Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2.1.1.6 Høyringsnotatet sine forslag til oppfølging av rekommandasjon 1

Det blir her gjort greie for hovudpunkta i forslaget til oppfølging av GRECOs rekommandasjon 1 om fullstendige rekneskapar med meir som blei sendt på høyring 17. november 2010.

Departementet viser innleiingsvis i høyringsnotatet til at dagens ordning med å avgrense rekneskapsrapporteringa i partiloven til inntektsrekneskapar blei foreslått av Partifinansieringsutvalet i NOU 2004:25 Penger teller, men stemmer avgjør. Dette må bl.a. sjåast i samanheng med at innsyn i politiske partis rekneskapar tradisjonelt har vore grunngitt i anti-korrupsjonsomsyn.

Røynsler frå GRECOs arbeid innan finansieringa av politiske parti og kandidatar kan tyde på at fokus berre på bindingar mellom politiske parti og bidragsytarar er ein for snever innfallsvinkel til denne problemstillinga. Det har til dømes vist seg ikkje berre å hende at fysiske og juridiske personar mutar det politiske miljøet, men òg at politiske parti og kandidatar mutar offentlege myndigheiter og privat sektor. Openheit berre rundt inntektsrekneskapar vil i slike tilfelle ikkje vere tilstrekkelig ut frå antikorrupsjonsomsyn.

Noreg ser ut til å vere det einaste landet i GRECO som avgrensar rekneskapsplikta til berre å gjelde inntektsrekneskapar.

Til forskjell frå verksemder som typisk driv profittmaksimering, vil ikkje ideelle organisasjonar, irekna politiske parti, vere gjenstand for «innebygd» kontroll frå aksjonærar eller eigarar. Krav om fullstendige rekneskapar vil betre kontrollen med at det som blir innrapportert er rett og komplett. SSBs røynsler med dagens rapporteringssystem i partiloven tilseier at det trengst auka kontroll med at opplysningane samsvarer med krava i loven.

Ein overgang frå eit system som i hovudsak har fokus på moglege bindingar mellom politiske parti og bidragsytarar, til fullstendige rekneskapar med informasjon også om partiorganisasjonen si økonomiske stilling, resultat og ressursbruk, vil kunne auke relevansen av og interessa for rekneskapane ved at gruppa rekneskapsbrukarar veks. I eit demokrati er den finansielle stoda for politiske parti av allmenn interesse. Somme rekneskapsbrukarar vil kunne ha særleg nytte av partiorganisasjonanes rekneskapar – eksempelvis veljarar, medlemmer, tilsette, kreditorar, samarbeidspartnarar, forskingsmiljø og offentlege styresmakter. Brukarane av politiske parti sine rekneskapar vil generelt ha behov for informasjon om korleis midlar blir skaffa og korleis dei blir nytta.

Fleire omsyn er viktige ved overgangen til fullstendig rekneskapsplikt i partiloven. Per i dag kjem berre om lag ein femtedel av alle partilag inn under dagens rapporteringssystem for inntekter. Eit særleg viktig omsyn vil vere at det blir utarbeidd eit system som gjer det enkelt og effektivt for partilaga å oppfylle plikta. Andre viktige omsyn vil vere at ein kan samanlikne rekneskapar ved å gjere det mogleg både å vurdere utviklinga i stilling og resultat i éin og same partiorganisasjon over tid og mellom ulike partiorganisasjonar. Dette tilseier at dei same rekneskapsprinsippa og vurderingsreglane i størst mogleg utstrekning bør leggjast til grunn for alle rapporteringspliktige og at desse blir nytta konsekvent og konsistent. Det bør òg vere ei målsetjing å medverke til ein klar samanheng mellom rekneskapsopplysningar som er gitte etter høvesvis rekneskapslov og partilov for dei partilag (6-7) dette gjeld.

