Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2013 under Justis- og beredskapsdepartementet

Dette dokument

  • Innst. 75 S (2013–2014)
  • Kildedok: Prop. 13 S (2013–2014), kap. 490, 491 og 3490
  • Dato: 10.12.2013
  • Utgiver: kommunal- og forvaltningskomiteen
  • Sidetall: 3

Til Stortinget

1. Samandrag

1.1 Innleiing

Justis- og beredskapsdepartementet legger i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet 2013.

1.2 Forslag om endringar

Kap. 490 Utlendingsdirektoratet

Post 1 Driftsutgifter

På bakgrunn av den stadig meir dramatiske situasjonen i Syria, og dei særs vanskelege forholda for flyktningar frå Syria og for nabolanda, vert det foreslått ein tilleggskvote på 500 plassar for flyktningar frå Syria som er anerkjente som flyktningar av UNHCR, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014). Det går fram at det også vil vere rom for å prioritere fleire flyktningar frå Syria innafor den totale mengda overføringsflyktningar i 2014.

Det går fram av proposisjonen at det er ønskeleg at uttaket kan skje så raskt som mogleg, og at arbeidet derfor vert sett i gang i 2013. UNHCR vil ha problem med å fremje saker tidleg nok til at heile prosessen vert gjort ferdig i 2013.

UDI vil bli påført betydeleg administrativt meirarbeid som følge av tilleggsuttaket. Det vert derfor i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 1 med 3,9 mill. kroner i 2013 slik at UDI kan setje i gang arbeidet med tilleggsuttaket.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, statlege mottak

Som følge av lågare driftskostnader ved ordinære mottaksplassar og høgare utnytting av kapasiteten enn det som er lagt til grunn for 2013, er det forventa eit mindreforbruk under kap. 490 post 21. Mindreutgiftene som følger av dette, vert i proposisjonen anslått til 108 mill. kroner.

Gjeldande løyving er basert på eit gjennomsnittleg belegg i mottak på 15 900, blant desse 330 einslege mindreårige, jf. Prop. 149 S (2012–2013). Nyare prognoser viser at gjennomsnittleg belegg i mottak er venta å verte 16 270, blant desse 310 einslege mindreårige. Meirutgiftene som følger av dette knytt til drift av asylmottak, vert anslått til 29,1 mill. kroner.

Samla vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 21 med 78,9 mill. kroner.

Post 22 Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetting

UDI har ikkje kapasitet til å handsame alle innkomne asylsaker i 2013. Det har også vore noko lågare gjennomsnittlege utgifter per intervju enn forventa. Som følge av dette vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 22 med 4 mill. kroner.

Post 60 Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar

Løyvinga dekker kommunane sine gjennomsnittlege utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon i samband med drift av mottak.

Det er forventa eit meirforbruk under posten som følge av fleire bebuarar i mottak. Det vert i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 60 med 0,6 mill. kroner.

Post 70 Økonomiske ytingar til bebuarar i asylmottak

Satsane for økonomiske ytingar er differensierte på bakgrunn av søknadsstatus, familiestatus o.a.

Som omtalt under kap. 490 post 21 vert det gjennomsnittlege talet på bebuarar i mottak i 2013 høgare enn det som tidlegare har vore lagt til grunn. Det gir eit venta meirforbruk på om lag 11,8 mill. kroner. På den andre sida er det lågare gjennomsnittlege kostnader per bebuar enn lagt til grunn, hovudsakleg som følge av endra samansetning av bebuarar i mottak. Dette gir eit venta mindreforbruk på 2,4 mill. kroner. Samla vert det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 70 med 9,4 mill. kroner.

Post 72 Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, kan overførast

Løyvinga dekker både individuell økonomisk støtte ved tilbakevending, og tilskot til prosjekt som støttar opp under retur og tilbakevending.

Det har så langt i 2013 vorte brukt mindre midlar under post 72 enn venta. Dette skuldast blant anna at færre har nytta seg av tilbodet om assistert frivillig retur enn tidlegare lagt til grunn.

