1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Endringane i proposisjonen inneber at stønadsperioden for foreldrepengar blir utvida med to veker som er øyremerkte far. Den samla stønadsperioden blir 49 veker med 100 pst. dekning eller 59 veker med 80 pst. dekning. Fedrekvoten blir 14 veker. Mødrekvoten som vert sett i kraft frå 1. juli 2013, er føreslegen tilsvarande forlenga til 14 veker innanfor den samla stønadsperioden. Den valfrie fellesdelen blir 18/28 veker avhengig av valt dekningsgrad.

1.2 Gjeldande rett

1.2.1 Foreldrepengeordninga

Den samla stønadsperioden er i dag på 47 veker med 100 pst. dekningsgrad eller 57 veker med 80 pst. dekningsgrad. Ved adopsjon er stønadsperioden høvesvis 44 og 54 veker. I dag utgjer fedrekvoten 12 veker. Det er også slik at tre veker før fødsel, og seks veker etter fødsel, er øyremerkte mor av helseårsaker.

1.2.2 Lov 15. juni 2012 nr. 32 om endringar i folketrygdlova (tredeling av foreldrepengeperioden)

I lov 15. juni 2012 nr. 32 blir det gjort endringar i gjeldande folketrygdlov kapittel 14 med verknad frå 1. juli 2013. Endringane gjeld fordeling av foreldrepengeperioden mellom mor og far. Lovendringa inneber at det blir innført ein mødrekvote av same lengd som fedrekvoten. Endringslova vert sett i kraft 1. juli 2013.

1.2.3 Særleg om fedrekvoten

Føremålet med fedrekvoten er å få fleire fedrar til å ta aktivt del i omsorga i dei fyrste leveåra til barnet.

Innføringa av fedrekvoten i 1993 medførte ein vesentleg auke i fedrar sitt uttak av foreldrepengar, og delen som bruker fedrekvoten, har auka gradvis. Det er rekna med at om lag 90 pst. av fedrar med rett til fedrekvote tek ut heile eller delar av denne. Fedreuttak følgjer i stor grad lengda på fedrekvoten, og ved kvar utviding av fedrekvoten har fedreuttaket av foreldrepengar auka tilsvarande.

For at far skal ha rett til fedrekvote, må båe foreldre ha tent opp rett til foreldrepengar.

Når far tek ut fedrekvoten, er det ingen krav til kva mor gjer. Dersom far skal ta ut meir enn fedrekvoten, må mor gå ut i aktivitet, jf. folketrygdlova § 14-13.

1.3 Departementet sine vurderingar og forslag

Det er kvinner som tek størst del av foreldrepermisjonen. Ved innføring av ei tredelt foreldrepengeordning frå 1. juli 2013 vil det bli tydelegare at foreldrepengeperioden tilhøyrer båe foreldra, og at dei aktivt må ta stilling til korleis dei vil fordele stønadsperioden mellom seg. Endringa kan såleis stimulere til ei meir likestilt deling av foreldrepermisjonen. Det er likevel framleis behov for å stø ei utvikling der far omsorgspotensial blir utnytta i større grad enn i dag. Fedrar si omsorgsdeltaking i dei fyrste leveåra til barnet er viktig for tidleg å etablere god kontakt mellom far og barn. Auka fedreuttak av foreldrepengar kan skape eit godt grunnlag for omsorgsfordelinga mellom foreldra også når barna blir større. Departementet forventar at ei utviding av fedrekvoten vil medverke til auka fedreuttak. Fedrekvoten kan også medverke til å styrkje fedrar sin posisjon i møte med arbeidsgjevar i dei tilfella der foreldra ynskjer ei jamnare fordeling av stønadsperioden.

Departementet føreslår, med tilvising til budsjettvedtaket i Stortinget, at folketrygdlova blir endra slik at den samla stønadsperioden blir utvida med to veker. Departementet føreslår også at fedrekvoten og mødrekvoten blir utvida med to veker kvar innanfor ramma av den samla perioden.

Forslaget inneber ei forlenging av stønadsperioden ved fødsel med to veker, til 49 veker med 100 pst. dekning eller 59 veker med 80 pst. dekning. Ved adopsjon blir stønadsperioden utvida til høvesvis 46 og 56 veker. Forslaget inneber også at den tredelte foreldrepengeordninga vil bli sett i kraft med ein kvote til kvar av foreldra på 14 veker.

Fellesdelen vil vere på høvesvis 18 eller 28 veker avhengig av valt dekningsgrad. Departementet meiner at fellesdelen vil vere tilstrekkeleg lang til å vareta familiane sine behov for fleksibilitet.

Ein konsekvens av at kvotane kvar for seg blir utvida, er at ein større del av stønadsperioden fell bort dersom ein av foreldra ikkje nyttar seg (fullt ut) av sin kvote.