Komiteen har for øvrig ingen
merknader, viser til proposisjonen og råder Stortinget til å gjøre følgende
vedtak:
A
vedtak til lov
om endringer i privatskolelova mv.
(nytt navn på loven, nye godkjenningsgrunnlag m.m.)
I
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til
statstilskot gjøres følgende endringer:Tittelen på loven skal lyde:Lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar
(friskolelova)
§ 1-1 første ledd skal lyde:
Formålet med denne lova er å medverke til at det kan opprettast
og drivast frittståande skolar, slik at foreldre
og elevar kan velje andre skolar enn dei offentlege, jf. menneskerettsloven
§ 2 nr. 2.
§ 1-2 første ledd skal lyde:
Lova gjeld godkjenning med rett til statstilskot for frittståande grunnskolar
og frittståande vidaregåande skolar, og vilkår
for å få slikt tilskot.
§ 2-1 skal lyde:
§ 2-1 Godkjenning av skolar
Departementet kan godkjenne frittståande skolar og
driftsendringar ved godkjende frittståande skolar. Departementet
kan godkjenne at ein grunnskole flyttar verksemda si til ein annan
kommune eller at ein vidaregåande skole flyttar verksemda si til
ein annan fylkeskommune. Ein skole skal ikkje få godkjenning dersom
etableringa vil medføre negative konsekvensar for det offentlege
skoletilbodet, eller andre særlege grunnar tilseier at skolen ikkje
bør godkjennast. Vertskommunen eller vertsfylket skal få
høve til å gi fråsegn før departementet gjer vedtak i
saka, og dei kan klage på departementet sitt
vedtak. Godkjende skolar har rett til statstilskot etter § 6-1 og
til å drive verksemd etter lova.
Skolane skal drive verksemda si på følgjande grunnlag:
a) livssyn
b) anerkjend pedagogisk retning
c) internasjonalt
d) særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon
med toppidrett
e) norsk grunnskoleopplæring i utlandet
f) særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma
g) vidaregåande opplæring i små og verneverdige handverksfag
h) vidaregåande opplæring i yrkesfaglege utdanningsprogram
i) særskilt profil
Med særskild tilrettelagt vidaregåande opplæring
i kombinasjon med toppidrett etter andre ledd bokstav d, er det
i denne samanhengen meint årstimetalet for utdanningsprogram idrettsfag
eller årstimetalet for utdanningsprogram studiespesialisering med
tillegg av 140 årstimar toppidrett på vidaregåande trinn 1. Toppidrett
på første årstrinn i vidaregåande opplæring kan vere programfaget
toppidrett eller toppidrett etter eigen læreplan som er godkjend av
departementet. Skolane må tilby toppidrett som eit programfag på
vidaregåande trinn 2 og 3.
Opplæringa skal vere på norsk eller samisk. Dette kravet
gjeld likevel ikkje internasjonale skolar. Viktige dokument om verksemda
etter lova skal i alle høve vere tilgjengelege på norsk eller samisk.
Godkjenninga fell bort dersom ein skole ikkje startar opp
verksemda si etter lova i løpet av tre skoleår etter at godkjenning
vart gitt. Det same gjeld om drifta etter lova blir nedlagd.
Krava i andre ledd om eit særskilt grunnlag gjeld likevel
ikkje allereie godkjende skolar som var i drift innan utgangen av
2007. Departementet kan berre godkjenne nødvendige driftsendringar
ved skolar som ikkje oppfyller krava i andre ledd.
Departementet kan i forskrift fastsetje fristar i samband
med søknader om godkjenning av frittståande skolar.
§ 2-2 første og annet ledd skal lyde:
Skolen kan ikkje drive eller eige anna
verksemd enn skole i samsvar med denne lova. Departementet kan gi
forskrift eller fastsetje enkeltvedtak som tillet at skolane kan
drive eller eige tilleggsverksemd som er nært knytt til
skoleverksemda, og som utgjer ein mindre del av den totale verksemda. Departementet kan
gi forskrift eller fastsetje enkeltvedtak om bruk av inntekter frå
skoleverksemd og tillate tilleggsverksemd.
Skolen må vere registrert i Einingsregisteret, jf. enhetsregisterloven,
eller i tilsvarande register, før det blir søkt om godkjenning.
Skolen må seinast til same tid dokumentere at han har ein innskotskapital på
minimum kroner 100 000.
§ 3-1 første ledd skal lyde:
Skolane skal ha heile landet som inntaksområde. Dei skal
stå opne for alle som fyller vilkåra for inntak i offentlege skolar,
jf. opplæringslova §§ 2-1 tredje ledd og 3-1 første ledd. Dette
gjeld òg skolar i utlandet og internasjonale skolar i Noreg. Skolane
kan reservere eit avgrensa tal på elevplassar til søkjarar som kjem
etter hovudinntaket.
§ 3-1 femte ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om inntak av ungdom
og vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring, inntak
av vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring og om inntak
av utanlandske søkjarar.
