Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Avgrensing av tilgangen til nettarkivet er både ein nødvendig og god måte å sikre personvernet på. At det er få av høyringsinstansane som uttrykkeleg har uttalt seg om dette, oppfattar departementet som eit godt grunnlag for å byggje på forslaget i høyringsnotatet.
For å imøtekome dei høyringsinstansane som har uttrykt bekymring for personvernet ved innsamling og bevaring av nettdokument, foreslår departementet å avgrense tilgangen ikkje berre til sensitive personopplysningar, men også til personopplysningar som ikkje er allment kjende. På bakgrunn av dette foreslår departementet å gi tilgang til nettarkivet i samsvar med ei inndeling av materialet i 4 kategoriar.
Materiale i kategori 1 vil vere ope tilgjengeleg på nettstaden til Nasjonalbiblioteket. Dette vil kunne omfatte digitale dokument frå nettsider frå offentlege institusjonar og sider der Nasjonalbiblioteket har gjort avtale med sideeigarar om allmenn tilgang.
Kategori 2 vil innehalde dokument med ein ansvarleg redaktør for innhaldet, slik at dei personvernrelaterte problemstillingane vil vere minimale. Denne kategorien vil ein kunne gjere tilgjengeleg på eigne terminalar ved universitets- og høgskulebibliotek.
Kategori 3 i nettarkivet vil omfatte nettsider som ikkje er underlagde eit redaktøransvar, og som inneheld personopplysningar som ikkje er allment kjende. Dette vil kunne vere heimesider eller bloggar som inneheld informasjon som ikkje er enkelt tilgjengeleg gjennom andre kanalar, slik som økonomiske forhold og familiære forhold i tillegg til sensitive personopplysningar som ikkje er allment kjende. Denne delen av nettarkivet vil bli gjort tilgjengeleg berre for forskarar i lokala til Nasjonalbiblioteket, på særskilde terminalar. Tilgang til denne delen av nettarkivet kan ein berre få etter søknad.
Kategori 4 vil kunne innehalde digitale dokument som inneheld dokument med sensitive personopplysningar som kan klausulerast for ein periode. Dette vil vere nettdokument som kan innehalde personopplysningar som i dag blir rekna som sensitive, men som i eit tidsperspektiv har såpass høg bevaringsverdi at dei ikkje bør slettast frå arkivet. I Arkivverket gjer ein dei same vurderingane for arkivmateriale. Klausulert materiale skal gjerast tilgjengeleg berre etter avtale med den som har kravd klausuleringa.
Digitale dokument, det vil seie dokument som er gjorde tilgjengelege digitalt, som e-bøker, digitale aviser og filmar, vil bli gjorde tilgjengelege på tilsvarande måte som fysiske dokument, det vil seie ved pliktavleveringsinstitusjonane. Dette er Nasjonalbiblioteket og universitets- og høgskulebibliotek.
Nasjonalbiblioteket vil ha høve til å gjere digitale dokument frå Internett tilgjengelege for allmenta på nettsidene sine etter samtykke frå den som er ansvarleg for nettstaden. Dette vil først og fremst vere offisielle nettsider som høyrer til offentlege institusjonar, som til dømes regjeringa.no og stortinget.no. På same måten kan det omfatte nettsider som Nasjonalbiblioteket er bedne om å sikre, som pandemi.no, som var Helsedirektoratets informasjonssider om pandemien i 2009.
Departementet foreslår ei eiga føresegn om tilgang til materiale i det digitale nettarkivet. Bruk av pliktavlevert materiale som er opphavsrettsleg verna, skal regulerast nærare i åndsverklovgivinga.