4.1 Samandrag

4.1.1 Mål

  • God arkitektur og byggjeskikk skal prege all bygging.

  • Sikre bygg på trygge stader skal møte klimaendringane.

  • Prosentdelen av tilgjengelege universelt utforma bygg skal aukast innan 2025.

  • Byggjemateriale som inneheld stoff på prioritetslista, skal sorterast ut, og ikkje-farleg avfall skal i større grad gjenvinnast innan 2020.

  • Ein skal unngå bruk av helse- og miljøfarlege stoff i bygg innan 2020.

  • Bygg skal ha eit tilfredsstillande inneklima.

4.1.2 Innleiing

Det vert i meldinga peikt på at kvaliteten på bygningar ikkje berre dreiar seg om eigenskapar ved bygget sjølv, men må sjåast i samanheng med dei måla samfunnet har. Bygga legg premissane for korleis vi lever og arbeider, for trivsel og livskvalitet. Bygg har stor miljøpåverknad, og byggsektoren er ein stor forbrukar av ressursar og skapar mykje avfall. Derfor vil det kome skjerpa krav og forventningar til at byggjenæringa oppfyller kvalitetar som medverkar til eit godt samfunn.

Regjeringa vil at norske bygg skal halde høg kvalitet. Regjeringa er oppteken av at dei kvalitetskrava som blir sette, er riktige sett i lys av ei langsiktig utvikling av bygningsmassen, og at det blir gjort avvegingar mellom kvalitetskrav og dei økonomiske kostnadene ved å innføre krava.

4.1.3 Arkitektur og byggjeskikk

Arkitektur, byggjeskikk og samfunn

Det vert i meldinga vist til at arkitektonisk kvalitet verkar inn på helsa og livskvaliteten til menneska, på miljø og ressursbruk, på sosial og kulturell samhandling, på næringsutvikling og på samfunnsøkonomi.

Regjeringa vil medverke til å skape kvalitativt gode og trygge oppvekst- og nærmiljø, etablere gode møteplassar både sentralt og lokalt, utvikle attraktive bygg for arbeid, rekreasjon, læring og kultur, og medverke til å styrkje stadtilhøyrselen og identiteten til folk.

Det er fleire viktige argument for å stimulere til høg kvalitet i dei bygde omgjevnadene. Vi kan sjå på dei bygde omgjevnadene som strategiske verkemiddel, der bygnings- og arkitekturpolitikken støttar opp under overordna målsetjingar om eit meir demokratisk, likeverdig og berekraftig samfunn.

Regjeringas arkitekturpolitikk, slik han blei definert i Arkitektur.nå, legg til grunn ei brei forståing av arkitekturomgrepet: Arkitektur dreiar seg om både bygningar og anlegg, uterom og landskap. Det handlar om einskildbygg og bygningar i samspel, om heilskapen i byar, tettstader og landskap.

God byggjeskikk er definert som «en kvalitet ved de bygde omgivelser der hensyn til fysisk og sosialt livsmiljø, ressursbruk/energi, universell utforming og estetikk inngår i en stedlig helhet».

Det offentlege påverkar kvaliteten i dei bygde omgjevnadene ved å utvikle lovverk, normer og standardar, informere, gje rettleiing, premiere gode løysingar og ved at det offentlege er bestillar og eigar av ein stor eigedomsmasse. Krav til god arkitektonisk kvalitet er nedfelt i plan- og bygningslova. Det offentlege har ei viktig rolle i å fremje bygg av høg kvalitet og lage førebileteprosjekt som kan auke medvitet om kor viktig god arkitektur og byggjeskikk er.

Arkitektur.nå – Norsk arkitekturpolitikk

Det vert i meldinga vist til at regjeringa i august 2009 la fram Arkitektur.nå – Norsk arkitekturpolitikk som viser den samla statlege satsinga på arkitekturfeltet. Arkitektur.nå skal medverke til at det offentlege er eit godt føredøme, og dokumentet viser breidda i statlege initiativ og tiltak på tvers av forvaltningsgrenser og -nivå. Arkitektur.nå gjer greie for seks innsatsområde for statleg arkitekturpolitikk:

  • Miljø- og energivennlege løysingar skal prege arkitekturen.

  • Byar og tettstader skal utviklast med arkitektur av god kvalitet.

  • Staten skal ta vare på kulturmiljø og bygningsarv.

  • Kunnskap, kompetanse og formidling skal lyfte arkitekturen.

  • Staten skal vere eit førebilete.

  • Norsk arkitektur skal vere synleg internasjonalt.

Stortingsmeldinga om bygningspolitikk følgjer konkret opp fire av seks innsatsområder for arkitekturpolitikken (det gjeld innsatsområda 1, 2, 4 og 5, medan innsatsområda 3 og 6 blir lite omtala).