På denne bakgrunnen er det i høyringsnotatet foreslått at rekneskapslovens hovudreglar, med dei unntak som er gjorde for ideelle organisasjonar og for små føretak som fell inn under definisjonen «ideelle organisasjonar», bør vidareførast fullt ut under partiloven. Eit forslag til oppstillingsplan er skissert i notatet. Det er i den samanheng vist til at rekneskapsloven og tilhøyrande rekneskapsstandardar har hovudfokus på artsinndelte resultatrekneskapar (oppstilling etter type kostnad og inntekt). Rekneskapspliktige som vel ein funksjonsinndelt rekneskap i note, må gi ein spesifikasjon av driftskostnader etter art. Rekneskapsstandarden for ideelle organisasjonar tilrår ein aktivitetsrekneskap, men organisasjonar som vel denne er like fullt pliktige til å avgi ein artsinndelt rekneskap i notar. Eit politisk parti vil derfor ikkje komme utanom ein artsinndelt årsrekneskap – som elles ser ut til å vere den oppstillingsplanen som politiske parti med rekneskapsplikt etter rekneskapsloven vel.

For å oppfylle GRECOs tilrådingar, og for å betre oppfylle rekneskapsbrukarane sitt informasjonsbehov, jf. rekneskapsstandarden for ideelle organisasjonar, er det i høyringsnotatet lagt opp til eit oppstillingssystem under partiloven som òg vil gi rekneskapsbrukarane informasjon om kva aktivitetar partiet har gjennomført. Vidare blir det foreslått ei artsinndelt oppstilling supplert med eit krav om at det skal gjerast nærmare greie for ressursbruken i notar, noko som blir vurdert å vere i samsvar med tilrådinga frå Norsk Regnskapsstiftelse, jf. sitatet i proposisjonen.

For kostnadssida er det teke utgangspunkt i denne lista: lønnskostnader, kjøp av varer og tenester, andre administrative kostnader, kostnader i samband med partiaktivitetar, overføringar til andre partiledd, finansielle kostnader, valkampkostnader, marknadsføringstiltak, andre kostnader i samband med valkamp.

Det er lagt til grunn at rekneskapsmalen eventuelt kan supplerast med fleire linjer. Samanhalde med § 19 n) «Overføringer fra andre partiledd» vil ein kunne få eit meir komplett bilete av dei reelle inntektene i partileddet og korleis pengar blir flytta i partisystemet.

Inntektssida i resultatrekneskapen er i høyringsforslaget vidareført ut frå gjeldande reglar, jf. partiloven § 19. Departementet drøftar i høyringsnotatet om medlemsavgifta/-kontingenten bør haldast unna frå inntektsrekneskapen – noko som elles fleire instansar har teke til orde for i den etterfølgjande høyringsrunden.

I høyringsnotatet er det foreslått at hovudreglane i rekneskapsloven om balansen, med dei unntak som gjeld for ideelle organisasjonar, irekna organisasjonar som er rekna som små føretak, blir lagde til grunn i partiloven. I balansen skal alle eigedelar som partilaget rår over eller har eigedomsrett til, takast med. Utviklinga over tid i samla eigedelar vil kunne medverke til å synleggjere om delar av det offentlege tilskotet går til formuesoppbygging i partileddet.

Kor viktig det er å oppgi samla gjeld ser ein i samanheng med drøftinga rundt finansielle utgifter i samband med lån. Kravet er i høyringsnotatet foreslått kombinert med ein regel om at ved gjeld (gjeldsgrad) over eit visst omfang, skal kreditors identitet vere oppgitt i notar.

GRECO opnar for at Noreg kan ha minstegrenser for rapportering av gjeld og eigedelar i partiloven. Konklusjonen i høyringsnotatet er at det bør bli innført eit krav om at ein alltid skal føre opp gjeld/eigedelar når rekneskapsplikt etter partiloven inntreffer. Plikt til å oppgi identiteten til fordringshavarar bør knytast opp mot ein viss gjeldsgrad (gjeld/egenkapital) eller ein bestemt nominell verdi av gjelda, f.eks. der terskelverdiane i gjeldande partilov § 20 første ledd blir lagde til grunn.

