Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

I samband med budsjettet for 2014 vart det i jordbruksoppgjeret 2014 omdisponert 5 mill. kroner til post 1 for å finansiere første del av den store IT-omlegginga av forvaltningssystemet for produksjonstilskotta (eStil). Departementet gjer framlegg om at løyvinga blir flytta til ny post 21 og at posten får stikkord «kan overførast». Det blir også gjort framlegg om å redusere løyvinga på post 1 med 4,4 mill. kroner til 3 mill. kroner.

Departementet viser til omtalen under post 1 og gjer framlegg om å opprette ny post 21, der ein del av løyvinga på post 1 blir omdisponert til denne posten.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten tilsvarande 4,4 mill. kroner i 2014, ved omdisponering frå post 1 under same kapittel.

Posten dekkjer erstatning for avlingsskade. Basert på gjeldande prognosar ligg det an til eit forbruk på 93,5 mill. kroner i 2014, som er 6,5 mill. kroner meir enn løyvinga på posten.

Departementet gjer framlegg om å auke kap. 1150 post 71 med 6,5 mill. kroner til 93,5 mill. kroner.

Basert på gjeldande prognosar ligg det an til eit underforbruk på posten tilsvarande 57,8 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei redusert løyving på posten tilsvarande 57,8 mill. kroner til 2 516,5 mill. kroner.