Husbankens arbeid med byggjeskikk

Det vert i meldinga vist til at arkitektur, byggjeskikk, klima, miljø, tilgjengelegheit og universell utforming er sentrale område for Husbankens arbeid når banken skal vidareutvikle rolla si som eit nasjonalt senter for byggjeskikk og godt bumiljø. Husbanken har ei sentral rolle som kunnskapssenter, og banken rettar seg særleg mot kommunane.

Husbankens arbeid med byggjeskikk spenner frå kunnskapsutvikling og samarbeid om utdanningstilbod med universitet og høgskular til verktøy- og metodeutvikling.

Stadutvikling

Stadutvikling handlar om prosessar og fysiske tiltak for å auke opplevinga av at ein stad er attraktiv. Det er mange aktørar som arbeider med stadutvikling irekna kommunane, fylkeskommunane, fleire departement og statlege etatar.

Det vert i meldinga peikt på at mange norske byar og stader treng ei opprusting som sikrar og vidareutviklar eigenarten til staden i nyskapande og berekraftig retning. Regjeringa ynskjer å stimulere til dette. I 2011 etablerte kommunal- og regionalministeren ein pris for attraktive stader.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil halde fram med satsinga på stadutvikling. Regjeringa vil utvikle kompetanseprogram for å heve kvaliteten i dei bygde omgjevnadene.

Kompetanseprogram

I meldinga vert det vist til at det er mange kommunar i Noreg med relativt liten byggjeaktivitet og låg kompetanse om arkitektur og byggjeskikk. Eit heilskapleg etterutdanningstilbod vil kunne medverke til å heve denne kompetansen i kommunane. Det ligg også eit stort potensial i auka kunnskap og meir systematikk i forsøksarbeid og utprøving. Her vil Husbankens arbeid for byggjeskikk og godt bumiljø spele ei viktig rolle.

Regjeringa meiner at arkitektur må lyftast høgare opp på den lokale dagsordenen. Mange kommunar vil ha behov for hjelpemiddel på både politisk og administrativt nivå, slik at dei betre kan definere kva for kvalitetar dei ynskjer på det som blir bygd, og på by- og stadutviklinga, og korleis dei vil møte miljø- og klimautfordringane.

Kommunane må sjå på korleis dei kan utvikle eigen praksis, slik at dei kan koordinere innsatsen frå alle saksbehandlingsområda på ein best mogleg måte. Dei må sjå på korleis dei sjølv kan byggje og forvalte bygg med høg og berekraftig kvalitet på kostnadseffektive måtar. Dei må også samordne rollene sine i samspel med privat eigedomsutvikling for å sikre ei heilskapleg kommunal utvikling.

Byggjeskikknøkkelen er meint å vere eit verktøy i kommunane for å systematisere arbeidet med byggjeskikk på alle nivå i kommunen.

Byggjeskikknøkkelen skal vere eit oppslagsverk for kommunane og andre aktørar. Byggjeskikknøkkelen vil tydeleggjere korleis kommunane samverkar med styresmaktene på regionalt og nasjonalt nivå i utviklinga av det bygde miljøet, korleis dei sikrar krava til lokal iverksetjing av lover og forskrifter, og kva for mål og strategiar dei vil leggje for estetisk utvikling.

Regjeringa oppmodar kommunane til å lage planar og rettleiarar for arkitektur og byggjeskikk som del av det overordna planarbeidet i kommunen. Regjeringa vil derfor utvikle og tilby kommunane eit kompetanseprogram for arkitektur- og byggjeskikk.

Fleire kommunar, fylkeskommunar og fylkesmannsembete har medverka til å utarbeide lokale byggjeskikk- og formingsrettleiarar.

Betre skule- og barnehagebygg

Det vert i meldinga vist til at regjeringa satsar mykje på å utvikle kvaliteten i skule og barnehagar. Ein viktig del av denne satsinga går på å utvikle gode skule- og barnehagebygg. I 2002 etablerte regjeringa ei rentekompensasjonsordning for kommunane sine investeringar i skulebygg. I forlenginga av dette, etablerte regjeringa gjennom Utdanningsdirektoratet også ei nasjonal rådgjevingsteneste for skuleanlegg, som først og fremst er retta mot avgjerdstakarar i kommunane. Frå 2012 blir også barnehagar innlemma i denne rådgjevingsordninga.

På oppdrag frå norske kommunar blir mange gode skule- og barnehageanlegg bygde og rehabiliterte, men det er også mange døme på det motsette. For barnehagar er det utarbeidd arealnormer for talet på barn. For skular eksisterer det ikkje slike nasjonale normer. Det er heller ikkje noko felles system for godkjenning av skule- og barnehagebygg.

