Sammendrag

Olje- og energidepartementet (OED) foreslår i proposisjonen endringar i statsbudsjettet for 2013. Departementet gjer òg greie for bruk av fullmakter under petroleumsverksemda.

Kap. 1800 Olje- og energidepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 72

Det blir foreslått å omdisponere 1 mill. kroner til kap. 1800, post 72 Tilskot til olje- og energiføremål.

Post 72 Tilskot til olje- og energiføremål, kan overførast, kan nyttast under post 21

Det blir foreslått eit tilskot på 1 mill. kroner i 2013 til Navitas Network for vidareutvikling av nettstaden «findcontracts.no», og løyvinga blir eni auke på 1 mill. kroner, frå 3 mill. kroner til 4 mill. kroner. Auken blir motsvara av ein tilsvarande reduksjon under kap. 1800 post 21 Spesielle driftsutgifter.

Kap. 1810 Oljedirektoratet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Det foreslås å redusere løyvinga med netto 50 mill. kroner, frå 203,1 mill. kroner til 153,1 mill. kroner.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga foreslås auka med 65 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 1560 post 22.

Post 22 Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under post 60 og 72

Det foreslås å auke løyvinga med 15 mill. kroner i høve til forslaget i Prop. 189 S (2012–2013) og redusere fullmakta til å pådra forpliktingar utover gitt løyving tilsvarande.

Fjellskredovervaking

Det foreslås å omdisponere 13 mill. kroner til kap. 1820 post 72 Tilskot til flaum- og skredførebygging.

Oppsummering

Det foreslås å auke løyvinga med netto 2 mill. kroner i høve til forslaget i Prop. 189 S (2012–2013), frå tidlegare foreslått 170,3 mill. kroner til 172,3 mill. kroner. Vidare blir fullmakta til å pådra forpliktingar utover gitt løyving foreslått redusert med 15 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak III.

Post 72 Tilskot til flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under post 22 og 60

Det foreslås å auke løyvinga med 13 mill. kroner i 2013, frå 32 mill. kroner til 45 mill. kroner. Auken blir motsvara av ein tilsvarande reduksjon under kap. 1820 post 22 Flaum- og skredførebygging.

Kap. 1821 Heimfalne anlegg

Post 60 Overføring til kommunar

Det foreslås å løyve 0,35 mill. kroner til Folldal og Oppdal kommune i 2013.

Kap. 1825 Energiomlegging og utvikling av energi- og klimateknologi

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Det foreslås å redusere løyvinga med 18 mill. kroner, frå 25,7 mill. kroner til 7,7 mill. kroner. Ein vil komme tilbake til budsjettbehovet for energiprogrammet CIP i 2014 i revidert budsjett til våren.

Post 50 Overføring til Energifondet

Det foreslås å auke overføringa til Energifondet med 3 mill. kroner, frå 1 016 mill. kroner til 1 019 mill. kroner. Auken blir motsvara av ein tilsvarande auke under kap. 4825 post 85 Fondsavkastning.

Kap. 1830 Forsking

Post 22 Forvaltingsretta forsking og utvikling, kan overførast

Det foreslås at løyvinga for 2013 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4830 (Ny) post 10 Refusjonar, jf. Forslag til vedtak II.

Kap. 1833 CO2-handtering

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Det foreslås å redusere løyvinga med 363 mill. kroner, frå 841 mill. kroner til 478 mill. kroner.

Transport og lagring av CO2 frå Mongstad

Det foreslås å redusere løyvinga med til saman 223 mill. kroner, frå 270 mill. kroner til 47 mill. kroner.

TCM – engasjementsoppfølging

Det foreslås å redusere løyvinga med 8 mill. kroner, frå 18 mill. kroner til 10 mill. kroner.

Oppsummering

På bakgrunn av ovannemnde blir løyvinga foreslått redusert med 594 mill. kroner, frå 1 191 mill. kroner til 597 mill. kroner.

Post 71 Forskingstenester, TCM DA, kan overførast

Det foreslås å redusere løyvinga med 61 mill. kroner, frå 1 810 mill. kroner til 1 749 mill. kroner.

Kap. 1870 Petoro AS

Post 71 Unitisering, kan overførast

Det foreslås å redusere løyvinga med 3 mill. kroner, frå 30 mill. kroner til 27 mill. kroner. Ein vil komme tilbake til budsjettbehovet for 2014 i revidert budsjett til våren.

Post 73 Statleg deltaking i petroleumsverksemd på islandsk kontinentalsokkel, kan overførast

Det foreslås å redusere løyvinga med 8 mill. kroner, frå 18 mill. kroner til 10 mill. kroner.

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

SDØEs berekna driftsresultat blir foreslått auka med 9 000 mill. kroner, frå 124 900 mill. kroner til 133 900 mill. kroner.

Overslaget for netto kontantstraum frå SDØE er auka frå 120 600 mill. kroner til 127 100 mill. kroner., ein auke på 6 500 mill. kroner i høve til gjeldande budsjett for 2013.

Kap. 4800 Olje- og energidepartementet

Post 70 Garantiprovisjon, Gassco

Det foreslås å redusere løyvinga med 0,15 mill. kroner, frå 1,25 mill. kroner til 1,1 mill. kroner.

Kap. 4810 Oljedirektoratet

Post 2 Oppdrags- og samarbeidsverksemd

Det foreslås å auke løyvinga med 60 mill. kroner, frå 69,4 mill. kroner til 129,4 mill. kroner.

Post 4 Sal av undersøkingsmateriale

Det er budsjettert med 403,2 mill. kroner (eksklusiv meirverdiavgift) i inntekter frå sal av undersøkingsmateriale i 2013. Meirverdiavgift blir inntektsført under kap. 5521.

Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 1 Gebyrinntekter

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner, frå 65,5 mill. kroner til 64 mill. kroner.

Kap. 4821 Heimfalne anlegg

Post 40 Salsinntekter

Det foreslås å løyve 1 mill. kroner i salsinntekter frå dei heimfalne reguleringsanlegga Elgsjø og Marsjø.

Kap. 4825 Energiomlegging og utvikling av energi- og klimateknologi

Post 85 Fondsavkasting

Det foreslås å auke løyvinga med 3 mill. kroner i 2013, frå 996 mill. kroner til 999 mill. kroner. Auken blir motsvara av ein tilsvarande auke under kap. 1825 post 50 Overføring til Energifondet.

Kap. 4833 CO2-handtering

Post 80 Renter, TCM DA

Ein viser til motsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1833 post 71.

Post 86 Avdrag, TCM DA

Ein viser til motsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1833 post 71.

Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda

Fullmakt XII – Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 7,8 mrd. 2013-kroner.

Varg Gasseksport

Dei totale investeringane er rekna til 721 mill. 2012-kroner.