Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.3 Regjeringa sin politikk for immaterielle verdiar og rettar

Regjeringa sin politikk for immaterielle verdiar og rettar femner breitt. Hovudmålet er at norsk næringsliv og offentlege aktørar skal bli betre til å utnytte verdiskapingspotensialet som ligg i ei god handtering av eigne immaterielle verdiar og rettar. For å nå dette målet vil regjeringa rette innsatsen mot seks område:

  • 1. Slutte Noreg til internasjonale avtalar og oppdatere regelverk og ordningar

Regelverket for immaterielle rettar regulerer rolla til patentmyndigheitene, kva som blir verna, kor langt vernet strekkjer seg, og korleis dei immaterielle rettane blir sikra og handheva. Tilslutning til internasjonale avtalar og eit oppdatert nasjonalt regelverk er viktig for å sikre eit velfungerande system for handtering av immaterielle rettar. Eit godt system gjer det mogleg for norske verksemder å sikre og handheve rettane sine og stimulerer til utvikling av ny kunnskap i form av nye tekniske løysingar eller kulturelle uttrykk.

Noreg har i dag eit regelverk som gjennomgåande er tidsriktig og oppdatert. Som eit ledd i arbeidet med å sikre norsk næringsliv best moglege konkurransevilkår internasjonalt, vil regjeringa halde fram med å utvikle og harmonisere regelverket for immaterielle rettar. Regjeringa meiner at regelverket og systemet for immaterielle rettar i Noreg bør fungere som insentiv for både private og offentlege verksemder som vil investere i innovasjon og verdiskaping.

For å slutte Noreg til internasjonale avtalar og oppdatere regelverk og ordningar vil regjeringa mellom anna

    • sende på høyring forslag om norsk tilslutning til London-avtalen

    • undersøkje om det er mogleg å få etablert eit privat, kommersielt tilbod om rettstvistforsikring for immaterielle rettar i den norske marknaden

    • vurdere behovet og moglegheitene for vitnefritak for patentfullmektigar og innføring av ei norsk autorisasjonsordning

  • 2. Betre opplæringa i immaterielle verdiar og rettar

Immaterielle rettar har fått større betyding, og delar av næringslivet etterspør fleire medarbeidarar og kandidatar med relevant utdanning. Dette er særlig aktuelt innanfor fag som jus, teknologi, økonomi og administrasjon. Eit betre utdanningstilbod vil bidra til å møte det aukande behovet for kompetanse om immaterielle rettar blant framtidige arbeidstakarar, i næringslivet, i patentekspertbransjen, i verkemiddelapparatet og i rettsvesenet. Vidare vil eit godt etter- og vidareutdanningstilbod bidra til å heve og utvikle kompetansenivået hos dagens arbeidstakarar. Det er også eit behov for auka bevisstheit om immaterielle rettar blant barn og unge.

Regjeringa er oppteken av at tilbodet om opplæring i immaterielle rettar må bli betre i heile utdanningsløpet – i grunn- og vidaregåande opplæring, i høgare utdanning og i relevante etter- og vidareutdanningar. For å betre opplæringa i immaterielle rettar vil regjeringa mellom anna

    • leggje til rette for at deltakarar i Ungt Entreprenørskap får større kompetanse og bevisstheit om immaterielle rettar

    • be Patentstyret innleie ein dialog med Utdanningsdirektoratet, Kommunesektorens organisasjon (KS) og Ungt Entreprenørskap med sikte på å skape interesse for immaterielle rettar i grunn- og vidaregåande opplæring

    • be Forskingsrådet arbeide for at doktorgradsutdanningar som blir finansierte med midlar frå Nærings- og handelsdepartementet, inneheld opplæring i immaterielle rettar der dette er formålstenleg

  • 3. Vidareutvikle Patentstyret

Patentstyret er den norske nasjonale myndigheita for behandling av søknader om patent, varemerke og designvern. I tillegg er Patentstyret eit nasjonalt kompetansesenter for industrielle rettar. Gjennom forvaltning og spreiing av kunnskap om industrielle rettar er Patentstyret ein del av det norske innovasjonssystemet. Regjeringa meiner at eit velfungerande immaterialrettssystem og ei velfungerande myndigheit er eit sentralt rammevilkår for at verksemder skal velje å basere den nyskapande verksemda si i Noreg.

Regjeringa ønskjer at Patentstyret skal utvikle seg vidare, både som forvaltar av og som eit kompetansesenter for industrielle rettar i Noreg. For at Patentstyret skal lykkast med dette, må etaten ha god og relevant kompetanse, og gode rutinar for ei effektiv saksbehandling. Patentstyret må aktivt følgje med og overvake den teknologiske utviklinga og analysere kva konsekvensar ho kan ha for arbeidet i etaten i tida framover. Regjeringa ventar også at Patentstyret saman med dei andre næringsretta verkemiddelaktørane gir myndigheitene råd i politikkutviklinga på feltet.