Det vert i meldinga vist til at regjeringa ynskjer funksjonelle, fleksible og kostnadseffektive skule- og barnehagebygg som har høg arkitektonisk kvalitet, og som toler å bli bruka mykje. Regjeringa vil derfor vidareutvikle rådgjevingstenesta for betre skule- og barnehagebygg.

Førebilete og nettverk

Regjeringa driv samarbeidsprogrammet Framtidens byer og Framtidens Bygg som omfattar førebileteprogrammet Framtidens bygg og FutureBuilt. Regjeringa støttar òg ei rekkje program som handlar om kvalitet innanfor arkitektur og bygg. Det er behov for å samle informasjon om førebileteprosjekt på éin stad og utvikle ein felles mal for kva for informasjon som skal skaffast, og korleis han skal presenterast. Norske arkitekters landsforbund (NAL| Ecobox) har i dag den største samlinga av førebileteprosjekt.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil oppmode kommunane til å lage planar og rettleiarar for arkitektur og byggjeskikk.

  • Regjeringa vil utvikle Byggjeskikknøkkelen som eit verktøy for å medverke til betre kvalitet i kommunane.

  • Regjeringa vil vidareutvikle rådgjevingstenesta for betre skulebygg og barnehagar.

  • Regjeringa vil styrkje eksisterande førebileteprogram og -nettverk.

Norsk trearkitektur

Det vert i meldinga vist til at tre har vore det dominerande byggjematerialet i norsk byggjeskikk og framleis er det dominerande materialet i småhusbygging.

Tre og tre-baserte produkt har fått nye bruksområde innan byggsektoren. Både endringar i regelverk og endringar i teknologisk utvikling har ført til at det er blitt meir aktuelt å bruke tre i prosjekt der det tidlegare ikkje var vanleg, mellom anna i større byggjeprosjekt som fleirfamiliebustader, skular og næringsbygg. Det er venta at denne utviklinga vil halde fram, og at marknadsdelen for tre i slike bygg vil auke.

Regjeringas satsing på tre som byggjemateriale, og verkemiddel for auka bruk av tre, er omtala nærmare i ei melding til Stortinget om landbruks- og matpolitikken Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken. Regjeringa ynskjer å vurdere nærmare aktuelle verkemiddel for å utvikle bruken av tre i store bygg og auka bruk av tre i byane.

Landbruks- og matdepartementet har foreslått at Statsbygg skal utgreie bruken av tre i statlege bygg.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil vurdere aktuelle verkemiddel for ny og auka bruk av tre i store bygg og i byane, mellom anna gjennom Trebasert Innovasjonsprogram.

Arkitektur som forskingsfelt

Det vert i meldinga peikt på at auka kunnskap om dei komplekse endringsprosessane som skjer i norske byar, regionar og tettstader, krev forsking som kan gje forståing av drivkreftene bak endringsprosessane. Ei forståing av korleis omgjevnadene blir til, og moglege politiske styringsverkemiddel, krev ei tverrfagleg tilnærming.

På sitt beste kan arkitekturfaget medverke til dette gjennom si erfaring med å konkretisere framtidsbilete av ei ynskt samfunnsutvikling.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil styrkje FoU-innsatsen retta mot arkitektur og samfunnsutvikling (som del av Bygg21).

4.1.4 Tryggleik og klimatilpassing

Det vert i meldinga vist til at byggjereglane stiller krav til konstruksjons- og branntryggleik, sikring mot naturpåkjenningar og tryggleik knytt til bruken av byggverk. Eit tydeleg, oppdatert og verksamt regelverk er eit av dei viktigaste verkemidla sentrale styresmakter har for å leggje føringar på utviklinga innanfor tryggleiksområdet.

Vi har eit godt regelverk for å ta hand om tryggleiken i bygg, men endringar både i samfunnet og i klimaet fører til nye behov. At talet på eldre i samfunnet vil auke sterkt i åra framover inneber nye utfordringar mellom anna når det gjeld førebygging av heimeulukker, og i samband med varsling og evakuering ved brann og ulukker.

Sjølv om relativt få bygg får store skadar som følgje av vêrpåkjenningar, har vi samtidig store tryggleiksutfordringar knytte til klimarelaterte naturpåkjenningar. Storm, stormflod, flaum og skred har ført til skadar på bygningar for meir enn 13 mrd. kroner i perioden 1980–2011. I tillegg kjem skadar som følgje av overvatn. Global oppvarming vil gjere det bygde miljøet meir sårbart. Ekstremvêr kan føre til fare for liv, helse, miljø og materielle verdiar. Eit endra klima vil òg påverke kvar vi kan busetje oss, og det vil ha innverknad på byggjeskikken i Noreg.

