Bakgrunn

I dokumentet vert følgjande forslag fremma:

  • «1. Stortinget ber regjeringa arbeide for ein internasjonal bindande avtale som forbyr atomvåpen.

  • 2. Stortinget ber regjeringa fremme ei erklæring, eller eit løfte, tilsvarande det løftet Austerrike gav etter den internasjonale konferansen i Wien i desember 2014 om å arbeide for å stigmatisere, forby og avskaffe atomvåpen, også kalla «The Austrian Pledge».

  • 3. Stortinget ber regjeringa ta initiativ til og delta i ei kjernegruppe av land som kan arbeide for eit internasjonalt forbod mot atomvåpen.»