Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Oppfølginga av rapporten frå Thorvald Stoltenberg om styrking av det nordiske utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet (2009) er framleis ei viktig kjelde til politisk dynamikk og konkrete tiltak.
Ei konkret oppfølging av den nordiske solidaritetserklæringa frå 2011 er etableringa av eit gradert kommunikasjonsnettverk mellom dei nordiske nasjonale styresmaktene, Governmental Cyber Emergency Response Team (GovCERT). Ambisjonen er at kommunikasjonsnettverket skal vere på plass innan utgangen av 2012.
Den norske regjeringa arbeider for å styrkje det nordiske samarbeidet til støtte for FNs fredsoperative innsats, noko det er klar interesse for hjå våre nordiske naboar. Saman kan dei nordiske landa bidra til utvikling av politikk og praktiske retningslinjer i FN og til meir effektive fredsoperasjonar.
Dei nordiske landa er inviterte til å bruke den informasjonen som er tilgjengeleg gjennom det norske havovervakingssystemet BarentsWatch. Noreg jobbar for at dei ulike systema for havovervaking som er etablerte i Norden, kan trekkje vekslar på kvarandre, og at det gode samarbeidet som er etablert, skal styrkjast i tida framover.
Det er semje om at det nordiske ambassadesamarbeidet skal byggjast ut og styrkjast. I tillegg til å sikre ei betre ressursutnytting vil eit tettare nordisk samarbeid vere verdifullt for å fremje felles nordiske utanrikspolitiske prioriteringar, samtidig som det gjer Norden meir synleg. Det vert lagt opp til at dei nordiske landa skal kunne gjere vedtak om ytterlegare nordisk samlokalisering på neste nordiske utanriksministermøte 31. oktober i år. Noreg vil framleis vere ein pådrivar for å bidra til eit stadig tettare, betre og meir effektivt samarbeid mellom dei nordiske utanrikstenestene.
Fleirnasjonalt forsvarssamarbeid vert sett på som eit stadig viktigare verkemiddel for å løyse felles grunnleggjande utfordringar i forsvars- og tryggingspolitikken. Det er ein stadig tettare politisk dialog om å samarbeide tett om felles tryggings- og forsvarspolitiske utfordringar i Norden.
Regjeringa legg stor vekt på at den breie politiske tilslutninga i dei nordiske landa vert følgd opp gjennom praktiske sikkerhets- og forsvarspolitiske samarbeidstiltak. At ein stadig opnar opp for nye samarbeidsområde, vitnar om at satsingane frå dei nordiske regjeringane på nordisk samarbeid tilfører ein merkbar tilleggs- og nytteverdi.
Det praktiske militære samarbeidet i Norden er styrkt ytterlegare det siste året og har vekt interesse også utanfor Norden. Rasjonaliseringseffektane av eit sterkare nordisk samarbeid kan leggje til rette for at Noreg kan verkeleggjere eit høgare forsvarspolitisk ambisjonsnivå det enn det ein kunne oppnå utan eit slikt samarbeid.
Våren 2012 tok Noreg eit nytt initiativ for å leggje til rette for å stille eit felles militært bidrag i ein FN-operasjon.
Samarbeidet om trening og øving aukar. Særleg gjeld dette for kampfly.
Kapabilitetssamarbeidet vert òg styrkt fortløpande. Dei nordiske landa har identifisert nokre prioriterte område der behova er samanfallande.
Noreg er ein pådrivar for å styrkje det nære samarbeidet om utviklingsspørsmål med dei andre nordiske landa. Det er brei semje om at bistanden kan gjerast meir effektiv, både gjennom bilaterale og multilaterale kanalar.
Dei nordiske kulturministrane slutta seg på møtet i Oslo i april til satsinga på eit løft for nordisk barne- og ungdomslitteratur, og det vil bli lagt fram eit ministerrådsforslag om satsinga til Nordisk råds sesjon hausten 2012. Det var òg tilslutning til arbeidet med ein ny strategi for kultursamarbeidet som skal gjelde for åra 2013–2020.
Det er teke initiativ til ei undersøking for å kartleggje korleis tilgangen til kultur frå nabolanda kan betrast. Resultata av kartlegginga vil bli lagt fram i ein rapport hausten 2012.