Om lag 80 pst. av den bygningsmassen som finst i dag, vil framleis stå i 2050. Det vert i meldinga peikt på at man derfor må sikre ei tilpassing til klimaendringane som er med på å halde oppe eller auke levetida til eksisterande bygg.

Klimaendringane vil også få innverknad på tryggleiken i det bygde miljøet. Dette gjeld både plasseringa av bygningar og naudsynte bygningsmessige tiltak på grunn av auka ras- og flaumfare, meir overvatn i område med busetjing og stigande havnivå, og det gjeld konstruksjonstryggleiken ved auka påkjenningar som følgje av meir og vekslande nedbør. Klimaendringane må overvakast kontinuerleg, og behovet for endringar i byggjereglane må vurderast jamleg. Det vil vere naudsynt å ta omsyn til effekten av framtidige klimaendringar når dagens bygg blir oppførte.

Boligprodusentenes Forening gjennomførte ei undersøking blant medlemmene sine i etterkant av stormane i romjula 2011 som gjev ein klar indikasjon på at nye bustadar klarer dagens ekstremvêr.

Det vert i meldinga peikt på at både nye og eksisterande bygg i framtida må tole andre nedbørsforhold enn i dag. Forskarar reknar med at 2,4 millionar av dagens bygg vil liggje i risikosona for høg ròteskade i 2100, mot knapt 0,8 millionar i dag. Det er derfor viktig med auka merksemd rundt konsekvensar av klimaendringar innan byggjenæringa, slik at det blir planlagt og bygd meir klimarobuste bygningar. Det vert i meldinga vist til ulike utfordringar.

Kulturhistoriske bygningar er spesielt sårbare.

For å kunne ta omsyn til og førebygge naturfare er det naudsynt å ha god informasjon. Dette krev ein kartlegging av farane som er tilpassa formålet. Presise, oppdaterte digitale kartverktøy, med godt kartgrunnlag, er vesentleg for ein effektiv sakshandsaming på arealplanane, både i kommunane og for regionale og statlege styresmakter.

Ikkje alle kommunar har i dag tilstrekkeleg kompetanse eller faktagrunnlag for å lage planar som tek omsyn til flom- og rasfarar. Fortetting av byområder, der ein stor del av overflatene er harde, kan endre avrenningsmønstret dramatisk.

Viktige hjelpemiddel for byggjenæringa og kommunar kan vere utvikling av lokale klimaindeksar og systematisk inndeling i klimasoner til klimatilpassingsbruk.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil vurdere behovet for regelendringar på bakgrunn av ny kunnskap om verknader av klimaendringar.

  • Regjeringa vil medverke til å styrkje kompetansen og faktagrunnlaget til kommunane om klimatilpassing og klimafarar for bygningar.

  • Regjeringa vil vurdere behovet for å utvikle lokale klimaindeksar og klimasoner for å gjere det tydeleg kva krav som bør stillast til bygningsmassen og i den kommunale arealplanlegginga.

4.1.5 Universell utforming og tilgjengelege bygg

Det vert i meldinga peikt på at det meste av dagens bygningsmasse ikkje er tilgjengeleg eller tilstrekkeleg brukande for menneske som har nedsett funksjonsevne. Regjeringa har derfor sett i verk tiltak for å gjere bygga meir tilgjengelege. Norge universelt utformet 2025 er regjeringas sektorovergripande handlingsplan for universell utforming og auka tilgjengelegheit for perioden 2009–2013.

Befolkningsgruppa over 80 år blir tredobla fram mot 2060. Dette vil auke behovet for tilgjengelegheit i det bygde miljøet. Parallelt med veksten i prosentdelen av eldre er det venta ein nedgang i delen yrkesaktive. Her vil velferdsteknologien komme til å spele ei viktigare rolle.

Velferdsteknologi og fysisk tilrettelegging av bustaden er tiltak som må sjåast i samanheng sjølv om velferdsteknologi omfattar mange felt og dreier seg om mykje meir enn tilrettelegging av bustader. Den bustad- og bygningsrelevante delen av velferdsteknologien famnar vidt og kan omfatte både individuelt tilpassa hjelpemiddel og generelle løysingar som kan inngå som ein integrert del i alle bustader. Ei rekkje sektorar er involverte, og det er behov for å avklare ansvarsdelinga mellom sektorane.

Smarthusteknologien er ein del av velferdsteknologien. Smarthusteknologien vil ha relevans for utviklinga av bustad- og bygningskvaliteten i framtida.

