Innstilling fra næringskomiteen om endring i havressurslova

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Fiskeri- og kystdepartementet fremmar i denne proposisjonen forslag til endring i lov 6. juni 2008 nr. 38 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova) § 22 andre ledd om sports- og rekreasjonsfiske.

Forslaget går ut på å innføre ein heimel som gjer det mogleg å gje dispensasjon frå dei generelle reiskapsføresegnene for sports- og rekreasjonsfiske i havressurslova § 22 første ledd. Endringa vil medverke til at det blir enklare å gje løyve til aktivitetar som kan fremme og ta vare på kystkulturen.

Departementet sitt høyringsnotat vart sendt på høyring. I høyringssvara var Norges Fiskarlag, Norges Kystfiskarlag, Norsk Sjømannsforbund, Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag og Fiskekjøpernes Forening sterkt kritiske til forslaget. Dei viser mellom anna til at dette vil gå ut over yrkesutøvarane, at ei slik ordning kan bli utnytta ved at kostnadene med å drive og halde ved like fartøy blir finansiert gjennom fiske og at ordninga vil måtte føre med seg strenge sikkerheitskrav som kan vere vanskeleg å følgje opp.

Departementet meiner det er viktig å leggje til rette for at kystkulturen vår blir teken vare på og fremma på best mogleg måte. Det skal berre vere høve til å gje dispensasjon i dei tilfelle der slike reiskapar skal nyttast for å fremme og ta vare på kystkultur. Det er ein føresetnad at det blir følgd ein streng praksis med omsyn til kven som skal få slik dispensasjon. Dispensasjon skal berre gjevast til museum, foreiningar, stiftingar og liknande som har som særskilt formål å fremme og ta vare på kystkultur. Dette bør gå fram av vedtektene til den som søkjer om dispensasjon. Vidare skal dispensasjon berre gjevast i «særskilte tilfelle». Det vil òg kunne setjast vilkår for dispensasjon.

Forslaget fører ikkje til materielle kostnader for næringa. Forslaget har ikkje nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, fra Høyre, Frank Bakke-Jensen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove Bernt Trellevik, fra Fremskrittspartiet, Morten Ørsal Johansen, Øyvind Korsberg og Jørund Rytman, fra Kristelig Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, fra Senterpartiet, lederen Marit Arnstad, og fra Venstre, Pål Farstad, viser til at Prop. 185 L (2012–2013) omhandlar innføring av ein heimel i havressurslova som gjer det mogleg å gje dispensasjon frå dei generelle reiskapsføresegnene for sports- og reakreasjonsfiske. Komiteen har merka seg at endringa vil medverke til at det blir enklare å gje løyve til aktivitetar som kan fremme og ta vare på kystkulturen.

Komiteen har også merka seg at Norges fiskarlag, Norges Kystfiskarlag, Norsk sjømannsforbund, Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag og Fiskekjøpernes Forening er kritiske til framlegget av di dei meiner ei slik ordning kan gå ut over yrkesutøvarane og bli utnytta ved at kostnadane med drift og vedlikehald på fartøy vert finansierte gjennom fiske, og dei påpeikar òg at tryggingskrava vert vanskelege å overhalde.

Komiteen er samd i at det er viktig å leggje til rette for at kystkulturen vår vert teken vare på og fremma på best mogleg måte. Komiteen har merka seg at dette også vil vera positivt for å fremja det lokale reiselivet gjennom å leggje til rette for opplevelsesturisme.

Komiteen er vidare samd i at det skal vera ein streng praksis med omsyn til kven som skal få slik dispensasjon, og at dispensasjon kun skal gjevast til museum, foreiningar, stiftelsar og liknande som har som særskilt formål å fremme og ta vare på kystkulturen.

Komiteen er kjend med at det gjeld ei øvre omsettingsgrense på kr 50 000 pr. kalenderår for fangst som er teken med fartøy som ikkje er merkeregistrert, eller frå land, og at det kan setjast som vilkår at fangsten ikkje vert omsett.

Komiteen vil peike på at også omsynet til yrkesfiskarane må vege tungt og at eit omsettingsforbod må vurderast i kvart enkelt tilfelle for å ivareta både yrkesutøvarane og omsynet til dei andre aktørane.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak til lov

om endring i havressurslova

I

I lov 6. juni 2008 nr. 38 om forvaltning av viltlevande marine ressursar blir det gjort følgjande endring:

§ 22 andre ledd skal lyde:

Departementet kan i forskrift gjere unntak frå føresegnene i første ledd for bruk av landnot. Departementet kan også gjere unntak frå føresegnene i første ledd i særskilte tilfelle der det er nødvendig for å fremme kystkulturformål.

II

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Oslo, i næringskomiteen, den 19. desember 2013

Marit Arnstad

Ingrid Heggø

leder

ordfører