§ 3-5 femte ledd skal lyde:
Frittståande skolar kan organisere særskilt
opplæringstilbod for nykomne elevar i eigne grupper eller klassar
når det ligg føre vedtak frå kommunen eller fylkeskommunen om slik
organisering, og om at den private skolen kan gi slikt opplæringstilbod. Frittståande
skolar som vil gi enkeltelevar slikt opplæringstilbod,
må gi kommunen eller fylkeskommunen den informasjon som er nødvendig
for å opplyse saka før denne gjer vedtak etter opplæringslova §§ 2-8
femte ledd eller 3-12 femte ledd.
§ 4-2 tredje og nye fjerde og femte ledd skal lyde:
For undervisningspersonalet ved skolar som er godkjende
med alternative læreplanar, kan departementet også godkjenne alternative
kompetansekrav til dei krava som følgjer av opplæringslova §§ 10-1 og
10-2 med tilhøyrande forskrift.
Departementet kan gi forskrift om krav til kompetanse
i tillegg til krava i første og andre ledd.
Departementet kan gi forskrift om at det ikkje skal
stillast krav om relevant kompetanse i enkelte fag.
§ 6-3 annet ledd og nytt tredje ledd skal lyde:
Departementet kan gi nærare forskrift om forbod mot utbytte
eller anna overføring som nemnt i første ledd.
Departementet kan gi forskrift om korleis skolane
skal dokumentere at første ledd er oppfylt og skolane si plikt til
å godtgjere at innkjøp og leige er gjort på grunnlag av vilkåra
i marknaden.
§ 6-4 skal lyde:
§ 6-4 Statstilskot til kompletterande
undervisning
Til statsborgarar i Noreg eller ein annan EØS-stat som
er elevar ved grunnskole i utlandet, og som ikkje er
elevar ved skole som er godkjend etter lova her, kan det givast
tilskot til kompletterande undervisning. Departementet kan gi nærare
forskrift.
§ 7-2 første ledd skal lyde:
Departementet fører tilsyn med skolar godkjende etter denne
lova og skal i den samanheng ha tilgjenge til skoleanlegg og dokumentasjon. Dersom
departementet i samband med gjennomføring av tilsyn har behov for
dokumentasjon frå eigaren av skolen eller nærståande av eigaren,
skal departementet også ha tilgjenge til slik dokumentasjon. Departementet
sin rett til dokumentasjon gjeld utan hinder av teieplikt.
§ 7-2 a nytt fjerde ledd skal lyde:
Ved bruken av reglane i første og andre ledd skal det
leggjast vekt på dei verdiane som følgjer av § 1-1 andre ledd.
Ny § 7-2 b skal lyde:
§ 7-2 b Karantene
Dersom det ved ein skole blir oppdaga særleg alvorlege
forhold i strid med denne lova, i strid med forskrifter gitt med
heimel i lova, eller i strid med føresetnadene for godkjenninga,
og brota klart svekker tilliten til at skolen eller den ansvarlege
personen er eigna til å drive skole i samsvar med regelverket, kan departementet
påleggje karantene retta mot skolen eller personen.
Karantene kan berre påleggjast personar som har
opptredd forsettleg eller aktlaust. Karantene kan berre påleggjast
personar i sentrale stillingar ved skolen. Med sentrale stillingar
er meint medlem og varamedlem i styret, eigar, rektor, skoleleiar,
dagleg leiar og andre leiande posisjonar ved skolen.
At ein skole er pålagt karantene inneber at den juridiske
eininga som skolen er registrert som, ikkje kan søkje ny godkjenning
eller driftsendringar i karanteneperioden. Personar som er pålagt
karantene, kan i karanteneperioden ikkje tiltre sentrale stillingar
ved godkjende skolar eller skolar som søker godkjenning.
Karantene gjeld som hovudregel i to år frå vedtaket
blir treft. Dersom det ligg føre særlege forhold, kan det bli pålagt
karantene for kortare eller lengre tidsrom, men ikkje lengre enn
fire år.
§ 8-1 nytt tredje ledd skal lyde:
For skolar som tilbyr særskilt tilrettelagd vidaregåande
opplæring i kombinasjon med toppidrett, jf. § 2-1 andre ledd bokstav
d, og som var godkjende og i drift då lova tok til å gjelde, gjeld
§ 2-1 tredje ledd frå 1. august 2020.
II
I lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den
vidaregåande opplæringa skal § 1-2 annet ledd lyde:
Lova gjeld også for grunnskoleopplæring
i private grunnskolar som ikkje får statstilskott etter friskolelova,
og for privat heimeopplæring i grunnskolen.
III
Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer. Kongen
kan sette i kraft de enkelte bestemmelsene til forskjellig tid.
B
I
Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget
med forslag til hvordan en kan sikre rekrutteringen til de små og
verneverdige håndverksfagene og finansiering av disse utdanningene.
II
Stortinget ber regjeringen utrede krav om at hoveddelen
av det pedagogiske personalet må være ansatt i skolen, og komme
tilbake til Stortinget på egnet måte.
III
Stortinget ber regjeringen utrede et lovfestet krav
om en ikke-kommersiell formålsbestemmelse i friskolenes vedtekter
og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.