Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Gjennom nye utgreiingar har ein funne at kostnadane for nokre av tiltaka for å etablera den nye kampflybasen er høgare enn kostnadane som var lagde til grunn i baseutgreiinga frå 2011
Til dømes ser ein i prosjekteringa av spesialbygga for F-35-flya at kvadratmeterprisen vil verta nærast dobbelt så høg som det ein la til grunn i 2011.
Den venta kostnaden på 5 203 mill. kroner (2015) som Stortinget allereie er orientert om, vil framleis dekkje dei fleste av dei nye behova knytte til baseløysinga for F-35. Etablering av nytt ammunisjonslager og kostnadar for å betra støyisoleringa av eigne bygningar inne på Ørland hovudflystasjon kan likevel ikkje lengre realiserast innanfor dei opphavlege føresetnadane for baseløysinga, og er venta å føra med seg ein kostnad på rundt 460 mill. kroner utover den opphavlege utrekna kostnaden for baseløysinga. Det same forholdet gjer seg òg gjeldande for investeringar i bustadar og kvarter for befal og vernepliktige mannskap på basen, som òg er venta å kome på om lag 460 mill. kroner.
Samla vil etableringa av F-35-basen på Ørland og omstillinga av Luftforsvaret krevje EBA-investeringar for om lag 920 mill. kroner utover den opphavlege kostnaden for baseløysinga. Det er i tillegg til dette framleis noko uvisse knytt til kostnadar rundt trygging av basen og tryggingsnivået til garasjane som skal nyttast for F-35-flya.
Det er i tillegg til behovet for nyinvesteringar identifisert eit stort behov for å fornya mange av dei eksisterande bygningane på Ørland. Det var venta at denne fornyinga ville kosta 3 904 mill. kroner (2011-kroner).
Gjennom inspeksjonar av bygningane på Ørland har ein funne ut at desse er i dårlegare stand enn det som vart lagt til grunn i 2011. Samla har ein funne behov for å gjennomføra fornyingstiltak for om lag 2 510 mill. kroner i perioden frå 2015 til 2027.
Dei identifiserte behova for å auka investeringane knytte til realiseringa av kampflybasen og naudsynte fornyingstiltak på Ørland, vil verta dekte over Forsvarsdepartementet sine budsjettpostar.
Ørland hovudflystasjon skal tene både sivil og militær lufttrafikk. Lengda på hovudrullebanen skal tilfredsstille nasjonale behov knytte til å utføra styrkeproduksjon med F-16 og dei nye F-35-flya, og NATO sitt operative krav til banelengde for overvakingsflyet AWACS.
Lengda på den eksisterande rullebanen på Ørland hovudflystasjon er 2 714 meter. For at Ørland hovudflystasjon skal tilfredsstilla nasjonale styrke-produksjonsbehov og NATO sitt operative krav til banelengde for ein AWACS-base, er det behov for å forlenga rullebanen. I tillegg er det behov for å gjennomføra omfattande fornyingstiltak relatert til banelys og toppdekke på den eksisterande rullebanen.
Regjeringa vil kome attende til Stortinget hausten 2015 med meir informasjon om saka.
Prosjektet omfattar levering av 14 NH90-helikopter til Kystvakta og fregattane. Helikoptra skulle ha vore leverte i perioden 2005–2008, men leveransane er svært forseinka. Forsvaret har per april 2015 teke imot totalt fem NH90-helikopter. Det er venta at leverandøren leverer det sjette helikopteret i løpet av hausten 2015 og samstundes utbetrar manglane på dei fem tidlegare leverte helikoptra.
Desse seks helikoptra gjev ein initiell operativ kapasitet til Kystvakta.
Frå januar i år har det vore mogeleg å nytta NH90 til avgrensa kystvaktoperasjonar frå land. Frå medio 2015 skal ein kunne operera helikoptra frå kystvaktfarty. Samstundes skal ein til hausten starta utprøvinga av helikoptra på fregattane.
Leveransane av den endelege versjonen, med opptil fire helikopter i året, vil gå føre seg i tidsromet 2017–2020.
Kostnadsramma for prosjekt Einskapshelikopter til Forsvaret er 6 878 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetting for usikkerheit.
Ubåtar er ein sentral militær kapasitet for Noreg. Gjennom evne til å operera skjult, kombinert med stor slagkraft, bidreg ubåtar i stort monn til Forsvaret si avskrekkande effekt. For ein maritim nasjon som Noreg, er ubåtar ein av dei viktigaste kapasitetane i vårt forsvar.