I arbeidet med å profilere Norden som ein kreativ, levande og dynamisk region vil den nordiske festivalen på Kennedy Center i Washington, D.C. i februar 2013 verte ein viktig arena for kunst og kultur frå heile Norden.
Dei tre programma til ministerrådet – kultur- og kunstprogrammet, det nordisk-baltiske mobilitetsprogrammet og det nordiske dataspillprogrammet – gav i 2011 støtte til over 400 prosjekt.
Nordisk kulturfond prioriterer aktivitetar som aktivt og konkret gjer det enklare for barn og unge å ta del i det nordiske kultursamarbeidet, og som bidreg til å styrkje den nordiske språkforståinga. Fondet gjev i 2012 ei særleg løyving på 3 mill. DKK til Nordisk kulturfestival for barn og unge, med fokus på kultur som vert utøvd av barn og unge.
Education for tomorrow er eit nytt nordisk utdanningsforskings- og formidlingsinitiativ som vart etablert i år med eit totalt budsjett på 75 mill. kroner.
Det er sett i verk eit nordisk samarbeid om felles utdanningstilbod for små og verneverdige fag / små handverksfag. Hausten 2012 starter eit prosjekt der Noreg, Danmark og Island går vidare med å prøve ut samarbeid i faget båtbyggjar/trebåtbyggjar.
Det vert no arbeidd med å følgje opp tilrådingane i rapporten «Vilja till forskning?» som omfattar forslag om betre samspel mellom forsking, høgare utdanning og innovasjon, felles bruk av infrastruktur, opning av nasjonale forskingsprogram for nordiske forskarar, tiltak for å fremje forskarmobilitet og tiltak for å fremje samspelet mellom Norden og EU.
Språkforståinga hjå barn og unge er høgt prioritert i det nordiske arbeidet. I Noreg er det ein auke i talet på skuleeigarar og skular som rapporterer positivt om opplæring i nabospråk, samanlikna med 2010. Gjennom Foreningen Norden vert tiltak som har gjeve god effekt etter den nordiske språkkampanjen i 2011, vidareførte. Forfattarbesøk i skulen er eit eksempel på tiltak som fremjar nabospråkforståing.
Miljøministermøtet på Svalbard i mars 2012 vedtok ei erklæring om vidare samarbeid for å avgrense utslepp av kortliva klimadrivarar i Norden.
Miljø- og finanssektoren har saman utarbeidd fleire rapportar om grøn økonomi som har vekt stor interesse i og utanfor Norden, mellom anna om miljøskadelege subsidiar, karbonlekkasjar, verdsetjing av økosystemtenester i nordiske vassdrag og rett bruk av miljøindikatorar.
På klimaområdet er det eit aktivt samarbeid under Nordisk ministerråd. Nordic Partnership Initiative er eit prosjekt der ein ser nærare på korleis industriland kan bidra finansielt til å redusere klimagassutslepp i spesielle sektorar i utviklingsland. Initiativet er eit eksempel på korleis Norden kan spele ein konstruktiv rolle i det internasjonale klimaarbeidet ved å utvikle nye konsept og idear.
I formannskapsåret 2012 vidarefører Noreg arbeidet med dei seks fyrtårnsprosjekta, og der Noreg har ansvar for eit prosjekt som skal fremje innovasjon gjennom offentlege innkjøp i helsesektoren.
Energisamarbeidet under NMR har fått ansvar for å gjennomføre ei rekkje av initiativa i rapporten til dei nordiske statsministrane om grøn vekst. Ei prioritering av det nordiske elektrisitetssamarbeidet vert rekna som spesielt viktig. Det blir arbeidd med sikte på ein felles nordisk sluttbrukarmarknad. Dette er viktige steg på vegen mot ein integrert nordisk kraftmarknad.
Nordisk ministerråd gjev økonomiske bidrag til verksemda i tolv grensekomitear, der Noreg deltek i sju. I desse grenseoverskridande samarbeidskomiteane blir det lagt vekt på breie tiltak som reduserer grenseregionale utfordringar og dannar grunnlag for å utvikle potensialet i grenseregionane.
