Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.2 Grensejustering og deling av kommunar med store kraftinntekter

Ved grensejustering og deling skal det gjennomførast eit økonomisk oppgjer mellom kommunane. I utgangspunktet skal kommunane på eiga hand prøve å kome fram til ein avtale, men dersom dei er usamde, kan dei be Fylkesmannen om rettleiing, jf. inndelingslova § 18 første ledd. Dersom kommunane ikkje blir samde, blir det økonomiske oppgjeret fastsett av ei fast skjønnsnemnd oppretta av departementet, jf. § 18 andre ledd.

Hovudregelen etter § 19 første ledd er at eigedomsretten til «vegar, gater, bruer, offentlege plassar og annan forvaltningseigedom som fullt ut eller i svært stor grad tener vedkomande område», skal overførast i tråd med grenseendringa. Det gjeld òg bygningar.

Etter § 19 andre ledd kan skjønnsnemnda fordele eller påby at kommunane i fellesskap skal nytte «annan eigedom».

Dersom ein kommune eller ein fylkeskommune blir vesentleg svekt økonomisk etter ei grensejustering eller deling, kan skjønnsnemnda tilkjenne erstatning der dei ser det som rimeleg, jf. § 21.

For å gjennomføre vedtak om samanslåing, deling og grensejustering kan Kongen etter inndelingslova § 17 første ledd gje nærare reglar. Etter andre ledd kan Kongen gjere unntak frå gjeldande lover og forskrifter. Denne fullmakta er delegert til departementet i saker om grensejustering. Føresegna set rammer for kva unntak som kan gjerast frå lov og forskrift.

Inntekter som har interesse ved spørsmål om økonomisk oppgjer ved grensejustering og deling av kommunar med store kraftinntekter, er inntekter av konsesjonskraft, konsesjonsavgift, naturressursskatt og eigedomsskatt på kraftanlegg.

Departementet avslo i mars 2011 ein søknad om grensejustering mellom Vaksdal og Modalen kommunar (overflytting av Eksingedalen og Eidslandet til Modalen). I vedtaket signaliserte departementet at det var behov for å sjå på reglane om økonomisk oppgjer i inndelingslova.

Noko av bakgrunnen for framlegga om regulering av det økonomiske oppgjeret er at initiativretten etter § 8 skal vere reell også for innbyggjarar i område med store naturressursar.

I høyringsnotatet skreiv departementet at eit alternativ er å gjere det økonomiske oppgjeret meir føreseieleg når det gjeld inntekter knytte til produksjon av elektrisk kraft, og samstundes leggje til rette for ei tilpassing til nytt inntektsnivå for kommunane. Departementet la òg vekt på at fordelinga av inntektene og overgangsordninga skal oppfattast som rettferdig.

I høyringsnotatet blei det peika på tre alternativ når det gjeld å løyse det økonomiske oppgjeret ved grensejustering og deling av kommunar med store kraftinntekter:

  • a. oppretthalde dagens avtalefridom med høve til handsaming i skjønnsnemnd ved usemje

  • b. utvide fullmakta departementet har etter inndelingslova § 17, slik at departementet får fullmakt til å fastsetje ei overgangsordning for ein avgrensa periode

  • c. utarbeide ei ny forskrift som regulerer korleis kraftinntekter skal fordelast ved grensejustering og deling

Departementet bad vidare om synspunkt på om overgangsordninga etter b og c bør vere på fem eller ti år.

Framlegget til forskrift (punkt c) i høyringsnotatet gjekk ut på at naturressursskatten og konsesjonsavgifta går over til den nye kommunen samtidig med grensejusteringa. Den kommunen som tek imot kommunedelen, skal betale ein kompensasjon til den kommunen som gjev frå seg delen. Kompensasjonen skal i utgangspunktet trappast ned over fem år. Konsesjonskrafta blir verande udelt i fem år i kommunen som må gje frå seg området.

Tanken bak forskrifta er at terskelen for grensejustering og deling av kommunar som utløyser kraftinntekter, blir senka dersom dei økonomiske konsekvensane er føreseielege og i så stor grad som mogleg rettferdige.

Framlegget til forskrift la opp til at kommunane ikkje kan avtale noka anna fordeling enn forskrifta krev, til dømes ei lengre overgangsordning. Omsynet til avtalefridomen for kommunane taler dermed imot ei slik løysing.

Etter forskrifta skal ikkje alle ulikskapar mellom kommunane jamnast ut. Dei økonomiske utslaga i den kommunen som gjev frå seg ein del, er avgjerande.

Forskrifta avgrensar ikkje fridomen skjønnsnemnda har når det gjeld å tilkjenne erstatning etter inndelingslova § 21, anten tilfella er omfatta av forskrifta eller ikkje.

Departementet fremja eit alternativ der departementet kan fastsetje ei fordeling av kraftinntektene i ein overgangsperiode (punkt b).

Det blei peika på at ei ulempe med dette alternativet er at staten kan bli trekt inn i forhandlingane mellom kommunane. Ei anna ulempe det blei peika på, er at departementet ikkje er spesielt eigna til å avgjere konkret korleis økonomiske gode og byrdar bør fordelast mellom kommunane. Det blei peika på at ein meir domstolliknande prosess, som i skjønnsnemnda, eignar seg betre. Departementet peika vidare på at dersom prosessane blir krevjande, kan konsekvensen bli at grenseendringar som kommunane og innbyggjarane elles ville ha gått inn for, ikkje blir gjennomførte.

Det går fram av proposisjonen at departementet meiner at ein ikkje bør velje alternativet med utvida fullmakt for departementet. Framlegget om utvida fullmakt for departementet har ikkje fått tilslutning blant høyringsinstansane, og fleire høyringsinstansar har uttalt at alternativet er uheldig. Eit fleirtal (seks høyringsinstansar) av dei som har uttalt seg om spørsmålet, vil føre vidare dagens avtalefridom. Dei legg mellom anna vekt på at det er uheldig å overstyre avtalefridomen til kommunane, og at forskrifta gjev mindre fleksibilitet.

Departementet har kome til at ein bør leggje stor vekt på omsynet til avtalefridomen for kommunane. Både KS og Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) ynskjer å føre dagens avtalefridom vidare, og departementet vil òg trekkje fram at det er ein føremon om ein kan oppretthalde ei kjend ordning. Departementet gjer difor i proposisjonen ikkje framlegg om endringar i føresegnene om det økonomiske oppgjeret ved grensejustering og deling av kommunar med store kraftinntekter.