Kapittel 2 handlar om utsiktene for finansiell
stabilitet i Noreg. I kapitlet er det mellom anna greidd ut om det
makroøkonomiske biletet, tilhøva på finansmarknadene, risikoutviklinga
for finansinstitusjonane og soliditeten og resultata i institusjonane.
Det er òg teke med eit oversyn over arbeidet med å tryggja finansiell
stabilitet i Noreg. Framstillinga gjeld for det meste året 2012,
men somme punkt er oppdaterte med tal for dei fyrste månadene av
2013.
Kapittel 3 gjev eit oversyn over nokre sentrale
initiativ til regelverksendringar som har kome mellom anna som følgje
av røynslene frå finanskrisa. Blant dei omtala prosessane er arbeidet
med å gjennomføra dei nye kapitalkrava for bankane (CRR/CRD IV-regelverket)
i norsk rett, og oversikt over ulike initiativ om særskilte krav
til systemviktige institusjonar. Kapitlet inneheld òg på ein del
punkt merknader om korleis departementet stiller seg til og arbeider
med desse regelverksinitiativa.
I kapittel 4 er det ei omtale av organiseringa
og verksemda i Finansklagenemnda. Stortinget vedtok i juni 2012
å be regjeringa vurdera om organiseringa av og verksemda i Finansklagenemnda
kan endrast med sikte på å styrkja rettstryggleiken til klagarane. Departementet
gjer i kapitlet greie for korleis regjeringa følgjer opp oppmodingsvedtaket.
Kapittel 5 gjer eit oversyn over hovuddraga
med den finansielle infrastrukturen i Noreg og skildrar sårbarheit
knytt til svikt i systema, kriminalitet og trugsmål utanfrå. Kapitlet
handlar òg om kva ein kan gjera for å minske sårbarheita.
Kapittel 6 handlar om hovuddraga i dei gjennomførte
regelverksendringane i Noreg, og om dei viktigaste løyvesakene som
Finansdepartementet og Finanstilsynet har handsama på finansmarknadsområdet
i 2012.
Kapittel 7 inneheld ei omtale av verksemda til Noregs
Bank i 2012 og ei vurdering av korleis pengepolitikken vert utøvd.
Omtala av verksemda til Noregs Bank er lovpålagd, jf. sentralbanklova
§ 30. Kapittel 8 omtalar verksemda til Finanstilsynet i 2012. Kapittel
7 og 8 byggjer i stor mon på årsmeldingane frå institusjonane.
Kapittel 9 inneheld ei omtale av verksemda til Folketrygdfondet
i 2012, med omtale av Statens pensjonsfond Noreg i kapittel 9.3
og Statens obligasjonsfond i kapittel 9.4. Verksemda i Statens finansfond
er omtala i kapittel 10.
Ein artikkel kalla «Banking on Experiments?» utarbeida
av professor Martin Dufwenberg på oppdrag frå departementet, jf.
vedlegg 2, følgjer som vedlegg til denne meldinga. Årsmeldingane
frå Noregs Bank, Finanstilsynet og Statens finansfond for 2012 følgjer
som uprenta vedlegg. Det gjer òg artikkelen «Experimental Economics
and Financial Market Regulation» av professor Torsten Henz og Amelie
Brune (2012).
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Gunvor Eldegard, Gerd Janne Kristoffersen, Marianne Marthinsen, lederen
Torgeir Micaelsen, Torfinn Opheim, Knut Storberget og Dag Ole Teigen,
fra Fremskrittspartiet, Jørund Rytman, Ketil Solvik-Olsen, Kenneth Svendsen
og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe
og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen, fra
Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, fra Kristelig Folkeparti,
Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, viser
til at sentralbanksjef Øystein Olsen og Finanstilsynets direktør
Morten Baltzersen var invitert på høring i komiteen 21. mai 2013.
Referatet fra høringen med sentralbanksjefen er lagt ved denne innstillingen.