1. Sammendrag

1.1 Innleiing

I proposisjonen vert det fremja forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt enkelte av inntektene for 2015.

Dei reviderte anslaga for folketrygdas utgifter og inntekter i 2015 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2015.

Det vert fremja forslag om å auke løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål utanom lånetransaksjonar med 98 mill. kroner, å auke løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 75,3 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 193 mill. kroner. Samla gjer Arbeids- og sosialdepartementet framlegg om at løyvingane under utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar er nedsett med om lag 19,7 mill. kroner.

Det vert fremja å redusere løyvinga for inntekter utanom lånetransaksjonar under inntektskapitla med om lag 32 mill. kroner.