Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endringar i statsbudsjettet 2012 under Fiskeri- og kystdepartementet

Dette dokument

  • Innst. 112 S (2012–2013)
  • Kildedok: Prop. 32 S (2012–2013), kap. 1020, 1021 og 1022
  • Dato: 29.11.2012
  • Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Samandrag

Kap. 1020 Havforskingsinstituttet

Departementet viser til at ein del av dei kontraktfesta prosjektinntektene til Havforskingsinstituttet blir innbetalte etterskotsvis, slik at nokre av inntektene knytte til prosjektutgifter i budsjettåret blir innbetalte året etter. Det kan difor bli for lite kontante inntekter til å dekkje meirutgifter i oppdragsverksemda i 2012. Departementet foreslår difor at Stortinget gir fullmakt til å overskride løyvinga på post 21 med eit beløp som svarer til kontraktfesta innbetalingar i 2013.

Post 70 (Ny) Erstatningsutbetaling

Departementet opplyser at det er inngått eit forlik som inneber at staten v/Fiskeri- og kystdepartementet skal betale ei erstatning til kreditorfellesskapet etter konkursen i Nærøysund AS. Avtalt utbetaling i 2012 er 10 mill. kroner. Departementet foreslår difor ei løyving på 10 mill. kroner på post 70 i 2012 mot ei tilsvarande reduksjon av post 1.

Kap. 1021 Drift av forskingsfartøy

Departementet viser til grunngjevinga under kap. 1020 ovanfor om at ein del av dei kontraktfesta prosjektinntektene til Havforskingsinstituttet blir innbetalte etterskotsvis, slik at nokre av inntektene knytte til prosjektutgifter i budsjettåret kjem året etter. Departementet foreslår difor at Stortinget gir fullmakt til å overskride løyvinga på post 21 med eit beløp som svarar til kontraktfesta innbetalingar i 2013.

Kap. 1022 Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking

Departementet viser til at ein del av dei kontraktfesta prosjektinntektene til Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) blir innbetalte etterskotsvis, slik at nokre av inntektene knytte til prosjektutgifter i budsjettåret kjem året etter. Det kan difor bli for lite kontante inntekter til å dekkje meirutgifter i oppdragsverksemda i 2012. Departementet foreslår difor at Stortinget gir fullmakt til å overskride løyvinga på post 21 med eit beløp som svarer til kontraktfesta innbetalingar i 2013.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Tor Bremer, Svein Gjelseth, Stine Renate Håheim, Truls Wickholm, Karin Yrvin og leiaren Marianne Aasen, frå Framstegspartiet, Mette Hanekamhaug, Tord Lien og Bente Thorsen, frå Høgre, Elisabeth Aspaker, Svein Harberg og Eivind Nævdal-Bolstad, frå Sosialistisk Venstreparti, Heidi Sørensen, frå Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen, og frå Venstre, Trine Skei Grande, viser til proposisjonen.

Komiteen sluttar seg til framlegga.

Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2012 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

1020

Havforskingsinstituttet

1

Driftsutgifter, blir redusert med

10 000 000

frå 355 623 000 til 345 623 000

70

(Ny) Erstatningsutbetalingar, blir løyvd med

10 000 000

II

Fullmakt til overskriding mot etterfølgjande inntekter

Stortinget samtykker i at Fiskeri- og kystdepartementet i 2012 kan overskride løyvinga under kap. 1020 post 21, kap. 1021 post 21 og kap. 1022 post 21 i samband med gjennomføringa av bestemte oppdragsprosjekt, mot tilsvarande kontraktfesta innbetalingar til desse prosjekta i 2013 under høvesvis kap. 4020 post 3, kap. 4021 post 1 og kap. 4022 post 1. Ved berekning av beløp som kan overførast til 2013 under dei nemnte utgiftsløyvingane, skal det reknast med alle ubrukte meirinntekter og mindreinntekter, samt eventuell inndekning av tidlegare års overskriding på posten.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 29. november 2012

Marianne Aasen

Svein Gjelseth

leiar

ordførar