3. Fribeløpet i den differensierte arbeidsgiveravgiften

3.1 Sammendrag

Satsen for arbeidsgivaravgifta i sone Ia er i utgangspunktet 14,1 pst. Det kan likevel nyttast ein sats på 10,6 pst. så lenge differansen mellom avgifta som følgjer av satsar på høvesvis 14,1 pst. og 10,6 pst. ikkje overstig 530 000 kroner (det årlege fribeløpet) i inntektsåret. For vegtransportføretak er satsen 10,6 pst. inntil differansen overstig 265 000 kroner for føretaket i inntektsåret. Føretak som driv produksjon av stål eller bygging av skip mv. kan og berekne redusert arbeidsgivaravgift inntil differansen i avgift, etter ei berekning med den satsen som elles gjeld i sona og 14,1 pst., overstig 530 000 kroner.

Fribeløpet i arbeidsgivaravgifta på 530 000 kroner (265 000 kroner for vegtransport) er fastsett for å komme inn under grensa for bagatellmessig støtte i EØS-avtalen sine statsstøttereglar. Etter EØS-regelverket kan ein gi såkalla bagatellmessig støtte utan å notifisere til ESA. Bagatellmessig støtte må samla vere under 200 000 euro over ein rullerande treårsperiode. Det årlege fribeløpet i arbeidsgivaravgifta skal altså utgjere inntil ein tredel av den samla grensa for tre inntektsår på 200 000 euro.

Krona har styrka seg vesentlig mot euro dei siste åra. Fribeløpet på 530 000 kroner utgjer om lag 205 000 euro i perioden 2011–2013, dvs. 5 000 euro over grensa for bagatellmessig støtte.

Gjeldande fribeløp i avgiftsvedtaket fører dermed til at arbeidsgivarar kan få eit høgare støttebeløp enn det reglane om bagatellmessig støtte tillèt. For åra før 2013 har fribeløpet vore innanfor grensa for bagatellmessig støtte.

Som støttegivar har Finansdepartementet eit ansvar for å sjå til at det ikkje blir gitt støtte som går utover grensene. For at fribeløpet skal komme ned under 200 000 euro (100 000 euro for vegtransport) for perioden 2011–2013, må fribeløpet reduserast til 450 000 kroner (225 000 kroner for vegtransport) så snart som mogleg. Regjeringa foreslår derfor at fribeløpet i arbeidsgivaravgifta i sone Ia blir redusert til 450 000 kroner (225 000 kroner for vegtransport) med verknad frå og med 4. termin 2013 (1. juli 2013). Det same gjeld den øvre grensa for føretak som driv produksjon av stål og bygging av skip mv.

At endringa gjeld med verknad frå og med 4. termin 2013 inneber at føretak kan berekne redusert avgift inntil differansen blir 530 000 kroner (265 000 kroner for vegtransport) når dei bereknar avgifta for 1. til og med 3. termin. Ved avgiftsberekninga frå og med 4. termin kan derimot samla reduksjon ikkje overstige 450 000 kroner (225 000 kroner for vegtransport) samla for inntektsåret. Dersom eit føretak alt har berekna redusert avgift med eit høgare beløp (inntil 530 000 eller 225 000 kroner) for 1. til og med 3. termin 2013, blir det likevel ikkje krav om endring for dei tidlegare terminane.

Endringa gjeld også grensa for samla bagatellmessig støtte, jf. dei to siste setningane i § 3 første ledd andre strekpunkt i vedtaket.

Forslaget har truleg ikkje vesentlege administrative følgjer. Å redusere fribeløpet frå 530 000 kroner til 450 000 kroner og frå 265 000 kroner til 225 000 kroner for vegtransport frå 1. juli, kan auke provenyet med om lag 110 mill. kroner påløpt i 2013. Av dette blir 90 mill. kroner bokført i 2013 og 20 mill. kroner blir bokført i 2014.

Departementet viser til forslag til endring i Stortingets vedtak om fastsetting av avgifter mv. til folketrygden for 2013 § 3 og § 4. Endringane tek til å gjelde 1. juli 2013 med verknad for avgiftsberekninga frå og med fjerde termin.

3.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.