Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Ansvaret for kompetanseteamet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting blei overført frå IMDi til Bufdir 1. september 2015. BLD føreslår på denne bakgrunn å flytte 1,4 mill. kroner frå IMDis driftspost kap. 820 post 1, til Bufdirs driftspost kap. 858 post 1. Midlane skal dekkje utgifter til kompetanseteamet og til heimreise til Noreg ved tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unges fridom.
BLD føreslår i proposisjonen å redusere kap. 820 post 1 med 1,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 858 post 1.
Målet med integreringstilskotet er å medverke til rask busetjing.
Behovet i 2015 blir anslått å auke med 320,3 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Hovudårsaka er auka anslag for talet på busette i 2015.
BLD føreslår i proposisjonen å auke løyvinga på kap. 821 post 60 med 320,3 mill. kroner.
Kommunar som buset einslege mindreårige flyktningar mottek eit særskilt tilskot. Tilskotet kjem i tillegg til det ordinære integreringstilskotet.
Behovet i 2015 blir anslått å auke med 10,5 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Årsaka til auken er fleire personar i målgruppa for tilskot i 2015 enn tidlegare lagt til grunn.
BLD føreslår i proposisjonen å auke kap. 821 post 61 med 10,5 mill. kroner.
Løyvinga til forsøket med gratis kjernetid var totalt på 140,9 mill. kroner i saldert budsjett 2015. 51 mill. kroner blei overført til kommunenes rammetilskot på kap. 571 post 60 i revidert nasjonalbudsjett 2015 for å dekkje innføringa av den nye nasjonale ordninga med gratis kjernetid i barnehage for fire- og femåringar for familiar med låg inntekt frå 1. august 2015. Dei resterande 89,9 mill. kronene skulle i 2015 bli nytta til forsøk og utviklingsprosjekt med rekruttering av barn til barnehage og med aktivitetar for foreldre i Oslo, Drammen og Bergen. Kommunane har søkt om eit lågare beløp til dette for andre halvår 2015.
BLD føreslår på denne bakgrunn å redusere kap. 821 post 62 med 6,5 mill. kroner. BLD føreslår å nytte 0,4 mill. kroner til å dekkje meirbehov på kap. 868 post 1, jf. omtale under denne posten.
Nokre utgifter knytte til busetjing av overføringsflyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Løyvinga på posten er anslått redusert med 21,4 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Hovudårsaka til endringa er anslått reduksjon i talet på busette overføringsflyktningar i 2015.
BLD føreslår i proposisjonen å redusere kap. 3821 post 1 med 21,4 mill. kroner.
Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Løyvinga på posten er anslått å auke med 0,6 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Hovudårsaka er ein auke i prognosen for busetjing av einslege mindreårige flyktningar i 2015.
BLD føreslår i proposisjonen å auke kap. 3821 post 2 med 0,6 mill. kroner.
Behovet i 2015 er anslått å auke med 264,9 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Hovudårsaka er ein auke i målgruppa for norskopplæring for asylsøkarar i mottak. Det er også eit meirbehov knytt til ei ekstra utbetaling av tilskot basert på registreringar frå nytt Nasjonalt introduksjonsregister (NIR).
BLD føreslår i proposisjonen å auke kap. 822 post 60 med 264,9 mill. kroner.
Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Løyvinga på posten er anslått å auke med 182,5 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Hovudårsaka er ein auke i prognosen for målgruppa for norskopplæring for asylsøkjarar i mottak.
BLD føreslår å auke kap. 3822 post 1 med 182,5 mill. kroner.