For at Patentstyret skal utvikle seg vidare til nytte for norske aktørar, vil regjeringa mellom anna be Patentstyret om å

    • medverke til at næringslivet i større grad inkluderer bruk av immaterielle rettar i sin eigen forretnings- og kommersialiseringsstrategi

    • vere ein pådrivar overfor dei andre verkemiddelaktørane for å inkludere immaterialrettslege perspektiv i oppgåveløysinga og tenestetilbodet deira på ein formålstenleg måte

    • arbeide vidare med å etablere ein nettstad med informasjon om piratkopiering og varemerkeforfalsking

  • 4. Vidareutvikle det samla rettleiingstilbodet innanfor immaterielle verdiar og rettar

Det næringsretta verkemiddelapparatet består mellom anna av Innovasjon Noreg, Designrådet, Forskingsrådet, SIVA og Patentstyret. Dei har ulike roller, ansvar, kompetanse og oppgåver som skal vere komplementære innanfor ei samla verdikjede frå idé til marknad. Regjeringa er oppteken av at samarbeidet mellom aktørane skal resultere i at ulike tenester utfyller kvarandre og framstår på ein heilskapleg og einsarta måte for verksemdene. Dette er også viktig for å kunne møte dei endringane som skjer internasjonalt. Det er mellom anna etablert samarbeidsavtalar mellom Patentstyret og høvesvis Forskingsrådet, Norsk Designråd og Innovasjon Noreg.

I dag finst det ingen enkeltaktør som kan tilby informasjon og rettleiing om heile spekteret av immaterielle rettar, frå opphavsrett til patent, til alle relevante målgrupper. Regjeringa ønskjer eit framtidsretta og samordna verkemiddelapparat som bidreg til å styrkje bevisstheita og kompetansen om immaterielle rettar i norsk næringsliv.

For å vidareutvikle det samla rettleiingstilbodet om immaterielle verdiar og rettar vil regjeringa mellom anna

    • kartleggje behova nærare og identifisere moglege løysingar for ei samla informasjons- og rettleiingsteneste om immaterielle rettar og verdiar

    • etablere ei rettleiings- og rådgivingsteneste for små og mellomstore bedrifter

    • medverke til å utvikle Innovasjon Noreg si rettleiing til norske bedrifter om immaterielle rettar i særleg relevante internasjonale marknader og be Innovasjon Noreg vurdere korleis ei betra rettleiingsteneste kan utformast

  • 5. Nedkjempe piratkopiar og varemerkeforfalskingar

Omfanget av piratkopiering og vareforfalsking aukar, og handelen med falske varer og piratkopiering av programvare, musikk og film har vakse det siste tiåret. Samtidig viser ei rekkje døme at omfanget av piratkopiering blir mindre der det blir lagt til rette for lovlege løysingar.

Regjeringa ser at det må til eit breitt sett av tiltak for å nedkjempe piratkopiering og varemerkeforfalsking. Det vil vere behov for regelverksendringar og tiltak for informasjons- og haldningsarbeid. I tillegg må det leggjast til rette for attraktive og lovlege løysingar. Utvikling av digitalt berekraftige forretningsmodellar som forbrukarane faktisk ønskjer å bruke, er eit ansvar som i hovudsak ligg på aktørane i bransjen. Piratkopiering og varemerkeforfalsking er samtidig internasjonale utfordringar som tilseier ein samla innsats gjennom internasjonalt samarbeid.

For å redusere omfanget av piratkopiering og varemerkeforfalsking vil regjeringa mellom anna

    • styrkje regelverket for handheving av rettar etter åndsverklova ved ein revisjon av denne lova

    • arbeide for å etablere ein nettstad med informasjon om piratkopiering og varemerkeforfalsking og etablere eit tilhøyrande myndigheitssamarbeid

    • styrkje regelverket mot import av falske legemiddel

  • 6. Betre kunnskapsgrunnlaget for vidare politikkutvikling

Politikkutviklinga på eit område blir ikkje betre enn det kunnskapsgrunnlaget ho kviler på. I næringspolitikken inneber det at regjeringa er avhengig av å ha god kunnskap om samanhengen mellom innsatsen på eit område og den effekten innsatsen har på verdiskapinga. Når det gjeld immaterielle rettar, er det stort sett god kunnskap om kor mange rettar det blir søkt om i verda, medan kunnskapen er langt dårlegare mellom anna om kva effekt omfanget av immaterielle rettar har på verdiskapinga i den enkelte bedrifta, i ei næring eller i eit heilt land.

For offentlege styresmakter vil det difor vere ønskjeleg med økonomiske analysar som koplar data for immaterielle rettar mot andre datakjelder. Dette kan bidra til å auke kunnskapen om samanhengane mellom immaterielle rettar, innovasjon og verdiskaping.

For å betre kunnskapsgrunnlaget for vidare politikkutvikling vil regjeringa mellom anna

    • be Patentstyret medverke til eit forbetra datagrunnlag, mellom anna gjennom å leggje til rette for auka innrapportering av organisasjonsnummer ved søknader om rettar

    • vurdere korleis analysar av tilhøvet mellom immaterielle rettar og verdiskaping kan inngå i utvikling av kunnskapsgrunnlaget

    • jamleg invitere til konferansar for å diskutere utvalde problemstillingar om handteringa av immaterielle verdiar og rettar i det norske innovasjonssystemet