foreliggende sak 29. mai 2012 der sentralbanksjef Øystein Olsen var særskilt invitert. Referat fra høringen med sentralbanksjefen følger som vedlegg til denne innstillingen.

Komiteen viser videre til at der det er referert til tabeller og figurer i sammendragene, refereres det til tabeller og figurer i meldingen.