Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om pensjonar frå statskassa

Dette dokument

  • Innst. 250 S (2013–2014)
  • Kildedok: Prop. 74 S (2013–2014)
  • Dato: 05.06.2014
  • Utgiver: arbeids- og sosialkomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

1. Sammendrag

I samsvar med Grunnlova § 75 bokstav i vert det lagt fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.

Det blei i 2013 utbetalt 14 245 453 kroner til pensjonar. I statsbudsjettet for 2014 er det løyvt 18 500 000 kroner på kapittel 611 Pensjoner av statskassen.

1.1 Omtale av ordninga

Pensjon frå statskassa er ei særordning som gir Stortinget høve til å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte.

Proposisjonen gjeld lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar og ein tilsett i velferdstenesta som Sjøfartsdirektoratet driv i utlandet. Dei er i hovudsak sjølv borgarar i landet der dei arbeider. Nokre av dei lokalt tilsette er norske borgarar, og nokre av desse har òg vanleg tenestetid i Statens pensjonskasse frå 1. januar 1996 gjennom å ha medlemskap i norsk folketrygd.

Lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar skal som ein hovudregel sikrast gjennom lokale trygde- og forsikringsordningar, jf. i utanriksinstruksen.

Utanriksstasjonane skal syte for at dei lokalt tilsette blir innlema i lokale trygde- og forsikringsordningar. Dei aller fleste er i dag omfatta av slike lokale ordningar. Unnataksvis kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg. I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå statskassa. Sjølv om pensjonsrettane til dei lokalt tilsette er tatt inn i arbeidskontrakten etter utanriksinstruksen, kan tilhøve i tenestelandet føre til at vedkomande ikkje får den ytinga han eller ho har opparbeidd seg rett til ved alderdom, uførleik eller tap av forsørgjar.

Utanriksdepartementet har i seinare tid lagt stor vekt på å syte for at stasjonane følgjer opp instruksen så langt råd er, og sikre at dei lokalt tilsette er med i lokale ordningar. Samstundes blir det gjort klart at pensjon frå statskassa berre blir gitt i særskilde høve. Utanriksdepartementet arbeider vidare med ei breiare kartlegging av arbeidsvilkåra til lokalt tilsette, inkludert pensjonsordningar.

Ytingar frå lokale pensjonsordningar skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa. Dette gjeld enten utbetalinga er månadleg eller, som i visse tilfelle, som eit eingongsbeløp.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Dag Terje Andersen, Fredric Holen Bjørdal, Lise Christoffersen og Anette Trettebergstuen, fra Høyre, Stefan Heggelund, lederen Arve Kambe, Bente Stein Mathisen og Bengt Morten Wenstøb, fra Fremskrittspartiet, Tor André Johnsen og Erlend Wiborg, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Venstre, Sveinung Rotevatn og fra Sosialistisk Venstreparti, Johnny Ingebrigtsen, viser til at det pågår en kartlegging av arbeidsvilkårene til lokalt ansatte, inkludert pensjonsordninger. Komiteen understreker viktigheten av at lokalt ansatte ivaretas på en god måte, og er tilfreds med at det gjøres et arbeid for å sikre dette. Komiteen mener Norge har et særlig ansvar for å gå foran med et godt eksempel når det gjelder arbeidsforhold, her har utenrikstjenesten også en viktig rolle.

Komiteen viser for øvrig til regjeringens forslag til vedtak om pensjoner fra statskassa og slutter seg til dette.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Opplysningar om søkjaren

Pensjon

Nr.

Namn

Alder ved avskjeden (for etterlatne, noverande alder)

Tenestestad

Vedteke

Pr. mnd.

Gitt frå

Merknad

Utanriksdepartementet

1

Cecilie Klaumann

68

San Francisco

23.4.2013

SPK

1.5.2013

Tilleggstid

2

Anne-Grete Usnarsky

68

Berlin

23.5.2013

SPK

1.6.2013

Tilleggstid

3

Lina Khury

55

Damaskus

24.5.2013

3740

1.8.2017

4

Mehreteab Habtemariam Kahsay

57

Asmara

29.5.2013

956

1.12.2014

5

Tumezghi Tesfamariam Meherteab

58

Asmara

29.5.2013

606

1.8.2014

6

Wenche Linneboe

67

Ottawa

17.7.2013

SPK

1.6.2013

Tilleggstid

7

Babu Lal Nagar

58

New Delhi

8.8.2013

927

1.5.2014

8

Arup Kumar Biswas

57

Dhaka

16.8.2013

3029

1.2.2015

9

Culcumo Taju

57

Maputo

19.8.2013

6195

1.3.2014

10

Inger Dybdal

60

Addis Abeba

26.9.2013

SPK

1.5.2013

Tilleggstid

11

Berit Peruzzi

67

London

13.12.2013

SPK

1.1.2014

Tilleggstid

12

Karmiayati Karmiayati

55

Jakarta

21.3.2014

427

1.2.2014

Nærings- og fiskeridepartementet

13

Salah Elagha

74

Port Said

30.1.2014

1234

1.1.2014

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 5. juni 2014

Arve Kambe

Johnny Ingebrigtsen

leder

ordfører