Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Hæren skal ha ein høg grad av tilgjengelegheit for nasjonal og internasjonal krisehandtering. Brigade Nord er Hæren sitt hovudelement i det mobile landforsvaret.
Ved Stortinget si handsaming av Innst. 388 S (2011–2012), jf. Prop. 73 S (2011–2012) Et forsvar for vår tid, vart det vedteke at dei mekaniserte manøverbataljonane, ein i Troms og ein i Østerdal garnison, skulle utviklast vidare og styrkjast.
Hæren sitt viktigaste våpensystem for den spisse enden er kampvogner av typen CV-90 og stridsvogner av typen Leopard 2. Begge våpensystema inngår i brigaden sine mekaniserte bataljonar. I tillegg er eigevern for å forsvare manøveravdelingane mot luftangrep eit viktig operativt element for å mogleggjere eigne landoperasjonar. Gjennom mellom anna Prop. 1 S (2014–2015) vart Stortinget orientert om to planlagde tiltak, oppgradering av eksisterande Leopard 2-stridsvogner og anskaffing av eit nytt kampluftvernsystem.
Hæren har i dag 52 stridsvogner av typen Leopard 2 A4NO som vart kjøpt brukt frå Nederland og teke i bruk frå 2003. Vognene vart gjeve ei avgrensa tilpassing til norske krav og behov. Av dei 52 vognene er 46 tekne i bruk i tråd med justert operativ struktur, medan dei siste seks vognene vert nytta som delevogner.
Stridsvognene som kom frå Nederland vart bygd tidleg på 1980-tallet og er ikkje oppgradert seinare, med unntak av den avgrensa tilpassinga til norske krav og behov.
Hæren sine Leopard 2 A4NO vil utan oppgradering i utgangspunktet nå sin tekniske levealder innan 2020.
Hovudkampsystemet Leopard 2 er ein føresetnad for dei mekaniserte kampbataljonane sin stridseffektivitet gjennom ein kombinasjon av mobilitet, vern og eldkraft.
Det er gjennomførd ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med retningslinene for store statlege investeringar.
Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 2 680 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetjing for usikkerheit. I tillegg kjem det gjennomføringskostnadar for prosjektet på om lag 38 mill. kroner.
Hæren har i dag ikkje noko luftvern, og difor heller ingen kapasitet til å gje direkte luftvernstøtte til brigaden sine manøveravdelingar i bevegeleg strid. Naudsynt lokal kontroll i lufta er ein føresetnad for å lukkast i strid.
Prosjektet skal etablera eit kampluftvernbatteri i Hæren, og vil mellom anna bruka opp att eksisterande og allereie innarbeidde løysingar i Forsvaret.
Korthaldsluftvernet skal operera IRIS-T-missilar som vert overførde frå Luftforsvaret, medan luftvern for middelslang rekkjevidde vil operera eit NASAMS-system med AMRAAM-missilar – også dei overførde frå Luftforsvaret. Totalt sett gjev dette eit godt luftvern for brigaden sine operasjonsområde. Kostnadane for kjøp av eldleiing, systemdesign og produksjon av korthaldsluftverneiningane svarar for meir enn helvta av totalkostnaden for prosjektet. Den andre store kostnaden i prosjektet er kjøp av pansra køyrety.
Det er gjennomførd ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med retningslinene for store statlege investeringar.
Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 900 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetjing for usikkerheit. I tillegg kjem det gjennomføringskostnadar for prosjektet på om lag 30 mill. kroner.
Dei seks ubåtane i Ula-klassen vart tekne i bruk av Forsvaret i perioden 1989–1992. Ubåtane har ein teknisk levealder som er berekna til om lag 30 år. Føremålet med pågåande prosjekt 6345 er å betra tryggleiken om bord på fartya, og sikra at Ula-klassen vert halden operativ fram mot 2020.
Det er gjort omfattande vurderingar av den tekniske tilstanden på fartya i Ula-klassen. Konklusjonen er at ubåtane kan haldast teknisk tilgjengelege fram mot perioden 2025–2028. Det vil krevja at det vert utførd oppdateringar, utskifting av ukurante delar og anskaffing av fleire reservedelar til systema om bord.
For å handsame denne oppdateringa er det etablert eit prosjekt Mellomløysing Ula-klassen.
Prosjektet inneber ei naudsynt oppdatering av fire av dagens seks Ula-klasse-ubåtar. Dette inneber at det frå 2022 vil vera fire Ula-klasse ubåtar i drift.
Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 529 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetjing for usikkerheit. I tillegg kjem det gjennomføringskostnadar for prosjektet på om lag 27 mill. kroner.