Der det er sett krav om universell utforming og tilgjengelegheit i bygg, må det vere godt samband mellom bygga og uteområda. Dette er eit omsyn kommunane kan ta om ikkje utbyggjaren sjølv tek det, jf. paragraf 12-7, nr. 4 og 5 i plan- og bygningslova. Regjeringa ynskjer i første omgang å utarbeide ein rettleiar om krav til universell utforming av uteareal og kva moglegheiter kommunane har til å fråvike minstekrav i byggteknisk forskrift.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil etter 2014 evaluere bygningspolitiske tiltak i Norge universelt utformet 2025.

  • Regjeringa vil greie ut korleis velferdsteknologien eventuelt kan integrerast i framtidige byggtekniske forskriftskrav.

  • Regjeringa vil sjå nærare (mellom anna i ein rettleiar) på sambandet mellom krav til universell utforming og tilgjengelegheit som kan setjast i den kommunale planlegginga og dei krav som følgjer av byggteknisk teknisk forskrift.

Tilgjengelegheit og universell utforming i nye bygg

Plan- og bygningslova av 2010 sikrar ein minstestandard for universell utforming og tilgjengelegheit i nye bygg og bustader.

Direktoratet for byggkvalitet og Husbanken samarbeider om to program for å styrkje kunnskapen om universell utforming, eit retta mot byggsektoren, og eit mot kommunar og fylkeskommunar.

Husbanken har sidan 2005 stilt krav om tilgjengelegheit som ligg høgare enn dei gjeldande krava i byggtekniske forskrifter, i samband med at banken gjev tilsegn om grunnlån til nybygging. Ei evaluering av grunnlånet viser ein gradvis auke i prosentdelen av universelt utforma bustadprosjekt i perioden 2006–2009. Også gjennom Husbankens tilskotsordningar blir det stilt krav om universell utforming.

Det er behov for eit betre statistikkgrunnlag som kan vise utviklinga av tilgjengelegheit i bygningar og anlegg. Direktoratet for byggkvalitet, Husbanken og Statsbygg samarbeider med Statens kartverk om å utarbeide indikatorar knytt til bygningsdelen i matrikkelen for å måle utviklinga av tilgjengelegheit og universell utforming.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil styrkje kompetansen om universell utforming gjennom informasjonsprogram for universell utforming for byggsektoren og kompetanseprogram for universell utforming for politikarar og tilsette i kommunane.

  • Regjeringa vil evaluere tekniske løysingar for universell utforming og tilgjengelegheit i byggteknisk forskrift med tanke på vidare utvikling.

  • Regjeringa vil utvikle eit indikatorsystem for å måle tilgjengelegheit og universell utforming i bygningar, anlegg og uteområde. Ein vil særskild sjå på korleis det kan vere ein del av eller vere knytt til matrikkelen.

Universell utforming av eksisterande bygg for allmenta

I plan- og bygningslova av 2010 er det gjeve heimel for å innføre forskrifter om å oppgradere visse kategoriar av bygg som er retta mot allmenta, til universell utforming. Det vert i meldinga vist til at det er lagt opp til ei stegvis og prioritert tilnærming.

Det skjer ei kontinuerleg oppgradering av bygningsmassen gjennom riving, rehabilitering og nybygging. Det er venta at opptil 24 pst. av bygg som er retta mot allmenta, vil bli rehabiliterte eller skifta ut fram til 2025. Det inneber fleire bygg med universell utforming.

Somme offentlege byggeigarar har etablert rutinar for å kartleggje tilgjengelegheit og universell utforming i eigne bygg. Då kan dei setje av midlar på driftsbudsjettet til tilgangsoppgradering over tid.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil vurdere om det over tid skal fastsetjast forskrifter om å oppgradere eksisterande bygningar, anlegg og uteområde som er retta mot allmenta, til universell utforming.

  • Regjeringa vil tilby kommunar og fylkeskommunar kunnskap og metodar, slik at dei kan oppnå universell utforming gjennom planlegging, bygging, forvaltning og vedlikehald.

Auka tilgjengelegheit i eksisterande bustader

Det vert i meldinga vist til at det er naudsynt å oppgradere tilgjengelegheita i den eksisterande bustadmassen. Berre om lag 10 pst. av landets bustader er tilgjengelege for rullestolbrukarar.

Bustadmassen i Noreg er i all hovudsak på private hender. Fleirleilegheitsbygg er som oftast organisert som burettslag eller bustadsameige. Bustadtype og kven som eig bygningen, legg føringar på korleis vi kan stimulere til betre tilgjengelegheit. Husbanken samarbeider med Norske Boligbyggelag (NBBL) for å få inn fleire heisar i dei eksisterande bustadblokkene. I 2011 blei det gjennomført ein landsomfattande seminarserie retta mot burettslagsstyra, der rehabilitering og oppgradering av eksisterande bustadbygg var tema.

