Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe og Heidi Greni om ein handlingsplan for å styrkja symjeferdigheitene hjå born og unge

Dette dokument

  • Innst. 202 S (2014–2015)
  • Kildedok: Dokument 8:99 S (2013–2014)
  • Dato: 17.03.2015
  • Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  • Sidetall: 3

Til Stortinget

Samandrag

Dokumentet inneheld desse framlegga:

  • «1. Stortinget ber regjeringa fremma ein konkret handlingsplan for å styrkje symjeundervisninga i Noreg og betre symjeferdigheitene hjå born og unge slik at drukningsulykker kan reduserast.

  • 2. Stortinget ber regjeringa definere symjedyktigheit til å kunne symje 200 meter, og setje mål om at alle elevar på 5. trinn skal vera symjedyktige innan 2020.

  • 3. Stortinget ber regjeringa sikre at kommunar tar i bruk symjeferdigheitstestar – ‘symjeknappen’ – for at alle elevar skal få individuelt tilpassa symjeundervisning.

  • 4. Stortinget ber regjeringa innrette statlege garantiordningar og rentekompensasjonsordningar for skulebygg og symjeanlegg slik at rehabilitering og nybygg av symjeanlegg vert prioritert i kommunane.»

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Christian Tynning Bjørnø, leiaren Trond Giske, Anne Odenmark, Sigmund Steinnes og Tone Merete Sønsterud, frå Høgre, Henrik Asheim, Norunn Tveiten Benestad, Kristin Vinje og Kristian Støback Wilhelmsen, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad og Bente Thorsen, frå Kristeleg Folkeparti, Anders Tyvand, frå Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Venstre, Iselin Nybø, og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, syner til representantforslaget, Dokument 8:99 S (2013–2014), om ein handlingsplan for å styrkja symjeferdigheitane hjå born og unge. Komiteen syner òg til handsaminga av Dokument 8:92 S (2013–2014) om bedre svømmeundervisning i grunnskolen, jf. Innst. 203 S (2014–2015).

Komiteen syner til at Noreg i høve til folketalet har særs mange drukningsulukker. I 2013 auka talet på drukna frå 61 året før til 119 personar. Komiteen meiner det er viktig å førebyggje ulukker, og vil understreke at det drukningsførebyggjande arbeidet skal finne stad i eit samspel mellom opplæringa i skulen, fritidstilbod i regi av friviljuge organisasjonar og gjennom at foreldra følgjer opp eigne barn. Komiteen vil òg understreke at det å symje ikkje berre er viktig for å unngå ulukker. Å kjenne seg trygg i og ved vatn er eit godt utgangspunkt for friluftsliv, fysisk aktivitet og betre folkehelse.

Komiteen meiner det er viktig at friviljuge organisasjonar får gode rammevilkår for å kunne leggje til rette for at fleire skal kunne kjenne seg trygge i vatn og verte symjedyktige. Komiteen veit at barn som tidleg vert trygge i vatn, også vert gode symjarar. Difor er komiteen positiv til at det i budsjettforliket 21. november 2014, jf. Innst. 2 S (2014–2015), vart semje om å opprette ei tilskotsordning for symjeopplæring i barnehagane i regi av kommunar eller friviljuge organisasjonar. Dette vil vere eit tiltak for at barn kan verte trygge i vatn så tidleg som mogleg.

Komiteen er oppteken av at barn som ikkje lærer å symje heime, skal få lære å symje gjennom opplæringa i faget kroppsøving. Komiteen er difor nøgd med at regjeringa har teke initiativ til å revidere læreplanen i kroppsøving for å definere tydelegare kva som skal til for å verte definert som symjedyktig. Komiteen meiner det vil vere naturleg å ta utgangspunkt i det nordiske kravet til «svømmedyktighetsmerket»:

«Rull uti på dypt vann. Svøm 100 m på magen. Stopp og hvil. Flyt på mage, rull over, flyt på rygg i samlet 3 min. Svøm deretter 100 m på rygg.»

Komiteen vil òg peike på trongen for å byggje og rehabilitere symjeanlegg, og å leggje til rette for badeplassar i friluft. Det vil vere viktig så vel for opplæring i skular og familiar, som for opplæring i regi av friviljuge organisasjonar, som Norges svømmeforbund, Norges Livredningsselskap og Redningsselskapet.

Komiteen meiner at det ikkje finst eitt einskildtiltak som åleine vil føre til auka symjedugleik hjå barn og unge, men at det er naudsynt med fleire tiltak for å nå målet om at alle barn skal vere symjedyktige.

Komiteen viser til svarbrev 23. oktober 2014 frå statsråden og forslaget i Prop. 1 S (2014–2015) om å løyve 7 mill. kroner til symjeopplæring for minoritetsspråklege som nett er komne til landet og som er omfatta av grunnskuleopplæringa. Komiteen er oppteken av at alle elevar må sikrast god og individuelt tilpassa symjeopplæring i skulen, og er positiv til ei målretta styrking av symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar. Komiteen vil samstundes minne om at det òg er eit foreldreansvar å syte for at barn lærer seg symjeferdigheitar.

Komiteen meiner Kunnskapsdepartementet sitt initiativ til å definere kva det inneber å vere symjedyktig i læreplanen, er naudsynt for å hindre at skular tolkar omgrepet «symjedyktig» særs ulikt, slik Utdanningsdirektoratet si kartlegging frå 2007 viser. Tydelegare kompetansemål vil vere med på å gjere at kommunar ikkje tek for lett på symjeundervisninga.