Våre seks Ula-klasse-ubåtar vart fasa inn i Forsvaret i perioden 1989–1992, med ei forventa teknisk levetid på 30 år, det vil seie til tidleg på 2020-talet. Ved pågåande oppdaterings- og oppgraderingsprosjekt, samt planlagt oppkjøp av kritiske reservedelar, legg Forsvarsdepartementet til grunn at Ula-klassen vil kunne haldast operativ til rundt midten av 2020-talet, med utfasing av siste farty rundt 2028.
Regjeringa gjorde hausten 2014 eit konseptval med omsyn til vidareføring av norsk ubåtkapasitet. Av alternativa nyskaffing av ein ny ubåtklasse og levetidsforlenging av dagens Ula-klasse, var nyskaffing det klårt beste alternativet. Nye ubåtar, til erstatning for Ula-klassen når den har passert 35 års teneste, vil sikra at Noreg har ein relevant ubåtkapasitet for framtida. Ei levetidsforlenging ville vore hefta med stor risiko og usikkerheit.
Prosjektet for framtidig ubåtkapasitet er no i definisjonsfasen. Ei framskaffingsløysing vil, etter planen, bli ferdigstilt i løpet av 2016. Eit eventuelt investeringsprosjekt vil deretter bli fremja for Stortinget.
Nye ubåtar vil måtte skaffast frå utlandet då Noreg sjølv ikkje har verftsindustri med kompetanse eller tradisjonar for å byggja ubåtar. Valet av leverandørar og industrielle samarbeidspartnarar vil i alle høve ta utgangspunkt i Forsvaret sitt behov, og i forholdet mellom pris og kvalitet. Norsk industri har betydeleg kompetanse på enkelte delsystem til ubåtar. Det vil difor vere naturleg at kvalifisert norsk industri vurderast for eigna roller i ei framtidig ubåtframskaffing, til dømes som leverandørar av delsystem.
Tida frå kontrakt til fyrste leveranse frå ein byggeserie med ubåtar er minst sju år, og den totale leveransen vil strekkja seg over minst eit tiår. Dette inneber at eit prosjekt må verta vedteke, kontraktforhandla og sett i verk i tide slik at ein får ei erstatning på plass før alle Ula-klasse-ubåtane er utfasa. Dette er ein føresetnad for at Noreg skal ha ein kontinuerlig ubåtkapasitet.
Regjeringa vil ta stilling til ambisjonsnivået for ubåtkapasiteten, inkludert talet på ubåtar, utrusting og operasjonskonsept, etter at definisjonsfasen i prosjektet er gjennomførd. Stortinget vil få presentert ambisjonsnivået når prosjektet eventuelt skal leggjast fram. Regjeringa vil kome attende til Stortinget med meir informasjon om prosjektet på eit eigna tidspunkt.
Forsvaret må kontinuerleg kunne overvaka norsk luftrom og tilstøytande område. Luftromsovervaking er ein viktig føresetnad for kontroll med, og hevding av, suverenitet i norsk luftrom. For å kunne møta dei operative utfordringane i framtida og ivareta ein effektiv utnytting av vårt kampflyvåpen, er det naudsynt å oppretthalda ein moderne og oppdatert sensorstruktur.
Store delar av dagens sensorstruktur for militær luftromsovervaking må fornyast for å møta framtida sine operative utfordringar. Det vil være naudsynt å gjennomføra enkelte oppdateringar og kjøp av kritiske reservedelar for å kunne halda dagens radarsystem operativt til 2024–2026.
Regjeringa gjorde hausten 2014 eit konseptval med omsyn til vidareføring av ein kapasitet til militær luftromsovervaking. Av alternativa som blei vurderte, var ei vidareføring av eit bakkebasert radarkonsept det klårt beste alternativet.
Prosjektet for nye sensorar for militær luftromsovervaking er no i definisjonsfasen. Ei framskaffingsløysing vil etter planen bli ferdigstilt i 2016. For å kunne møte dei operative utfordringane i framtida, samt ivareta ei effektiv utnytting av vårt kampflyvåpen, vil val av teknologi bli gjort i tett samarbeid med Forsvarets forskingsinstitutt. Der industrien kan kome med nyttige bidrag, vil han bli spurd til råds.
Regjeringa vil ta stilling til ambisjonsnivået for sensorkapasiteten, inkludert talet på og type sensorar, plassering og moglegheiter for eit eventuelt samarbeid, etter at definisjonsfasen er gjennomført. Stortinget vil få presentert ambisjonsnivået når prosjektet eventuelt vert lagt fram. Regjeringa vil kome attende til Stortinget med meir informasjon om prosjektet på eit eigna tidspunkt.