Regjeringa ser behovet for å styrkje samordninga mellom ordningane i Husbanken og folketrygda. Regjeringa vil derfor vurdere å gjere samarbeidet mellom Nav og Husbanken om bustadtilpassing permanent. Regjeringa vil setje i gang eit forsøksprosjekt retta mot fleirbustadhus der tilskot frå Nav skal brukast til å setje inn heis framfor å installere mellombels hjelpemiddel som trappeheis.

Husbankens tilskot for tilpassing av bustad er styrkt i 2012. For å auke tilgangen på tilgjengelege bustader vil regjeringa vurdere å utvide tilskotet.

I 2010 bruka hushalda vel 54 mrd. kroner på renovering, ombygging og tilbygging (ROT) av bustader. Det er ukjent i kor stor grad investeringane i eigen bustad også medverkar til betre tilgjengelegheit.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil vurdere å styrkje tilskota for tilpassing av bustader.

  • Regjeringa vil medverke til å få bygd fleire heisar i eksisterande bustadblokker.

  • Regjeringa vil betre samordninga mellom tilskotsordningane til Husbanken og Nav.

  • Regjeringa vil styrkje informasjonen til bustadeigarar om korleis tilgjengelegheita i eksisterande bustader kan betrast.

4.1.6 Materialbruk og miljøpåverknad

Det vert i meldinga vist til at bygga våre er sette saman av ulike materiale som til saman gjer at vi får gode og sikre bygg som vi trivst i. Alle byggjevarer er laga av materiale med miljøpåverknad. I meldinga vert det gjeve døme på dette.

Bygg- og eigedomssektoren er den største forbrukaren av materialressursar i Noreg. Miljøpåverknaden frå materialbruk i bygg kan forbetrast ved å nytte byggjevarer og byggjemetodar som reduserer ressursbruken, energibruken, bruken av helse- og miljøfarlege stoff og avfallstype og -mengd. I tillegg vil miljøpåverknaden frå materiale vere avhengig av korleis materiala påverkar drifta av bygget, kor ofte materiale blir skifta ut, vedlikehaldsbehovet og levetida til bygget. Ein levetidsanalyse av bygget vil gje god informasjon om kva miljøpåverknad materiala i eit bygg totalt har.

Tre frå berekraftig skogbruk er eit miljøvenleg materiale med mange bruksområde. Det er dei siste åra ført opp einskilde større næringsbygg i tre. Det finst eit stort uutnytta potensial for auka bruk av tre på dette området, og det er eit stort behov for utvikling av nye løysingar.

Framstilling av treprodukt er, samanlikna med mange andre produkt, lite energikrevjande og gjev lite prosessutslepp. Overflatehandsaming kan endre miljøeigenskapane til treproduktet. Det blir stadig utvikla nye miljøvennlege måtar å forhandsame treprodukt på for å auke levetida.

Visse treprodukt treng ikkje overflatehandsaming og er derfor svært miljøvennlege å bruke. Det vert i proposisjonen gitt døme på slike.

Miljøpåverknaden til byggjevarer skal dokumenterast, ifølgje byggteknisk forskrift.

For faste produkt er det vanskeleg å skaffe god informasjon om innhald av helse- og miljøfarlege stoff. Regjeringa vil medverke til at slik informasjon skal bli meir etterspurd. På lengre sikt vil det føre til at framstillinga av produkt blir meir miljøvenleg, at brukarane enklare kan vurdere miljøbelastninga til produkt, og at fleire miljøvenlege produkt vil bli nytta.

Byggjenæringa har teke initiativ til at materiale og produkt skal ha miljødeklarasjonar (EPD – Environmental Product Declaration) som dokumentasjon på miljøbelastninga.

I dag finst det få byggjevarer med miljødeklarasjon i Noreg, og det er derfor lite etterspørsel etter dei. Det vert gjeve døme på aktørar som stiller krav til dokumentasjon.

Svana og EU Ecolabel (tidlegare Blomsten) er dei offisielle miljømerka i Noreg, og Stiftelsen Miljømerking forvaltar ordningane. Det er stadig fleire byggjevarer med dei offisielle miljømerka, men omfanget er framleis lite.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil vurdere om det i den neste revisjonen av byggteknisk forskrift skal stillast krav om at miljøpåverknaden av byggjevarer skal dokumenterast med miljødeklarasjonar (EPD), dei offisielle miljømerka eller tilsvarande.

  • Regjeringa vil medverke til at arbeidet med miljødeklarasjonar intensiverast og at EPD-Noreg og Stiftelsen Miljømerking samarbeider om felles dokumentasjonskrav.

4.1.7 Inneklima

Inneklima omfattar alle fysiske og kjemiske forhold som påverkar oss inne. Inneklima er eit eige delmål i Nasjonal strategi for forebygging og behandling av astma- og allergisykdommer (2008–2012).

