Noregs Bank utfører viktige samfunnsoppgåver og
forvaltar store verdiar på vegner av fellesskapet. Gjennom sentralbankverksemda
skal Noregs Bank fremje stabilitet i økonomien. Målet for kapitalforvaltinga
er å få så høg avkasting som mogleg på midlane i Statens pensjonsfond utland
(SPU) innanfor rammene som dei politiske myndigheitene har fastsett.
Verksemda til Noregs Bank er regulert i lov
om Norges Bank og pengevesenet mv. (sentralbanklova) av 24. mai
1985. Lova slår fast at Noregs Bank skal vere eit utøvande og rådgivande
organ for penge-, kreditt- og valutapolitikken. Regjeringa har fastsett
eit inflasjonsmål for pengepolitikken gjennom ei forskrift til sentralbanklova. Forskrifta
seier at det operative målet for pengepolitikken skal vere ein årsvekst
i konsumprisane som over tid er nær 2,5 pst.. Banken skal skrive
ut pengesetlar og myntar, fremje eit effektivt betalingssystem innanlands
og overfor utlandet og overvake penge-, kreditt og valutamarknadene.
Etter forskrift frå oktober 2013 skal Noregs Bank òg utarbeide avgjerdsgrunnlag
og gi Finansdepartementet kvartalsvise råd om nivået på den motsykliske
kapitalbufferen i bankane.
Oppgåva Noregs Bank har med å forvalte Statens
pensjonsfond utland er regulert gjennom lov om Statens pensjonsfond
og mandat for forvaltinga av Statens pensjonsfond utland (SPU) fastsett
av Finansdepartementet.
Ein viser til meldinga for nærmare omtale.
Komiteen viser til
at Norges Banks hovedstyre leder den utøvende og rådgivende virksomheten til
banken, mens representantskapet skal føre tilsyn med bankens drift
og med at reglene for bankens virksomhet blir fulgt. Komiteen viser
til at regjeringen har lagt frem forslag til endringer i sentralbankloven
i Prop. 90 L (2014–2015) som blant annet tydeliggjør representantskapets rolle
når det gjelder etterkontroll, samt forslag om to visesentralbanksjefer
i Norges Bank. Komiteen viser til de respektive partienes merknader
om dette i finanskomiteens innstilling til Prop. 90 L (2014–2015).
Komiteen tar for øvrig omtalen
til orientering.