Høyringsnotatet opnar for at partilag kan velje ei oppstilling av balansen etter rekneskapsstandarden for små føretak eller ideelle organisasjonar.

Forslaget i høyringsnotatet er at krava i rekneskapsloven blir lagde til grunn i partiloven for begge forhold. Unntaksregelen for små føretak i rekneskapsloven bør vidareførast fullt ut.

Høyringsnotatet legg til grunn at særskilte notekrav for politiske parti skal heimlast i partiloven og regulerast nærmere i forskrift. Visse notekrav følgjer allereie av partiloven: Ut frå § 20 andre ledd i gjeldande lov skal eksempelvis namn og bustadskommune til fysiske bidragsytarar opplysast i rapporteringa dersom gåva samla sett i løpet av året overstig nærmare oppgitte terskelverdiar. Ut frå § 21 andre ledd skal det givast ei erklæring om politiske eller forretningsmessige avtalar som er inngåtte med bidragsytarar. Slike opplysningar vil bl.a. vere særleg relevante i samband med sponsoravtalar. «Sponsing» vil i rekneskapslovens forstand ikkje reknast som gåver dersom avtalen fullt ut kan seiast å leggje bør på begge partar. Dette fordi avtalen føreset at mottakaren (partilaget) skal yte noko i gjengjeld. Det er likevel rimeleg å sjå på sponsing som likestilt med gåver når det gjeld moglege bindingstilhøve mellom partilag og bidragsytar. Forslaget i høyringsnotatet går ut på at det i tilknyting til partiloven blir presisert at sponsing skal likestillast med gåver m.o.t. rapporteringsplikt når den årlege verdien overstig terskelverdien i gjeldande partilov § 20 første ledd.

Høyringsforslaget inneber vidare at partilaget oppgir identiteten til fordringshavaren i notar når gjelda (kortsiktig/langsiktig) overstig dei ovannemnde terskelverdiane i partiloven § 20 første ledd, jf. ovanfor om balanse.

Partifinansieringsutvalet gjekk i NOU 2004:25 ut frå at den altovervegande hovudregelen er at partilag fører rekneskapar i samsvar med eigne vedtekter. Med dette som utgangspunkt vil sjølve rekneskapsføringa vere ei vidareføring av noko som i ei eller anna form synest å vere utbreidd blant partilaga allereie. Offentleggjering av fullstendige rekneskapar og rekneskapsførsel ut frå ein felles mal blir derfor den vesentlegaste konsekvensen av rekommandasjon 1 for partilag som blir omfatta av plikta.

I høyringsnotatet er det foreslått å yte partilaga rekneskapsfagleg hjelp til å kunne følgje opp pliktene i partiloven – noko ein særleg går ut frå er eit behov for lag på fylkesnivå og for ungdomsorganisasjonane. Ikkje minst er det viktig å sikre at partilaga nyttar dei same rekneskapsprinsippa og at desse ligg fast over tid. Det må utarbeidast klare retningslinjer som byggjer på relevante delar av dei to aktuelle rekneskapsstandardane frå Norsk Regnskapsstiftelse i tillegg til prinsipp som følgjer særskilt av partiloven. Vidare vil det vere behov for ein eigen nettbasert rekneskapsmodul i regi av FAD og SSB, med rettleiingshjelp, som gjer det enkelt for partia å fylle ut og sende inn rekneskapane elektronisk. Høyringsnotatet sine forslag om å opprette eit eige Partirevisjonsutval under Partilovnemnda er òg vurdert å kunne ha kompetansehevande effekt i partilaga.

Når det gjeld siste del av rekommandasjon 1 om standardiserte skjema, er det i høyringsnotatet lagt til grunn at skjemaa for inntektsrapportering m/rettleiar som SSB har laga, kan vidareutviklast til å omfatte alle forhold ved innrapporteringa. Som nemnt er det aktuelt å tilby ei webbasert rettleiingshjelp til rapporteringa. Denne delen av rekommandasjon 1 krev i utgangspunktet ingen endringar i regelverket.