Radon er ein radioaktiv gass som finst naturleg i somme bergartar, og radonførekomsten kan vere svært lokal. I byggteknisk forskrift er det sett krav til radonkonsentrasjon i innelufta. Nybygg skal ha radonsperre, og radonkonsentrasjonen i innelufta skal vere lågare enn 200 Bq/m3. Generelt tilrår Statens strålevern å gjennomføre radonførebyggjande tiltak når konsentrasjonar i innelufta overstig 100 Bq/m3. Aktuelle bygningstekniske tiltak kan vere radonmembran, ventilering av byggjegrunnen og auka ventilasjon. Alle desse tiltaka har relativt låge kostnader.

Regjeringa meiner at det trengst meir kunnskap om ventilasjon, og vil opprette eit utviklingsprogram om inneklima. Dette programmet skal evaluere kva som er avgjerande for eit godt inneklima, korleis balansert ventilasjon fungerer i praksis i nybygg og eksisterande bygg, og korleis det er mogleg å nytte naturleg og hybrid ventilasjon i nybygg. Programmet vil vere ein del av Bygg21.

Skjerpa energikrav har ført til at det er spesielt viktig ikkje å byggje inn fukt. Dersom fukt blir bygd inn, kan det oppstå mugg-, sopp- og ròtedanning som igjen kan påverke inneklimaet negativt. På grunn av tettare bygg og auka isolasjonstjukkleik krevst det andre byggjemetodar enn tidlegare både for å oppnå god tetting av luftlekkasjar i bygg og for å unngå å byggje fukt inn i konstruksjonen.

Regjeringa er merksam på utfordringane som energikrava fører til. Når det skal utarbeidast nye energikrav, kan det vere aktuelt å vurdere om det er behov for tiltak for å fremje kunnskap om korleis vi kan byggje tørt og tett. Det kan til dømes vere behov for utarbeiding av tilvisingar om korleis vi kan unngå innbygging av fukt i bygg.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil vurdere behovet for eit utviklingsprogram for inneklima i samarbeid med byggjenæringa og forskingsinstitusjonar (del av Bygg21).

  • Regjeringa vil vurdere behov for utarbeiding av tilvisingar om korleis vi kan unngå innbygging av fukt i bygg, og korleis vi kan byggje tett.

4.1.8 Byggavfall og miljøsanering

Det vert i meldinga vist til at nybygging, rehabilitering og riving av bygg gjev store avfallsmengder. I 2010 genererte bygg- og anleggsnæringa 1,5 millionar tonn, etter SSBs overslag, nesten 16 pst. av den totale avfallsmengda i Noreg. Om lag ein prosent av den totale avfallsmengda frå bygg- og anleggsnæringa blei levert som farleg avfall som kravde særskilt handsaming. Det er venta at byggavfallsmengda vil auke i dei næraste åra på grunn av auka byggje- og riveaktivitet.

For nybygg/rehabilitering over ein viss storleik er det i dag forskriftskrav om å utarbeide avfallsplan, kartleggje farleg avfall, utarbeide ei miljøsaneringsbeskriving og sortere minst 60 pst. av avfallet. EUs rammedirektiv om avfall stiller krav om gjenbruk eller materialgjenvinning av 70 pst. av alt byggavfall innan 2020. Klima- og forureiningsdirektoratet er gjeve i oppdrag å skildre status og sannsynleg utvikling på området og eventuelt foreslå nye verkemiddel for å nå målet.

I 2009 kartla Klima- og forureiningsdirektoratet eit utval bygningsmateriale for å sjå om dei inneheldt miljøgifter. Dei fann fleire bygningsmateriale med innhald av helse- og miljøfarlege stoff.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil vurdere å skjerpe krav til utsorteringsgrad, avfallsplan, kartlegging av farleg avfall og miljøsaneringsbeskriving.

  • Regjeringa vil kartleggje helse- og miljøfarlege stoff i eksisterande bygg for å sikre betre handtering av avfall ved riving/rehabilitering.

4.1.9 Den totale miljøbelastninga til bygg

Mange faktorar påverkar kor miljøvenleg eit bygg er. Både utforminga av bygg, plasseringa, bruksmønstera, klimapåverknaden, byggjemateriala, overflatehandsaminga, arealeffektiviteten, energibruken, klimagasspåverknaden, vedlikehaldsbehovet og levetida påverkar den totale miljøbelastninga. Derfor er eit bygg som er samansett av miljøvenlege materiale, ikkje naudsynleg eit miljøvenleg bygg gjennom heile levetida.

