Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om pensjonar frå statskassa

Dette dokument

  • Innst. 45 S (2012–2013)
  • Kildedok: Prop. 136 S (2011–2012)
  • Dato: 25.10.2012
  • Utgiver: arbeids- og sosialkomiteen
  • Sidetall: 3

Til Stortinget

Sammendrag

Innleiing

I samsvar med Grunnlova § 75 bokstav i leggast det fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget. Det leggas òg fram ei vurdering av moglege pensjonsløysingar for lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar, jf. Innst. 367 S (2010–2011).

Pensjonar som blei utbetalte i 2011 var kr 15 575 120. I statsbudsjettet for 2012 er det løyvt kr 19 100 100 på kap. 1541 post 1, Pensjonar frå statskassa.

Det visast til proposisjonens kapittel 2 der det blir gjort greie for ordninga.

Departementet si vurdering

Ettersom det er oppretta stadig fleire lovfesta pensjonsordningar som gir rett til alders-, uføre- og attlevandepensjon, har pensjon frå statskassa fått tilsvarande mindre omfang. Pensjon frå statskassa er i dag ein sikringsventil, der Stortinget ut i rå ei rimelegheitsvurdering kan gje ei pensjonsyting i særskilde høve.

Dei siste åra har proposisjonen berre omhandla pensjon til lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Det er grunn til å tru at det vil kome få nye søknader som gjeld tidlegare statstilsette utan medlemskap i Statens Pensjonskasse, eller personar med krigsteneste under andre verdskrig. Når det gjeld pensjon frå statskassa på særskilde grunnlag, kan ein ikkje utelukke at det også i framtida kan vere personar som ikkje blir fanga opp av det ordinære regelverket.

Særleg om lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar

I samband med arbeids- og sosialkomiteen si handsaming av Prop. 108 S (2010–2011) Pensjonar frå statskassa, jf. Innst. 367 S (2010–2011) ba fleirtalet i komiteen om ei vurdering av alternativ til pensjon av statskassa til lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar.

Det følgjer av utanriksinstruksen at:

«…lønns- og arbeidsbetingelser skal nedfelles i en arbeidskontrakt som skal være i samsvar med tjenestelandets lover og regler. Lokalt ansatte skal sikres gjennom adekvate lokale trygde- og forsikringsordninger.»

Dei aller fleste er omfatta av lokale trygde- og pensjonsordningar. Utanriksstasjonane har eit ansvar for at det blir oppretta slike lokale ordningar.

Det visast til proposisjonens kapittel 3 kor det er gjort greie for tre moglege praktiske løysingar for denne gruppa.

Tilhøve i tenestelandet, til dømes politisk uro, høg inflasjon og stor uvisse med omsyn til bank- og forsikringsordningar, kan føre til at vedkomande ikkje får den ytinga vedkomande har opparbeidd seg rett til ved alderdom, uførleik eller tap av forsørgjar. Det er i slike situasjonar føremålstenleg at utanriksstasjonen kan søkje om pensjon av statskassa for dei som elles ikkje ville fått pensjon.

Eit alternativ som blir gjort greie for i proposisjonen er å opprette ei eiga lovfesta pensjonsordning for alle lokalt tilsette. Dette kan vere uheldig fordi det vil kunne føre til at tilknytinga til den lokale ordninga blir broten, i tillegg vil det vere vanskeleg å utforme detaljerte reglar for ei eiga lovfesta ordning som er tilpassa løns- og pensjonssystema i dei ulike landa. Ordninga må i så fall gje rom for ein viss grad av skjønn, noko ordninga med pensjon frå statskassa allereie opnar for. På denne bakgrunnen kan ein ikkje sjå at ei eiga lovfesta pensjonsordning for lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar er eit høveleg alternativ.

Oppsummering

Det er i dag særs få som får pensjon frå statskassa. Ut frå ei samla vurdering er det ikkje tungtvegande grunnar for å endre denne praksisen. Pensjon frå statskassa blir gjeve berre unnataksvis, og representerer ein viktig sikringsventil som har stor verdi for dei få det gjeld. Stortinget bør også i framtida kunne gje pensjon frå statskassa i særlege høve.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Tove Linnea Brandvik, Thor Erik Forsberg, Steinar Gullvåg, Kari Henriksen og Anette Trettebergstuen, fra Fremskrittspartiet, lederen Robert Eriksson, Vigdis Giltun og -Laila Marie Reiertsen, fra Høyre, -Sylvi Graham og Edvard Mæland , fra Sosialistisk Venstreparti, Karin -Andersen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og fra Kristelig Folkeparti, Laila Dåvøy, viser til Innst. 367 S (2010–2011), Prop. 108 S (2010–2011) Pensjonar frå statskassa der en samlet komité uttalte følgende:

«Komiteen er enig i at man bør vurdere en alternativ pensjonsløsning for denne aktuelle gruppen. Komiteen legger til grunn at regjeringen følger opp dette på egnet måte.»

