Sammendrag

I dokumentet fremmes følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringa utarbeide og på eigna måte leggje fram for Stortinget ein strategi for å sikre betre arbeidsmoglegheiter for menneske med nedsett arbeidsevne og i den samanheng vurdere følgjande:

  • Følgje opp og vidareutvikle ungdomsgarantiane for dei under 30 år.

  • Vidareutvikle «Jobbstrategien for personer med nedsatt funksjonsevne».

  • Sikre fleire tilpassa arbeid i offentleg sektor for menneske med nedsett arbeidsevne.

  • Utvikle fleire traineeprogram, nye utprøvingsjobbar og opplæringsstillingar, med vekt på grupper som i dag står utanfor arbeidslivet, særleg personar med psykiske lidingar og personar med nedsett funksjonsevne.

  • Tiltak for å auke delen graderte sjukmeldingar.

  • Utvikle fleire verkemiddel som kan understøtte framleis arbeidstilknyting i sjukepengeperioden og ei meir aktiv og understøttande rolle for arbeids- og velferdsetaten ved sjukefråver.

  • Tiltak for å styrkje arbeidsgjevar sine insentiv til framleis tilknyting etter avslutta sjukepengeperiode.

  • Sikre sjukmelde utan arbeidsgjevar ei god oppfølging frå Nav.

  • Lågare inngangskrav i AAP-ordninga enn dagens krav om 50 prosent nedsett arbeidsevne for personar som har overgang frå sjukepengar.

  • Gradering i AAP-ordninga til erstatning for dagens avkortingsreglar.

  • Tiltak for raskare avklaring av personar på AAP, og vurdere om maksimal stønadsperiode på fire år er høveleg.

  • Eit meir aktivt oppfølgingsopplegg for mottakarar av AAP.

  • Arbeidsretta hjelp til personar med gradert uførepensjon.

  • Vidareutvikle både tidsubestemt lønstilskot og tidsavgrensa lønstilskot.

  • Sikre personar på attføring god individuell oppfølging og attføringsbedriftene føreseielege rammevilkår.»

Det vises til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslaget.