Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Om revisjonsutval og revisorrotasjon

Når det gjeld Revisorforeningens forslag om at partias hovudorganisasjonar bør påleggjast å ha revisjonsutval ut frå allmennaksjeloven §§ 6-41 til 6-43, jf. også revisorloven kap. 5 a, er departementet meir i tvil om kor formålstenleg dette er. Ein viser i den samanheng til at dei nemnde reglane gjeld større børsnoterte selskap eller selskap som tek opp lån i obligasjons- eller sertifikatmarknaden. Ein føreset at dette er verksemder av stor allmenn interesse gjennom forvaltninga av betydelege økonomiske verdiar og ressursar. Departementet viser til at eitt av formåla med partiloven er å motverke korrupsjon i det politiske systemet. Dette søkjer ein å ivareta gjennom allmenta sin innsynsrett i partifinansieringa, revisorkontroll med rapporteringa og Partilovnemndas kontrollmyndigheit og sanksjonar. Korleis partia elles forvaltar sine økonomiske ressursar fell utanfor partiloven sitt område. Partia sine aktiva vil gjennomgåande vere svært beskjedne i allmennaksjeloven sin målestokk. Partia er òg innbyrdes ulike m.o.t økonomiske og administrative ressursar.

Departementet ser at fleire av revisjonsutvalets oppgåver i utgangspunktet vil kunne vere relevante for partiloven. Eit krav om revisjonsutval etter allmennaksjelovens modell vil likevel kunne vere vanskeleg å gjennomføre overfor politiske parti av ulike grunnar. Det vert i proposisjonen blant anna peikt på kravet til uavhengig rekruttering av utvalg og kompetansekravet til medlemer. Departementet meiner at den positive nytten av tiltaket ikkje kan oppvege den negative verknaden dette kan ha for partias private sfære eller dei administrative kostnadene dette vil medføre. Departementet reknar dei tiltaka som er foreslåtte i proposisjonen for å vere tilstrekkelege til å ivareta omsyna i partiloven i denne omgang.

Revisorloven § 5 a-4 gjeld rotasjon. Første ledd første og andre punktum lyder:

«Revisor kan ikke revidere årsregnskap for den samme revisjonspliktige i mer enn syv år sammenhengende. Revisor som omfattes av første punktum kan ikke på nytt påta seg revisjonsoppdrag for den samme revisjonspliktige før det har gått minst to år.»

Departementet foreslår i høyringsnotatet at den som reviderer og godkjenner eit politisk partis rekneskap ikkje kan ha ei samla engasjementstid i partiet på meir enn sju år. Departementet ønskjer med sitt forslag å hindre at same revisor blir nytta over for mange år av partiet – sjølv om engasjementstida ikkje er samanhengande.

Departementet meiner ein slik regel som i revisorloven § 5 a-4 ikkje i tilstrekkeleg grad vil ivareta dei omsyn som bør leggjast til grunn i partiloven om reell utskifting av revisor og som blir støtta av GRECO. Forslaget i høyringsnotatet blir derfor vidareført på dette punktet. Dette er likevel ikkje til hinder for at partiet engasjerer ny revisor innanfor same revisjonsselskap.

Utgangspunktet etter norsk rett er at revisor ikkje blir vald for ein bestemt periode, men fungerer inntil ny revisor er vald på generalforsamlinga. Departementet ser at forslaget i høyringsnotatet om eit rotasjonskrav kvart sjuande år kan føre til at partia må skifte revisor hyppigare, dvs. på kvart landsmøte. Dette taler for at det i partiloven blir fastsett at rotasjonskravet gjeld kvart 8. år – m.a.o. at stortingspartias merknad blir teken til følgje. Departementet ser at ein her ikkje er i fullt samsvar med EUs rotasjonsdirektiv, men meiner at forslaget til ei streng regulering av reengasjement i partiloven kan kompensere for eventuelle negative verknader av utvida tidsperiode. Departementet går ut frå at desse argumenta vil kunne støttast av GRECO.

Departementet går inn for at det blir presisert i loven at krav om revisor inneber alminneleg revisjonsplikt etter revisorloven – som er i tråd med Revisorforeningens merknad. Eit slikt forslag inneber òg at høyringsnotatet sine forslag om presisering av kompetansekrav til den som reviderer rekneskapen til eit politisk parti, blir ivaretekne. Departementet strekar under at omfanget av plikta om revisorgodkjenning i gjeldande partilov § 21 tredje ledd blir vidareført uendra. Det vil seie at krav om revisorgodkjenning etter partiloven berre gjeld partias hovudorganisasjonar og ikkje andre einingar i partihierarkiet.