Innstilling fra finanskomiteen om statsrekneskapen 2013

Dette dokument

Til Stortinget

Hovudtrekk i statsrekneskapen

Sammendrag

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2012 til 2013 og overført løyving frå 2013 til 2014. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig.

Meldinga gjer greie for løyvingane i statsbudsjettet og for dei rekneskapsførte tala. Det er lagt vekt på å forklara avvik mellom budsjett og rekneskap. Budsjettutviklinga gjennom 2013 fram til nysalderinga er omtala nærare i Prop. 29 S (2013–2014) Ny saldering av statsbudsjettet 2013.

I kapittel 1 i meldinga er det gjort greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtala. Kapittel 2 tek føre seg områda til kvart departement for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtala, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar.

Tabell 1.1 i meldinga syner statsrekneskapen 2013 gruppert etter art for høvesvis utgifter og inntekter. Utgifter og inntekter knytt til petroleumsverksemda og utbetalingar til og innbetalingar frå Statens pensjonsfond utland (SPU) er sette opp særskilt. Dei samla utgiftene vart 1 641,5 mrd. kroner, medan inntektene før statslånemidlar vart 1 505,4 mrd. kroner. Summen av overskotet før lånetransaksjonar i statsrekneskapen og netto lånepostar (post 90–99) gjev eit brutto finansieringsbehov på 136,1 mrd. kroner. Dette er postert på kap. 5999 Statslånemidlar, slik at samla inntekter medrekna statslånemidlar òg vert 1 641,5 mrd. kroner.

Tabell 1.2 i meldinga syner samla eigedelar, gjeld og eigenkapital slik det går fram av balansen (kapitalrekneskapen). Avslutningskontoen (eigenkapitalen) auka i 2013 med 1 254,0 mrd. kroner. Det meste av auken skriv seg frå Statens pensjonsfond. Overskot i statsrekneskapen før lånetransaksjonar aukar eigenkapitalen, medan eigenkapitalen går ned som følgje av at overføringane av unytta løyving til neste budsjettermin aukar. Anna endring i eigenkapitalen er nærare omtala i kapittel 4 i meldinga.

Det oljekorrigerte underskotet går fram av netto utgifter og inntekter (post 1–89) utanom kontantstraum frå petroleumsverksemda og overføringane til og frå Statens pensjonsfond utland (SPU). Underskotet vert dekt med ei overføring frå SPU til statsbudsjettet som svarar til det oljekorrigerte underskotet slik det vart rekna i nysaldert budsjett.

Av tabell 1.1 i meldinga går det fram at det oljekorrigerte underskotet i 2013 vart 116,5 mrd. kroner, medan statsrekneskapen vart gjort opp med eit overskot på 0,9 mrd. kroner.

Statens pensjonsfond består av Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond inngår i samla oppstilling over statsbudsjettet og Statens pensjonsfond, og overskotet er eit uttrykk for statens nettofinansinvesteringar, jf. tabell 1.4 i meldinga.

Tabell 1.3 i meldinga syner endring i kapitalen til Statens pensjonsfond og samanhengen med overskot, valutakursregulering og realiserte og urealiserte vinstar og tap.

Overskotet i Statens pensjonsfond vart 358,9 mrd. kroner. Til saman vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på 359,8 mrd. kroner i 2013.

Ein viser til nærare omtale i meldinga.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Lisbeth Berg-Hansen, Tore Hagebakken, Irene Johansen, Marianne Marthinsen, Torstein Tvedt Solberg og Jonas Gahr Støre, fra Høyre, Solveig Sundbø Abrahamsen, Svein Flåtten, Sigurd Hille, Heidi Nordby Lunde og Siri A. Meling, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, Tom E. B. Holthe og Hans Andreas Limi, fra Kristelig Folkeparti, lederen Hans Olav Syversen, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, fra Venstre Terje Breivik, og fra Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, tar omtalen til orientering, og viser for øvrig til Dokument 1 fra Riksrevisjonen, som blir behandlet i kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen, og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Meld. St. 3 (2013–2014) – om Statsrekneskapen 2013 – vedlegges protokollen.

Oslo, i finanskomiteen, den 27. mai 2014

Hans Olav Syversen

leder og ordfører