Det vert i meldinga peikt på at for å vurdere den totale miljøbelastninga til eit bygg må ein vurdere bygget gjennom heile levetida. Det er teke fleire initiativ til dette. Først når vi har eit system for å vurdere den totale miljøbelastninga til eit bygg, vil vi kunne forstå korleis vi bør byggje for at miljøbelastninga skal bli så lita som mogleg.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil medverke til å utvikle meir kunnskap om dei samla miljøbelastningane av bygg gjennom heile levetida.

4.1.10 Økonomiske og administrative konsekvensar

I meldinga vert det gjort greie for at tiltaka i all hovudsak kan gjennomførast innanfor rammene for pågåande satsingar eller gjeldande budsjettrammer. Sjå meldinga for detaljar.

4.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, viser til at universell utforming er eit førande prinsipp i den nye plan- og bygningsloven. Lova bidrar til å heve kvaliteten på nye bygg og sikre ein minstestandard. I dag er berre 10 pst. av bustadene i landet tilgjengelege for rullestolbrukarar. Store delar av blokkbusetnaden er utan heis. Statistisk sentralbyrå (SSB) sine prognosar over befolkninga tilseier at om lag 630 000 personar vil vere 80 år eller eldre i 2060, ei tredobling frå i dag. Det er viktig at eldre i framtida får moglegheit til å bu heime lengst mogleg. Nye bustader må bli bygde på ein måte som er tilpassa den folkesetnaden landet får i framtida.

Fleirtalet viser til at det etter gjeldande byggteknisk forskrift ikkje er krav til tilpassing for rullestol i bustad. Det blir likevel krav til tilgjengelegheit for inngangsplanet, og rullestol er på enkelte område brukt som dimensjoneringsgrunnlag for å sikre minstekrav til funksjonalitet. Det er òg gjort nokre endringar i regelverket som lempar på krava til universell utforming av bustader som er bygde i bratt terreng.

Fleirtalet meiner at krava til tilgjengelegheit ikkje medfører betydelege kostnader og finn ikkje grunn til å dra i tvil konklusjonane i SINTEF Byggforsk sin rapport. Rapporten slår fast at kostnadsauken ved universell utforming vil være beskjeden, det vil seie under 40 000 kroner. I tillegg blir det slått fast at krav til tilgjengelegheit kan ivaretakast i leilegheiter på 30 kvm.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet og Høgre er av den oppfatninga at bygningsbransjen er blitt pålagt altfor mange detaljkrav frå staten, spesielt dei siste åra. Desse medlemene viser til at dette vil påverke både pris og produksjon av bustader ved at nye krav gjer det dyrare å byggje og vil medføre at produksjonen av bustader vert redusert. Begge deler vil naturleg nok auka prisen. Desse medlemene har fått tilbakemeldingar som tyder på det no nesten ikkje vert bygd meir av dei aller minste bustadene, noko som medfører at prisen på dei minste bustadene i marknaden stig meir enn andre bustader.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet er usamde i staten sitt pålegg om at alle bustader skal vere universelt utforma og meiner at eit slikt pålegg er svært uheldig for prisutviklinga, spesielt når det gjeld dei minste bustadene.

Desse medlemene fremmar derfor følgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa fjerne kravet om universell utforming på bustader under 55m2.»

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti viser til at kravet til radonsikring blei kraftig skjerpa i TEK10. Alle bygningar for varig opphald skal no ha radonsperre mot grunnen og i tillegg egna tiltak i byggegrunn som kan aktiverast når radonkonsentrasjon i lufta inne overstig 100 Bq/M3.

Desse medlemene konstaterer at skjerpa energikrav som vert utført på nye bustader vil medføre vesentleg mindre luftlekkasje, noko som igjen skulle tilseie vesentleg høgare radonkonsentrasjon i bustader oppførte etter dei nye energikrava enn i eldre bustader. Desse medlemene kan ikkje sjå at dette blei vurdert då det skjerpa radonkravet for nye bustader blei innført.

Desse medlemene fremmar derfor slikt framlegg:

«Stortinget ber regjeringa foreta ei utgreiing av samanhengen mellom Kreftregisterets registrering av lungekreftsdødsfall og eksponering for radon, og betydinga av nye byggs tettleik for eksponering av radonhaldige gassar.»

Desse medlemene har merka seg at det i meldinga står at om lag 300 årlege tilfelle av lungekreft kjem av radon i inneluft i bustader. Desse medlemene viser til at kartlegging av om ein bustad er utsett for radon kostar om lag 500 kroner.

Desse medlemene meiner alle husstandar som er risikoutsett for radon bør få tilbod om slik kartlegging. Desse medlemene meiner at det offentlege har eit ansvar for å sikre at alle som er risikoutsett for radon får eit slikt tilbod.

Desse medlemene fremmar derfor slikt framlegg:

«Stortinget ber regjeringa sikre at alle som er risikoutsett for radonproblem, får tilbod om radonmåling.»