Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Den strategiske planen har ein tidshorisont på fire år. I tillegg blir det utarbeidd årlege verksemdsplanar, som av omsyn til revisjonssyklusen i rekneskapsrevisjonen gjeld frå 1. mai til 30. april.
Til dei strategiske måla er det utforma operasjonelle mål som konkretiserer ambisjonane for perioden. Det er også utarbeidd eit sett av resultatindikatorar knytte til de strategiske måla. Overvaking av resultatindikatorane er eit styringsverktøy for leiinga for å identifisere behov for intern kvalitetsforbetring.
Indikatorane gir nyttig bakgrunnsinformasjon ved dei årlege risikovurderingane av operasjonelle mål og såleis også ved vurderinga av nødvendige utviklingstiltak i dei årlege verksemdsplanane.
I verksemdsplanane blir prioriterte revisjonsoppgåver nedfelte ut frå ei overordna vurdering av risiko innan kvart av departementa og på tvers av departementa. Dette utgjer den viktigaste delen av verksemdsplanen. I tillegg inneheld planen styringssignal til avdelingane og ein nærmare omtale av prioriterte utviklingstiltak for å sikre ein så effektiv og god revisjon som mogleg.
Riksrevisjonen bruker eit elektronisk styringsinformasjonssystem til å fordele og rapportere forbruk av ressursar til oppgåver av både revisjonsfagleg og administrativ art på årleg basis. Erfaringstal gir også grunnlag for meir treffsikre ressursanslag ved framtidig planlegging.
Risikovurderinga av dei operasjonelle måla blei oppdaterte i januar 2014 etter ein prosess i dei enkelte avdelingane og i tenestemannsorganisasjonane. Risikoen for desse fire operasjonelle måla blei vurdert som kritisk:
Riksrevisjonen prioriterer revisjonsoppgåvene og ressursbruken etter ei heilskapleg vurdering av risiko og kva som er viktig, på tvers av departementsområda.
Riksrevisjonen gjennomfører revisjon og rettleiing med høg fagleg kvalitet og i tråd med lov, instruks og internasjonale standardar.
Riksrevisjonen tar tydelege strategiske avgjerder og sikrar gjennomføring i organisasjonen.
Riksrevisjonen legg vekt på god fagleg leiing som gir meirverdi og kvalitet i oppgåveløysinga.
Primæroppgåvene til Riksrevisjonen blei gitt høgaste prioritet også i verksemdsplanen for 2014–2015. I tillegg blei desse tiltaka sette i verk:
Arbeid med verksemdsarkitektur
Nye lokale for hovudkontoret
Forenkle og effektivisere oppgåver, prosessar og rutinar
Kultur- og organisasjonsutvikling
Forbetre rutinar for formidling og oppfølging av strategiske avgjerder
Andre utviklingstiltak
Riksrevisjonen etablerte i 2011 eit enkelt miljøleiingssystem.
Riksrevisjonen er nøgd med at energibruken har gått ned med 11,4 prosent. Det indikerer at tiltaka som er sette i verk, fungerer som venta. Kjeldesorteringsgraden har ein reduksjon på 2 prosentpoeng. Flytting av kontor under omorganiseringa i 2014 verka inn på avfallssorteringa. Avfallsmengda var på over 6 tonn meir enn i 2013.
Talet på videokonferansar har auka mykje frå 2013. Bruken av digitale løysingar har auka.
Riksrevisjonen er med på den statlege ordninga med kjøp av klimakvotar. Direktoratet for økonomistyring (DFØ) registrerer og rapporterer om klimakvotar for flyreiser.
Det har vært mindre reiser innanlands, medan talet på utanlandsreiser utanfor Europa har auka.
Det er eit overordna tryggleiksmål at all informasjonsbehandling skal utførast i tråd med lovpålagde krav og på ein slik måte at tilliten til Riksrevisjonen ikkje blir svekt. Tryggleikstilstanden i Riksrevisjonen blir oppfatta som tilfredsstillande.
Riksrevisjonen har ein eigen tryggleiksleiar som får bistand av eit rådgivande organ – Sikkerhetsforumet. Det var fire møte i dette forumet i 2014.
I 2014 blei trusselvurderinga for Riksrevisjonen oppdatert. Vurderinga skal liggje til grunn for risikovurderingar av interne ikt-system og utgjere grunnlaget for å identifisere aktuelle generelle tryggingstiltak. På grunnlag av vurderinga i år er det innført grenser for til kva land det er lov å ta med utstyr som kan koplast til nettet til Riksrevisjonen. Trafikken ut og inn av Riksrevisjonen blir overvaka etter avtale av NorCERT, og Riksrevisjonen blei i 2014 med som deltakar i NSMs prosjekt «Allvis» for å betre tryggleiken. Vi ser det framleis som viktig å gjennomføre bevisstgjerings- og opplæringstiltak, og Riksrevisjonen deltok mellom anna i Nasjonal tryggleiksmånad i 2014. Riksrevisjonen blir halden oppdatert om aktuelle tryggleiksspørsmål ved å delta på konferansar og seminar, mellom anna i regi av NSM og NORSIS, og ved jamleg kontakt med og mottak av informasjon frå tryggleiksstyresmaktene.