Det vises til Prop. 1 S (2012–2013) for omtale
av norsk svalbardpolitkk og nærmare omtale av forslag til svalbardbudsjett
for 2013 samt forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre
departement over statsbudsjettet.
Svalbard omfattar alle øyar, holmar og skjer mellom
10 og 35 grader austleg lengd og 74 og 81 grader nordleg breidd.
Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 anerkjenner norsk suverenitet over
øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg.
Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard og tek
vare på statens interesser på øygruppa.
Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet
til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse
midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja
eit eige svalbardbudsjett. Stortinget slutta seg til regjeringa
sitt ønske om å vidareføre ordninga med eit eige svalbardbudsjett
under behandling av St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard.
Justis- og beredskapsdepartementet fremjar svalbardbudsjettet
som ein eigen budsjettproposisjon samtidig med statsbudsjettet.
I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som
er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er dels verksemd på
Svalbard underlagt Justis- og beredskapsdepartementet, og dels verksemd underlagt
andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane
sine over svalbardbudsjettet.
Budsjettramma på svalbardbudsjettet for 2013
er 317,3 mill. kroner. Dette er 23,8 mill. kroner eller 8,1 pst.
auke i forhold til vedtatt budsjett for 2012. Underskotet på svalbardbudsjettet
for 2013 er stipulert til 145,7 mill. kroner og blir inndekt gjennom
eit tilskot over Justis- og beredskapsdepartementets budsjett kap.
480 post 50 Tilskudd.