I Innst. 15 S (2011–2012) ga komiteen uttrykk for følgende:

«Komiteen viser til Stortingets behandling av Prop. 108 S (2010–2011) jf. Innst. 367 S (2010–2011) der komiteen gir uttrykk for ønske om en annen pensjonsløsning for den aktuelle gruppen og ber om at regjeringen følger opp dette.»

Her sier komiteen klart at de ønsker en annen pensjonsløsning for ansatte ved norske utenriksstasjoner. Dette er ikke fulgt opp i Prop. 136 S (2011–2012). Komiteen er enig i regjeringens oppsummering i Prop. 136 S (2011–2012) om at:

«Pensjon frå statskassa blir gitt berre unntaksvis, og representerer ein viktig sikringsventil som har stor verdi for dei få det gjeld.»

Denne begrunnelsen tilsier at en ordning som er mer forutsigbar og som gir dem det gjelder større trygghet for fremtiden, ville forbedre kvaliteten på «sikkerhetsventilen». Komiteen anser derfor fremdeles at det bør utarbeides et regelverk og faste rutiner for utformingen av arbeidsavtaler for lokalt tilsatte ved norske utenriksstasjoner som gir dem muligheten til langsiktig og forutsigbare pensjonsforhold. Komiteen støtter regjeringen i at det også i fremtiden bør kunne ytes pensjoner fra statskassa til lokalt ansatte ved norske utenriksstasjoner.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener at formuleringen og intensjonen i komitémerknaden fra Innst. 367 S (2010–2011), og særlig i Innst. 15 S (2011–2012), skulle tilsi at regjeringen kom tilbake til Stortinget med et forslag til «en annen pensjonsløsning», ikke en vurdering av at eksisterende løsning er god nok for lokalt ansatte ved norske utenriksstasjoner. Disse medlemmer anser at en sikkerhetsventil der «Stortinget ut ifrå ei rimelighetsvurdering kan gi ei pensjons-yting i særskilte høve» ikke er egnet til å gi sikkerhet for inntekter i pensjonisttilværelsen, men at de lokalt ansatte bør ha samme lovfestede rett til å vite hva de vil kunne oppnå i pensjon som andre arbeidstakere i Norge. Disse medlemmer støtter regjeringens syn om at lokalt ansatte ved norske utenriksstasjoner skal ha rett til forholdsmessige pensjonsytelser, men ønsker at rettigheten skal lovfestes og reguleres og inngå som en del av en arbeidsavtale.

Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om å lovfeste rettigheter til pensjonsytelser for lokalt ansatte ved norske utenriksstasjoner.»

Forslag fra mindretall

Forslag fra Fremskrittspartiet:

Forslag 1

Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om å lovfeste rettigheter til pensjonsytelser for lokalt ansatte ved norske utenriksstasjoner.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Opplysningar om søkjaren

Pensjon

Nr.

Namn

Alder ved -avskjeden (for etterlatne, -noverande -alder)

Pensjons- ansiennitet

Vedteke

Pr. mnd.

Gitt frå

Merknad

Utanriksdepartementet

1

Maximo Sandoval (Venezuela)

65

-

21.4.2010

3 460

1.1.2011

2

Juan Rivera (Venezuela)

60

23.6.2010

1 355

1.1.2011

3

Sigrid Greiner- von Lukowitz (Tyskland)

62

7

1.12.2010

5 825

1.4.2011

4

Ryoko Nakajo (Japan)

60

21.12.2010

16 335

1.3.2011

5

Milenko Stojicic (Serbia)

65

24.1.2011

6 002

1.1.2011

6

Mohamed Abdel Mottaleb (Egypt)

76

29.6.2011

1 695

1.8.2011

7

José Luis Miranda (Nicaragua)

61

30.6.2011

540

1.7.2011

8

Tomasa Hidalgo (Nicaragua)

55

30.6.2011

649

1.7.2011

9

Gaudalupe Peña (Nicaragua)

60

30.6.2011

858

1.7.2011

10

Elin Sørensen Ette (Elfenbenskysten)

69

8

30.6.2011

6 339

1.7.2011

11

Boris Pavlovitsj Tikhomirov (Russland)

61

22.11.2011

3 652

1.7.2011

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 25. oktober 2012

Robert Eriksson

ordfører og leder