Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4.1.1 Sammendrag

I høyringsnotatet blir det foreslått at § 21 andre ledd siste punktum og § 23 om partias plikt til på førespurnad å gi publikum innsyn i politiske eller forretningsmessige avtalar med bidragsytarar pluss rekneskap, blir teken ut or loven. Føresegna inneber likevel inga rekneskapsplikt. Grunngivinga bak forslaget i høyringsnotatet til forenkling er at rekommandasjon 1 om fullstendige rekneskapar gjer føresegna overflødig.

Departementet viser i proposisjonen til at partia i dag rapporterer inn sine inntekter på eit skjema utarbeidd av SSB. Det blir m.a.o. ikkje sendt inn rekneskapar til SSB der tala blir bearbeidde og samanstilte for publisering på www.partifinansiering.no. All informasjon som blir rapportert inn blir derfor publisert. Ein ser følgjeleg ikkje behov for å stadfeste ein særskilt innsynsrett i tilknyting til denne delen av rapportering.

Departementet deler likevel delvis den innvendinga som Norsk Redaktørforening har om at det vil svekkje innsynet i partias økonomi dersom den innsynsretten som allmenta i dag har i partias rekneskapar, fullt ut blir erstatta av «samanstillingar». Departementet ser at forslaget om å fjerne § 21 andre ledd siste punktum og § 23 vil føre til at innsynet blir svekt overfor små partilag som kjem under forenklingsregimet i § 18 tredje ledd. Desse vil berre vere pålagde å avgi årleg erklæring om at inntektene ikkje har vore over den lovbestemte grensa. Med høyringsnotatet sine forslag vil det ikkje lenger vere mogleg for publikum å få innsyn overfor småpartia.

Departementet fråfell derfor forslaget om å ta § 21 andre ledd siste punktum og § 23 ut av loven. Ein foreslår derfor at føresegnene, som byggjer på Partifinansieringsutvalets einstemmige tilråding, blir vidareførte.