Innstilling frå justiskomiteen om samtykkje til å trekkje reservasjonen mot FN-konvensjonen 11. april 1980 om kontraktar for internasjonale lausøyrekjøp (CISG) del II om avtaleinngåing

Til Stortinget

Samandrag

Justis- og beredskapsdepartementet ber i proposisjonen om samtykkje frå Stortinget til å trekkje reservasjonen mot FN-konvensjonen 11. april 1980 om kontraktar for internasjonale lausøyrekjøp (CISG) del II om avtaleinngåing. CISG del II regulerer avtaleinngåing ved visse internasjonale lausøyrekjøp. Det vert vist til eiga innstilling om lovsaken.

Departementet gjer framlegg om å gjennomføre CISG del II i norsk rett ved ei blankettføresegn i kjøpsloven der det blir slått fast at konvensjonen skal gjelde som norsk lov. I samband med dette føreslår departementet at heile CISG blir gjennomført som norsk lov ved inkorporasjon. CISG er, med unnatak av del II, etter gjeldande rett gjennomført i norsk rett ved transformasjon. CISG er dermed omsett, omsystematisert og i nokon grad fortolka inn i ein konsolidert norsk lovtekst (kjøpsloven) som gjeld både for nasjonale og internasjonale kjøp. I kjøpsloven er det gitt somme unnatak og særføresegner for internasjonale kjøp. Dersom konvensjonen fullt ut blir gjennomført ved inkorporasjon, fell behovet for desse særreglane bort, og departementet føreslår at dei blir oppheva.

Reglane om avtaleinngåing er neppe i seg sjølve av stor praktisk betyding for partane i internasjonale lausøyrekjøpsforhold. Dessutan er det ikkje vesentlege reelle skilnader mellom reglane i CISG del II og avtaleloven kapittel 1. Framlegget kan likevel ha ein viss positiv effekt ved å redusere transaksjonskostnadene i samband med internasjonale lausøyrekjøp. Det forenklar rettskjeldebildet ved at reglane for avtaleinngåing vil bli dei same uavhengig av om det er rettsreglane i Noreg eller ein annan konvensjonsstat som skal leggjast til grunn. Lovvalsreglane får dermed ei meir underordna rolle. Vidare kan det at Noreg får reglar for avtaleinngåing i internasjonale lausøyrekjøpsforhold som svarar til dei reglane fleirtalet av handelsstatar opererer med i dag, vere positivt ut frå handels- og næringsomsyn. Framlegget om å gjennomføre CISG ved inkorporasjon framfor transformasjon vil vidare i seg sjølv vere egna til å forenkle rettskjeldesituasjonen, òg med omsyn til dei delane av konvensjonen som allereie er gjennomførte i norsk rett, ettersom partane då kan halde seg direkte til originalteksten i konvensjonen uavhengig av om det er rettsreglane i Noreg eller ein annan konvensjonsstat som skal nyttast.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jorodd Asphjell, Kari Henriksen, lederen Hadia Tajik og Lene Vågslid, fra Høyre, Margunn Ebbesen, Hårek Elvenes, Peter Christian Frølich og Anders B. Werp, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen og Ulf Leirstein, fra Kristelig Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, og fra Senterpartiet, Jenny Klinge, viser til Prop. 158 LS (2012–2013) hvor det både fremmes forslag til lovvedtak og stortingsvedtak. I denne innstillingen behandles stortingsvedtaket. Det vises til egen innstilling om lovsaken.

Komiteen har ingen merknader til at reservasjonen mot FN-konvensjonen 11. april 1980 om kontraktar for internasjonale løsørekjøp del II om avtaleinngåelse, blir trukket.

Merknader frå utanriks- og forsvarskomiteen

Komiteens utkast til innstilling ble 26. november 2013 oversendt utenriks- og forsvarskomiteen til uttalelse. Utenriks- og forsvarskomiteen opplyste i brev av 4. desember 2013 at de sluttet seg til justiskomiteens innstilling og ikke hadde ytterligere merknader.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i at reservasjonen mot FN-konvensjonen 11. april 1980 om kontraktar for internasjonale lausøyrekjøp (CISG) del II om avtaleinngåing, jf. konvensjonen artikkel 92, blir trekt.

Oslo, i justiskomiteen, den 10. desember 2013

Hadia Tajik

Kari Henriksen

leiar

ordførar