Det vert i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 72 med 16,1 mill. kroner, mot å auke løyvinga under kap. 440 post 1 med 3,1 mill. kroner og kap. 440 post 21 med 13 mill. kroner for å auke talet på uttransporteringar, jf. omtale under kap. 440 post 1 og 21.

Post 73 Vern til flyktningar utanfor Noreg mv., støttetiltak, kan nyttast under kap. 821 post 60

Løyvinga dekker støttetiltak i samband med UNHCR og eventuelt andre organisasjonar sitt arbeid med gjenbusetting av flyktningar.

Høgkommissæren for flyktningar (UNHCR) sitt arbeid knytt til uttak av overføringsflyktningane er blant anna knytt til identifisering av saker, registrering, intervju, asylvurdering, førebu søknader om gjenbusetting etc. Uttak av 500 ekstra overføringsflyktningar vil medføre betydeleg meirarbeid for UNHCR.

Det vert i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 73 med 3,6 mill. kroner for å understøtte UNHCR sitt arbeid med uttaket i dei aktuelle landa.

Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet

Post 1 Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjende utgifter

På bakgrunn av forslag om reduksjon i løyvinga under kap. 490 post 72, vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490 post 1 med 16,1 mill. kroner.

Post 4 Statlege mottak, ODA-godkjende utgifter

På bakgrunn av at talet på asylsøkjarar som har budd meir enn eitt år i mottak har auka, og endringar i løyvinga under kap. 490 post 21, post 60 og post 70, vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490 post 4 med 138,8 mill. kroner.

Post 6 Gjenbusetting av flyktningar – støttetiltak, ODA-godkjende utgifter

Jf. omtale under kap. 490 post 73 vert det i proposisjonen foreslått ein auke av inntektene under kap. 3490 post 6 med 3,6 mill. kroner.

Kap. 491 Utlendingsnemnda

Post 21 Særskilde driftsutgifter, nemndbehandling

På grunn av lågare utgifter til nemndhandsamingar enn tidlegare lagt til grunn, er det venta eit mindreforbruk på 2 mill. kroner under kap. 491 post 21. På denne bakgrunn vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 491 post 21 med 2 mill. kroner.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen, og Eirik Sivertsen, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir S. Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, handsamar i innstillinga dei budsjettkapitla som høyrer inn under rammeområde 6 Innvandring, regional utvikling og bustad, og har elles ingen merknader.

3. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

I statsbudsjettet for 2013 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

490

Utlendingsdirektoratet

1

Driftsutgifter, vert auka med

3 900 000

frå kr 809 382 000 til kr 813 282 000

21

Særskilde driftsutgifter, statlege mottak, vert redusert med

78 912 000

frå kr 1 748 627 000 til kr 1 669 715 000

22

Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetting, vert redusert med

4 000 000

frå kr 56 015 000 til kr 52 015 000

60

Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar, vert auka med

571 000

frå kr 258 623 000 til kr 259 194 000

70

Økonomiske ytingar til bebuarar i asylmottak, vert auka med

9 440 000

frå kr 508 800 000 til kr 518 240 000

72

Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, kan overførast, vert redusert med

16 100 000

frå kr 134 661 000 til kr 118 561 000

73

Vern av flyktningar utanfor Noreg mv., støttetiltak, kan nyttast under kap. 821 post 60, vert auka med

3 600 000

frå kr 6 741 000 til kr 10 341 000

491

Utlendingsnemnda

21

Særskilde driftsutgifter, nemndbehandling, vert redusert med

2 000 000

frå kr 13 926 000 til kr 11 926 000

Inntekter

3490

Utlendingsdirektoratet

1

Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjende utgifter, vert redusert med

16 100 000

frå kr 122 136 000 til kr 106 036 000

4

Statlege mottak, ODA-godkjende utgifter, vert auka med

138 820 000

frå kr 913 515 000 til kr 1 052 335 000

6

Gjenbusetting av flyktningar – støttetiltak, ODA-godkjende utgifter, vert auka med

3 600 000

frå kr 6 741 000 til kr 10 341 000

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 10. desember 2013

Helge André Njåstad

leiar og ordførar