Nordisk barne- og ungdomskomité har under den norske formannskapen i 2012 eit særskilt fokus på ungdom som fell ut av skule og utdanning, ungdom og demokratisk deltaking og ungdom og likestilling. Ungdomsarbeidsløyse vil òg vere eit prioritert område for Nordisk ministerråd i 2013.
Dei nordiske landa samarbeider om å handtere internasjonale barnebortføringar.
På ministermøtet i juni 2012 samla ministrane seg om ei erklæring – Nidaros-erklæringa – om ansvaret som ligg hjå primærnæringane og matsektoren for å oppnå grøn vekst.
Det nordiske samarbeidet om genressursar for landbruket er samordna og lagt under Nordisk genressurssenter (NordGen). NordGen har ansvaret for drifta av frølageret på Svalbard, som i mai 2012 inneheldt meir enn 747 000 frøprøvar av jordbruksvekster frå mange land, som er deponerte for sikker langtidslagring.
Eit nordisk prosjekt om å inngå avtalar med skatteparadis om informasjonsutveksling har vore ein suksess og resultert i at dei nordiske landa hittil har inngått bilaterale avtalar om informasjonsutveksling med meir enn tretti jurisdiksjonar. Prosjektet har fått mykje positiv merksemd, og Norden ligg på toppen når det gjeld inngådde avtalar med land som OECD har klassifisert som skatteparadis.
Dei fem nordiske statsministrane vart på møtet i juni 2012 samde om å sjå på samarbeidet innanfor utprøving av nye behandlingsmetodar og legemiddel, samarbeid om høgspesialisert medisin og forsking på helse og velferd. Helseministrane i dei nordiske landa vil førebu konkrete forslag til vidareutvikling av helsesamarbeidet og rapportere om dette på det neste nordiske statsministermøtet i oktober 2012.
22. juli 2011 vart det nordiske helseberedskapssamarbeidet sett på prøve. Noreg fikk tilbod om hjelp frå fleire nordiske land i den akutte fasen, og då norske ambulanseressursar vart flytta frå Østfold inn mot Oslo, vart Østfold dekka opp frå Sverige med ambulansar frå Bohuslän.
Det nordiske lovsamarbeidet har til mål å skape mest mogleg einsarta lovgjeving i dei nordiske landa. Ei av prioriteringane er å fremje nordisk rettslikskap i samband med gjennomføringa av fellesskapsrettsakter i nasjonal rett.
Lov om pågriping og overlevering for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre vart vedteken som lov januar 2012. Ho vil bli sett delvis i kraft 16. oktober 2012 og vil då avløyse den felles nordiske utleveringslovgjevinga.
Rikspolitisjefane la fram forslag til det nordiske justisministermøtet i juni 2012 som, når dei er sette ut i livet, vil bidra til å styrkje samarbeidet mellom politiet i dei nordiske landa i kampen mot organisert kriminalitet.
Det er aukande politisk merksemd om nordisk samarbeid på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Samarbeidet er styrkt, mellom anna på områda redningsteneste, øving og utdanning, kriseportalar og bruk av frivillige.
Det går fram av meldinga at det første forhandlingsmøtet om ein nordisk samekonvensjon blei halde i Sverige i mars 2011, og målsetjinga er at forhandlingane skal være sluttførte innan fem år.
Statsministrane har det overordna ansvaret for det nordiske regjeringssamarbeidet og har regelmessige møte i tillegg til den kontinuerlege kontakten om nordiske og internasjonale spørsmål.
Samarbeidsministrane koordinerer det nordiske regjeringssamarbeidet, og fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud har vore nordisk samarbeidsminister sidan oktober 2009. Samarbeidsministeren legg stor vekt på å ha eit godt samarbeid med Nordisk råd.
Eit viktig ansvarsområde er ministerrådsbudsjettet og økonomistyringa. Budsjettet til Nordisk ministerråd for 2012 var på 961 mill. DKK og blei vedteke etter semje med Nordisk råd. Den norske delen er 29,2 pst. basert på ein fordelingsnøkkel som vert rekna ut med utgangspunkt i kor stor del av den samla nordiske bruttonasjonalinntekta kvart land står for.