Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2013 under Nærings- og handelsdepartementet

Dette dokument

  • Innst. 74 S (2013–2014)
  • Kildedok: Prop. 19 S (2013–2014), kap. 2426 og 5613
  • Dato: 10.12.2013
  • Utgiver: kommunal- og forvaltningskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Samandrag

I proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet 2013.

Kap. 2426 SIVA SF

Post 90 Lån, overslagsløyving

SIVA SF kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Selskapet betaler òg ein låne- og garantiprovisjon på 1 pst. p.a. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5326. SIVA SF har ei innlånsramme på 700 mill. kroner. Ved saldering av budsjettet for 2013 la ein til grunn at SIVA SF ville refinansiere lån på til saman 140 mill. kroner, og dermed ikkje utnytte heile låneramma på 700 mill. kroner. SIVA SF har mellom anna hatt behov for finansiering til si eigedomsverksemd, og har derfor tatt opp fleire lån enn det som vart lagt til grunn i saldert budsjett for 2013. SIVA SF har no utnytta låneramma fullt ut.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet i proposisjonen framlegg om å auke løyvinga med 120 mill. kroner, frå 140 til 260 mill. kroner.

IT Fornebu Properties AS

Det går fram av proposisjonen at staten er største enkelteigar i IT Fornebu Properties AS (ITFP) med 32,6 pst. SIVA Eiendom Holding AS forvaltar eigardelen.

Det går vidare fram av proposisjonen at ITFP hausten 2013 har realisert verdiar gjennom reduksjon av sine eigardelar i bygga som er leigde ut til mellom anna Statoil og andre kunnskapsmiljø. For desse bygga er det etablert eit felles selskap med det børsnoterte selskapet Technopolis OYJ, der ITFP eig 30 pst. og Technopolis eig 70 pst. ITFP AS er forplikta til å ha ein 30 pst. eigardel i 3–5 år.

Kap. 5613 Renter frå SIVA SF

Post 80 Renter

SIVA SF kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Som følgje av rentestrukturen på statspapira til dei nye låna til SIVA i 2013, er det grunnlag for å redusere renteinntektsløyvinga med 8,2 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet i proposisjonen framlegg om å redusere løyvinga med 8,2 mill. kroner, frå 29,6 til 21,4 mill. kroner.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen, og Eirik Sivertsen, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir S. Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, handsamar i innstillinga dei kapitla som høyrer inn under rammeområde 6 Innvandring, regional utvikling og bustad og har ingen merknader.

Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2013 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

2426

SIVA SF

90

Lån, overslagsløyving, vert auka med

120 000 000

frå kr 140 000 000 til kr 260 000 000

Inntekter

5613

Renter frå SIVA SF

80

Renter, vert redusert med

8 200 000

frå kr 29 600 000 til kr 21 400 000

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 10. desember 2013

Helge André Njåstad

leiar og ordførar