Komiteen syner til at partia er samde om at det vert utarbeidd ein nasjonal handlingsplan for å sikre at barn og unge har gode symjeeigenskapar. Komiteen ser fram til resultatet av ein slik handlingsplan, og strekar under at han også må innehalde ei tydeleggjering av læreplanmålet om symjedugleik, slik at planen er i tråd med faglege råd. Komiteen ber òg regjeringa sende på høyring eit forslag om å innføre krav til alle kommunar om å gjennomføre ein nasjonal ferdigheitsprøve i symjing i grunnskolen, og kome til Stortinget med saka på eigna måte.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti, meiner at sjølvberging må vere ein del av læreplanen. Drukning hender i all hovudsak utandørs – ved fall frå land, brygge, is, båt eller under bading – og mange av dei som druknar kan symje. Fleirtalet meiner at kjennskap til vannmiljøa, det å kunne symje med klede i kaldt vatn og bølgjer, må vere ein del av symjeopplæringa. Vidare er det viktig å vere bevisst eigne personlege grenser knytte til gjeldande forhold, dvs. skjøne når ein bør ta førehaldsreglar med omsyn til sikkerheit, når ein bør halde seg unna vatn, og når det ligg til rette for berre å ha det kjekt i vatnet.

Fleirtalet meiner at auka merksemd på symjeopplæring både vil kunne føre til lågare tal på drukningsulukker, auka fysisk aktivitet og betre helse i folket generelt. Fleirtalet viser til at nokre grupper er meir utsette enn andre når det gjeld manglande kunnskap i symjing. Særleg gjeld dette barn som har foreldre som ikkje kan symje. For barn som ikkje lærer å symje av foreldra/dei føresette, er det naudsynt at skulen gir nok symjeopplæring. Fleirtalet meiner at alle barn som har føresetnad for det, skal kunne symje før symjeopplæringa i skulen er avslutta.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser òg til Dokument 8:92 S (2013–2014). Desse medlemene fremjar forslag:

«Stortinget ber regjeringa tydeleggjere læreplanmålet om symjedugleik i tråd med faglege råd.»

«Stortinget ber regjeringa utarbeide ein nasjonal handlingsplan for at opplæringa vert gjennomførd med god kvalitet, slik at ein når læreplanmålet.»

«Stortinget ber regjeringa sørgje for at skuleeigar ikkje kan avslutte symjeopplæringa før alle som har føresetnad for det, når måla i læreplanen.»

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet ønskjer at det skal arbeidast inn ei nasjonal ferdigheitsprøve i symjing på 4. steget i grunnskulen, og vil kome attende til dette når høyringa er avslutta.

Nærare om symjeanlegg

Komiteen vil understreke at ein viktig føresetnad for god symjeopplæring er at kommunane prioriterer at skulane har tilgang på symjeanlegg. I denne samanhengen er staten si rentekompensasjonsordning for skule- og symjeanlegg eit godt verkemiddel for å sikre kommunane større moglegheit til investering og rehabilitering av slike anlegg. Komiteen meiner det er positivt at rentekompensasjonsordninga er styrkt, jf. Prop. 1 S (2014–2015), gjennom at 3 mrd. kroner er fasa inn i ordninga.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti er kjende med at rentekompensasjonsordninga har fungert dårlegare for symjeanlegg, av di ordninga i kommunane vert prioritert til skulebygg. I tillegg er erfaringane i mange kommunar at nye skular svært sjeldan blir bygde med skulebasseng, noko som fører til at talet på symjearenaer no vert redusert.

Desse medlemene meiner difor det må meir målretta, økonomiske verkemiddel til for å ta att vedlikehaldsetterslepet på symjeanlegg og sikre nødvendige nybygg. Difor må rentekompensasjonsordninga forbetrast for symjeanlegg i kommunane.

Desse medlemene viser etter dette til forslag 4 i dokumentet som ligg føre, Dokument 8:99 S (2013–2014), og fremjar dette forslaget:

«Stortinget ber regjeringa innrette statlege garantiordningar og rentekompensasjonsordningar for skulebygg og symjeanlegg slik at rehabilitering og nybygg av symjeanlegg vert prioritert i kommunane.»

Forslag frå mindretal

Forslag frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 1

Stortinget ber regjeringa tydeleggjere læreplanmålet om symjedugleik i tråd med faglege råd.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa utarbeide ein nasjonal handlingsplan for at opplæringa vert gjennomførd med god kvalitet, slik at ein når læreplanmålet.

Forslag 3

Stortinget ber regjeringa sørgje for at skuleeigar ikkje kan avslutte symjeopplæringa før alle som har føresetnad for det, når måla i læreplanen.

Forslag 4

Stortinget ber regjeringa innrette statlege garantiordningar og rentekompensasjonsordningar for skulebygg og symjeanlegg slik at rehabilitering og nybygg av symjeanlegg vert prioritert i kommunane.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har ikkje fleire merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Dokument 8:99 S (2013–2014) – representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe og Heidi Greni om ein handlingsplan for å styrkja symjeferdigheitene hjå born og unge – vert å leggje ved møteboka.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 17. mars 2015

Trond Giske

Iselin Nybø

leiar

ordførar