Sammendrag

Det vises til Prop. 1 S (2015–2016) for omtale av norsk svalbardpolitikk og nærmare omtale av «Forslag til svalbardbudsjett for 2016» samt «Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet».

Svalbard omfattar alle øyar, holmar og skjer mellom 10 og 35 grader austleg lengd og 74 og 81 grader nordleg breidd. Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 anerkjenner norsk suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser på øygruppa.

Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse midla skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.

Justis- og beredskapsdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er mellom anna verksemd på Svalbard underlagt Justis- og beredskapsdepartementet, og verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Regjeringa arbeider for tida med ei melding til Stortinget om Svalbard. Denne skal leggjast fram for Stortinget i 2016. Meldinga vil innehalde ein heilskapleg gjennomgang og vurdering av norsk svalbardpolitikk.

Regjeringas forslag til budsjettramme på svalbardbudsjettet for 2016 er 450 905 000 kroner. Dette er 33 013 000 kroner, eller 7,9 prosent meir i forhold til vedtatt budsjett for 2015.